Lærlingprogram på Leirvik AS

Er du klar for ein spennande start på karrieren?

Hos Leirvik AS ynskjer me å gje deg ei dynamisk og rik læretid. Med ei lang historie innan bygging av store aluminiumskonstruksjonar offshore, jobbar me no mot nye spennande marknadsområde: Infrastruktur og Akvakultur. Vår erfaring innan bransjen gir eit solid fundament for innovasjon og framtidsretta vekst.

Les meir om vår historie her.

I tråd med visjonen vår om å vere leiande innan vårt felt, investerer me tungt i digitalisering og moderne produksjonsmetodar. Vår splitter nye maskinpark med avansert teknologi som plasmakuttar, vasskuttar, sveiserobot og meir, gir ikkje berre effektiv produksjon og tryggare arbeidsdag, men også eit miljø for læring og utvikling.

Me trur på å forme ikkje berre dyktige fagfolk, men òg framtidsretta innovatørar. Hos oss vil du ikkje berre få erfaring med tradisjonell ekspertise innan aluminiumskonstruksjonar, men òg bli ein del av eit miljø som omfavnar nyskapande teknologi og digital framgang.

Me legg stor vekt på å tilby deg ikkje berre ei læretid, men ein veg mot ekspertise innan ditt fagområde. Ved fullføring av læretida hjå oss, vil du sitje att med solid kompetanse og moglegheita til å søkje om fast ansettelse hjå Leirvik AS – ei bedrift som kombinerer historisk ekspertise med blikket retta mot framtida.

Bli ein del av Leirvik AS og ta det første steget mot ein spennande karriere i ei verksemd som foreinar tradisjon og innovasjon!

Hovudopptaket har frist 1. mars, men me er opne for søknadar om læreplass gjennom heile året.
Søk læreplass her.

Våre lærefag

Hovudopptaket har frist 1. mars, men me er opne for søknadar om læreplass gjennom heile året.
Send oss gjerne ein mail om du søkjer utanfor hovudopptaket.

Kva skjer etter at du har søkt læreplass?

Du har no sendt inn søknad om læreplass via denne nettsida, og inkludert alle relevante dokument som CV, karakterutskrifter og sertifikat.

Søknaden mottatt

Søknaden er no mottatt, og vil du få ein bekreftelse på dette frå Ytre Sunnhordland Opplæring.

Innkalling til intervju

Leirvik AS tar kontakt med aktuelle kandidater for intervju, for å avtale tidspunkt

Intervju

Under intervjuet vil du møte ansvarleg for lærlingar, samt ein av våre tilsette som jobber innan det aktuelle fagområdet du har søkt lærlingplass på.  

Vurdering av kandidatar

Etter avslutta intervjurunde vert tilbodsbrev sende ut frå midten av mars og vidare. Kandidatar som ikkje går vidare i dei ulike stega, vil få løpande informasjon gjennom heile rekrutteringsprosessen.

Første arbeidsdag

Velkomen til oss!
Kontrakten signert, og du har no første arbeidsdag på Leirvik AS. Denne dagen møter du opp til avtalt tidspunkt, og møter dine lærlingkollegaer, frå ein grundig gjennomgang av HMSK hos Leirvik AS og startar din karriereveg mot å bli fagperson.

Spørsmål?

Har no nokre spørsmål, eller ynskjer å besøke oss? Kontakt vår lærlingansvarlege; Morten Blikra Valvatna.
morten.blikra.valvatna@leirvik.com