Sponsorstøtte

Leirvik AS har lang tradisjon for å gje tilbake til samfunnet gjennom støtte til ulike lag, organisasjonar og foreiningar som driv med kultur, idrett og aktivitet.

Kriterium for støtte
Sponsorstøtte blir delt ut i nærmiljøet rundt Leirvik AS, og me ønskjer å prioritere støtte til dei som deler vårt verdigrunnlag.
Me ønskjer ein samla søknad frå idrettslaget eller foreininga (ikkje fleire søknadar frå ulike aldersgrupper og lag).

Me vil prioritere

  • Søknad som stimulerer til aktivitet blant barn og ungdom
  • Søknad frå lag og foreiningar basert på frivillig arbeid og dugnadsinnsats
  • Berekraftige prosjekt til glede for mange i det aktuelle nærmiljøet

Leirvik AS sponsar ikkje

  • Aktivitetar som kan utgjere ei fare for personar eller miljø
  • Søknader sendt via andre kanalar
  • Politiske organisasjonar
  • Bygningar/infrastruktur/generell drift og vedlikehald – uansett prosjekt
  • Russegrupper (inkl. russebussar)
  • Kontant betaling
  • Privatpersonar
  • Reiser

Søknadsgjennomgang
Me får inn mange søknadar om sponsorstøtte, og går difor gjennom alle søknadar kvartalsvis.
Alle som søker kan vente tilbakemelding på følgjande tidspunkt:

  • Søknad mottatt 1 kvartal: svar i løpet av mars
  • Søknad mottatt 2 kvartal: svar i løpet av juni
  • Søknad mottatt 3 kvartal: svar i løpet av septerber
  • Søknad mottatt 4 kvartal: svar i løpet av desember

Fyll ut søknadsskjema og send inn

Ynskjer du å sende oss eit vedlegg? Send dette til sponsor@leirvik.com og merk det med organisasjonsnr. og namn på lag/organisasjon.