Leirvik AS startar no med konseptfasen for Grøttabrua – Noregs første køyrebru i aluminium på nesten 30 år. Dette er det første leddet i ein FoU-kontrakt (Forsking- og utvikling) med Møre og Romsdal Fylkeskommune. Denne nyskapande brua vil vere ei nyvinning og ein viktig forbindelse for lokalsamfunnet.
Grøttabrua er lokalisert i Isfjorden ved Åndalsnes i Møre og Romsdal. Den eksisterande brua treng utskifting, og Møre og Romsdal fylkeskommune har teke eit nyskapande grep ved å planleggje å byggje den nye brua i aluminium. Prosjektet er ein FoU-avtale der Leirvik AS skal utvikle nye profilar og løysingar for generisk, effektiv og optimalisert modulfabrikasjon, mellom anna ved bruk av automatisering og robotisering. Dette vil bidra til å levere rimelegare og standardiserte aluminiumsbruer i framtida. Brua vil ha eit spenn på om lag 25 meter og to køyrefelt.
Aluminium som byggemateriale
Dette prosjektet vil vere Noregs første køyrebru i aluminium sidan Forsmo bru i 1995, som òg Leirvik AS bygde. Aluminium har tidlegare ikkje vore vanleg som byggemateriale for bruer, men det gir fleire fordelar, som at metallet er korrosjonsbestandig utan behov for maling, eit lett materiale og har eineståande styrke-vekt-forhold. Aluminium er 100 % resirkulerbart, kan gjenvinnast og utformast i ulike profilar, noko som gir moglegheit til å oppnå same styrke som stål og betong, samtidig som konstruksjonen blir mykje lettare. Dette gir òg fordeler ved at brua vil krevje minimalt med vedlikehald. Det er svært berekraftig i eit livsløpsperspektiv. Til denne brua vil Leirvik AS, saman med Hydro, levere norskprodusert aluminium med så høg resirkuleringsgrad og lågt klimautslepp som mogleg.
– Me er stolte av å vise denne nyvinninga i norsk bruindustri ved å bygge landets første aluminiumsbru på nesten 30 år. Dette prosjektet er eit bevis på vår forplikting til innovasjon og berekraft, seier Helge Gjøsæter, CEO i Leirvik AS.
Lang erfaring med bruk av aluminium
Leirvik AS har lang erfaring med bygging av store konstruksjonar i aluminium, der hovudtyngda av kompetansen har vore mot bygging av store bustadmodular til offshore. 13.mai 2024 vart ein merkedag for verksemda, då det var byggestart av Hangarbrua, ei 55 meter lang sykkel- og gangbru i aluminium. Brua skal leverast til Leangen stasjon i Trondheim, med byggherre Statens vegvesen, sommaren 2025. Hangarbrua skal nytte 20 tonn resirkulert aluminium frå den demolerte og resirkulerte offshoreplattforma Gyda. Leirvik AS vil streve etter å bruke så mykje resirkulert materiale som mogleg i konstruksjonen av det nye prosjektet – Grøttabrua.
Vegen vidare
Grøttabrua skal no prosjekterast av Leirvik AS og underleverandør Dr.Techn. Olav Olsen. Prosjektering av veg og landkar blir utført av Multiconsult gjennom rammeavtale direkte med Møre og Romsdal fylkeskommune. Forventa byggestart for aluminiumsbrua er vinteren 2025/2026 og ferdigstilling i 2026/2027. Leirvik AS ser fram til å bidra til eit moderne, vedlikehaldsfritt og miljøvenleg vegnett gjennom dette spanande prosjektet.
For meir informasjon, venlegast kontakt:
CEO Helge Gjøsæter, Telefon: 915 71 259