Leirvik fyller 75 år!

Helge tek over som ny direktør for Leirvik AS etter Lars Solberg.
2017-2021

Vegen vidare

2017 – 2021

Equinor hadde eigentleg tenkt å bygga i stål då dei i 2017 var på jakt etter bustadkvarter til Peregrino II-plattforma i Campos Basin i Brasil.  Eit typisk Apply Emtunga-oppdrag tenkte derfor aluminiumsspesialistane på Stord.  Men då oljeselskapet byrja å visa interesse for aluminium, kasta Apply Leirvik seg med i kampen.

Etter grundige omstillings- og effektiviseringsprosessar på alle plan, ville verksemda visa at aluminium kunne konkurrera med stål også på pris i den internasjonale marknaden. Tilbodet som vart levert inn matcha ikkje berre Apply Emtunga – Apply Leirvik var faktisk billegare enn stålprisen til ein amerikansk konkurrent.  Dermed går oppdraget til Stord.

2019 seglar Peregrino II-hotellet ut i Atlanterhavet med kurs for Brasil, til avtalt tid, kvalitet og pris. Og med null «punch»! Prosjektet viste verkeleg at produkta til ei bedrift på den norske vestkysten kan vera fullt ut konkurransedyktige også i verdsmarknaden.

Ny Apply Leirvik sjef

1. januar 2017 trer Helge Gjøsæter inn som ny administrerande direktør for Apply Leirvik.

Gjøsæter overtar stafettpinnen etter Lars Solberg, som hadde leia bedrifta sidan 2011.

Helge Gjøsæter hadde tidlegare arbeidd tre år som leiar for engineering og innkjøp for Apply Leirvik og var etter dette styremedlem i verksemda. Den nære kjennskapen til Apply Leirvik og marknaden, i tillegg til den sterke industribakgrunnen, gjer at han har mykje å bidra med til den vidare strategiske utviklinga av Apply Leirvik, seier styreformann Morten Ruud.

Slutt på Seglneset

Etter nær 50 års drift på Seglneset, bestemte Apply Leirvik AS i 2017 å flytta all aktivitet til hovudkvarteret i Aslaksvik.  Bakgrunnen for flyttinga er behovet for samlokalisering og tilpassing av fabrikasjonen til framtidige prosjekt og ei meir framtidsretta, effektiv og kostnadssparande drift på ein lokasjon. Med seg på flyttelasset har dei 15 tilsette 25 års unik aluminiumskompetanse, etter konstruksjon av tallause modular som har blitt frakta til Aslaksvik for samanstilling til store bustadkvarter. 

Massive modifikasjonar

Sidan oppkjøpet av Reanco i 2009, har Apply Leirvik hatt eit dedikert team for små og store vedlikehalds- og modifikasjonsjobbar på eksisterande bustadkvarter gjennom selskapet Apply LQ Partner.  I 2019 får Leirvik AS ta del i levetidsforlenginga av Njord-plattforma hos Kværner Stord, og blir etter kvart ein integrert samarbeidspartnar for Equinor.  Dei sikrar og oppdraget med totalrenovering av bustadkvarteret på produksjonsskipet «Jotun A», som Vår Energi har inne til ei massiv levetidsforlenging hos Rosenberg Worley i Stavanger.  Oppdraget er så omfattande at oppunder 200 tilsette i periodar deltar i prosjektet.  Med ein roleg nybyggingsmarknad i starten på 2020 åra, gir M&M-aktiviteten på Jotun A og offshoremarknaden elles Leirvik AS ei stødig bru over stille vatn – inn mot prosjekt og nye marknader.

Robotisering og digitalisering

Helge ved sveiseroboten.

Historia til Leirvik syner ei kontinuerleg jakt på betre og meir effektive måtar å jobba på.  Og med mål om å styrka konkurranseevna ytterlegare, starta Leirvik i 2018 ei ny og spennande reise inn i ei meir digitalisert og robotisert framtid.

Ein ny sveiserobot vart tatt i bruk i 2020, ei testcelle som fungerer godt.  Med denne roboten vil Leirvik først og fremst finna ut korleis automatisering kan hjelpa verksemda til å produsera veggar og skott til bustadkvarter meir effektivt.  Målet er å etablera ei robotisert produksjonslinje som står klar til bruk for eksisterande og nye marknader i 2022.  Roboten skal då sveisa basert på informasjon som automatisk vert henta ut frå 3D-modell.  Neste steg i utviklingsløpet blir å etablera ein effektiv metode for å programmera sveising av unike konstruksjonar, slik at verksemda kan dra full nytte av teknologien.

Gjennom digitaliserings- og automatiseringsprosessane får Leirvik ei betre forståing av korleis digitalisering ikkje berre dreier seg om kostnadsreduksjonar.  I dag ser verksemda digitaliseringa som eit viktig hjelpemiddel til å skapa større verdi for kunden og eit potensial for å utvikla nye forretningsmodellar.

Nye satsingsområde

Med utsikter til reduksjon i offshore nybyggmarknaden, etablerte Leirvik i 2019 forretningsområdet «Nye markeder» som skal utvikla nye bein å stå på inn i det grøne skiftet.  Etter ein lang og grundig strategiprosess, som starta alt i 2016 og vart gjennomført i fleire etappar og med deltaking frå alle tilsette, landa styret på tre hovudsatsingsområder:   Akvakultur, infrastruktur og offshore vindkraft.  Alle tre har sitt utspring i den unike aluminiumskompetansen til dei tilsette.

Akvakultur

For Leirvik er det fleire vegar inn i havbruksnæringa, men så langt peikar landbasert oppdrett seg ut som den tydelegaste.  Verksemda har mellom anna inngått samarbeid med bergensselskapet SeaRAS, og saman med dei utvikla OptiRAS – eit banebrytande konsept for oppdrett på land med betre vasskvalitet og ein tredel av energiforbruket til eit tradisjonelt landanlegg med resirkulering av vatn (RAS). Leirvik sin leveranse i slike prosjekt vil vera dimensjonering og detaljprosjektering av anlegga, samt bygging og levering av oppdrettskara med tilhøyrande reinseanlegg. 

Infrastruktur

Allereie i 1995 leverte Leirvik MT Noregs første bru i aluminium, den 39 meter lange Forsmo bru i Nordland.  No vert infrastruktursektoren igjen løfta fram som ein marknad med stort potensial og lang horisont for aluminiumseksperten.

Dei første samtalane med vegvesenet starta i 2016, og i 2019 vart det for alvor fart i satsinga.  Då vart Leirvik med i ein konseptstudie av ei aluminiumsbru til nye E39 over Langenuen mellom Stord og Tysnes – eit prosjekt som vart gjennomført saman med Dr. Techn. Olav Olsen AS, Hydro, Sintef og Vegvesenet.  Prosjektet gir den nye infrastruktursatsinga ei veldig god draghjelp i startfasen, der Leirvik jobbar parallelt med utvikling av eigne brukonsept.

I 2020 går konseptstudiet for Langenuen-brua over i ein forstudie, som vart fullført sommaren 2021.  Om det blir realisering av brua over Langenuen, eller eit anna prosjekt, er målet til Leirvik å få delta i eit innovasjonsprosjekt saman med vegevesenet der verksemda får vist fram produktet for entreprenørar og vegstyresmakter i inn- og utland. I vegvesenet blir aluminiumsbruer framsnakka som gode infrastrukturtiltak, og dei ser slike løysingar som ei potensiell norsk eksportvare for framtida.

Offshore vindkraft

Offshore vind er den siste marknaden som er blinka ut som framtidig satsingsområde.  Her jobba Leirvik inn mot vindkraftsatsinga til andre selskap i Moreld-grupperinga.  Verksemda har mellom anna vurdert produksjon av både vindmølleblad og generatorhus til bruk offshore, men har så langt landa på at dette ikkje er produkt å satsa på.  I skrivande stund er det meir generelle aluminiumskonstruksjonar, som trapper, gangvegar og modular som peikar seg ut med størst marknadspotensial for Leirvik.

Vegen vidare

Dei første 75 åra til Leirvik AS har vore ei fantastisk reise gjennom entreprenørskap, utvikling og innovasjon.  Verksemda har vore ein viktig bidragsytar i prosessen som har gjort Stord til det allsidige og leiande industrisamfunnet me ser i dag, og Leirvik har utvikla ein verdsleiande kompetanse på bygging av store aluminiumskonstruksjonar.

Det er denne unike kompetansen me skal bygga vidare på når bedrifta tar steget inn i det grøne skiftet, seier adm. dir. Helge Gjøsæter.

Med verdiskaping retta mot skipsnæringa og olje- og gassindustrien, har Leirvik AS i alle år vore vant med at marknaden går i bølgjedalar.

At plattformbygginga i Noreg går mot slutten, er eit scenario som har blitt mykje meir reelt dei siste åra som følgje av det nasjonale og globale fokuset på omlegging til fornybare og utsleppsfrie energikjelder.  Det betyr at me i Leirvik AS må rigga oss også for andre typar oppdrag enn bustadkvartera me er så anerkjende for.  Etter ein grundig strategiprosess, har me blinka ut tre nye marknader me skal jobba oss inn i.  Her ligg det store og spennande moglegheiter for Leirvik AS, og me har alt sikra oss den første kontrakten for oppdrettsnæringa. (Helge Gjøsæter)

Stor tru på framtida

Han ser for seg ein glidande overgang inn i marknadene som på sikt skal erstatta dagens kjerneverksemd, der oppdrag innan olje og gass gir verksemda eit godt grunnlag til å utvikla dei nye satsingsområda dei komande åra.

Eg har stor tru på framtida.  No skal me både nytta entreprenørskapen som har vore i verksemda i alle år i utviklinga inn mot nye marknader, samtidig som me skal halda fram med å vinna og levera gode prosjekt i dei eksisterande marknadene der me allereie er verdsleiande. (Helge Gjøsæter)

Nye eigarar

Lokale hender tek over Leirvik AS.

September 2021 vert Leirvik AS selt.  Leirvik AS, har saman med Moreld blitt einige om ein «management buyout». Gjennom dette havnar eigerskapet av Leirvik på nytt hos lokale eigarar. 

Dei nye eigarane er leiinga i Leirvik AS, beståande av:  Helge Gjøsæter, Leif Ståle Lidal, Arne Ottesen, Janne Ertresvåg, Øystein Kvalvik, Kjell Arne Halleraker, Øyvind Harald Eskeland og Frank Terje Karlsen.  

Vår ambisjon er å laga trygge og gode arbeidsplassar. Og sjeldan har me hatt så mange gode mogelegheiter som no, og så lang horisont. Det er mange spennande prosjekt som har dukka opp i kjølvatnet av oljeskatteforliket i fjor sommar, og me posisjonerer oss for fleire av desse prosjekta.
Det er grunn til å vera optimist, seier direktøren.

Gjøsæter har erfaring med leiaroppkjøp tidlegare. Han var blant oppkjøparane då installasjonsavdelinga i Aker Elektro blei skilt ut i 2003, og talet på tilsette auka frå 100 til 300 på fem år. Den gongen skal alle tilsette ha fått sjansen til å skaffa seg ein eigarpost i selskapet. Det blir det også i det «nye» Leirvik AS, ifølgje direktøren.

Me kjem til å bruka same modell no som då, og mi erfaring er at det skaper engasjement og eigarskap.

……..og det held fram med ein draum