Leirvik fyller 75 år!

Leiinga for Leirvik Sveis på sitt faste fredags formiddagsmøte: Marknadssjef Bjørn Svendsen (t.v.), organisasjonssjef Kjell Molvær, adm. dir Harald Karlsson, fungerande teknisk sjef Kåre Løkhammer, økonomisjef Leiv Petter Dahle og teknisk sjef/prosjektleiar for Visund Jarle Myklebust.
1996

Alliansar som alternativ

Omstilling

Omstilling var blitt eit begrep som dei tilsette på Leirvik Sveis måtte læra seg å leva med.  Omstilling 95 vart avløyst av Omstilling 96, som igjen skulle avløysast av Omstilling 97, 98…

Medlemmene i dei ulike arbeidsgruppene vart bytte ut etter kvart som dei gjekk tomme eller fekk nye og tidkrevjande arbeidsoppgåver.  Men prosessen heldt fram.  For å driva den vidare tilsette Leirvik Sveis vinteren 1996 siv. ing. Geir Skaret.  Han overtok ansvaret for totaliteten i omstillingsarbeidet.  Dei tilsette hadde vore med på å påverka den retninga Leirvik Sveis skulle gå i framtida.  Både gjennom ei rekkje omstillingsgrupper – og i tilbakemeldingane sine på modul 1.  Med dette – og ein rapport frå TTS som grunnlag – var det laga ein utviklingsplan for Leirvik Sveis.  Ein plan som skulle modernisera produksjonsprosessen frå A til Å – frå stålplater til ferdig modul.  Leirvik Sveis var i ferd med å skreddarsy ei produksjonsline ut frå den strategien verksemda hadde valt for framtida.  På den måten skulle produktiviteten bli endå betre – og kostnadane mindre.

Frå og med sommaren 1997 vil Leirvik Sveis sitt anlegg i Aslakvikjo vera skreddarsydd til å produsera utstyrs- og produksjonmodular.  I tillegg skal me kunna kopla saman anlegg både på brønnhodeplattformer og produksjonsskip.  Bustadkvartera i aluminium skal produserast på Seglneset.  (Harald Karlsson)

Alliansar som alternativ

Heilt frå 1977/78 hadde Aker og Kværner konkurrert om dei store dekkskontraktane til norske produksjonsplattformer.  I innpå 20 år var dei to ein klasse for seg.  Ingen andre norske verft kunne byggja dei store integrerte plattformdekka.  Men straks marknaden endra seg og operatørselskapa etterspurde mindre, flytande produksjonsanlegg, var utfordrarane der.  Med Visund-kontrakten til vel tre milliardar kroner, tok Umoe Haugesund (i dag Aibel) steget opp blant super-kontraktørane i 1996.  Duoen av total-leverandørar vart utvida til ein trio.  Eit inntrykk som Umoe forsterka ved å byggja opp ei heilt ny engineeringsavdeling i Oslo hausten 1996.

Men me er ikkje nøgde med å vera underleverandør til ein superkontraktor.  Me ynskjer å bli eit alternativ som totalleverandør i tett allianse med andre, sa styreformann Tor Lars Onarheim.

Dei to store hadde før Visund etablert eit solid grep på marknaden.  Oljeselskapa har sett det.  Departementet har sett det.  Eg trur personelg at det er ein situasjon som ikkje vil vara lenge.  Både operatørselskapa og styresmaktene innser at det er trong for fleire verkstader.  Med den spreidde norske busetnaden kan me ikkje berre ha slike super-gigantar.  Me må ha både store og små aktørar.  Dessutan trur eg at oppdragsgjevarane på litt sikt vil fordela arbeidsoppgåvene på ein annan måte enn i dag.  Difor er det uhyre viktig for oss å overleva denne mellomperioden med superverfta.  Dei som ramlar av – er ute.  Vårt alternativ er alliansar.  Utfordringane ligg i å velja alliansepartnar .  Kan me bli ein del av eit internasjonalt opplegg, utan å missa norskdomen vår?  Me ser ikkje nokon norske alliansepartnarar for tida.  Samstundes er det viktig å liggja i forkant av utviklinga på offshore-marknaden.  Om nødvendig påverka denne i den retninga me ynskjer.  Det er difor viktig å vita korleis konkurrentane våre tenkjer.  Me treng også å strømlinjeforma produksjonen vår, men for å få det til, må me ha meir kapital.  Kan me alliera oss til denne kapitalen?  (Tor Lars Onarheim)

På vårparten jubileumsåret 1996 signerte Leirvik Sveis ein samarbeidsavtale med SLP Engineering Ltd.  Dette internasjonale selskapet vart vald av fleire grunnar.  Mellom anna fordi det var kapitalsterkt – og Leirvik Sveis ynskte å bli tilført ny kapital om dei skulle greia å gjennomføra den mest offensive strategien styret hadde lagt opp til.

SLP var ei verkstadgruppering – ei av dei største i Storbritannia.  Sidan 1970 hadde dei operert i britisk sektor av Nordsjøen.  SLP hadde mellom anna to verft – eit i Lowestoft som hadde spesialisert seg på dekksmodular (også bustadmodular) – og eit i Teesside der dei bygde stålunderstell, større dekk og modular.  Bak SLP stod London-selskapet Tenenge (UK) Holdings Ltd.

Me to skal samarbeida for å bli ein totalkontraktor på norsk sektor både når det gjeld brønnhodeplattformer og små produksjonsskip.  SLP Engineering har utvikla eit «Lada»-konsept for ubemanna brønnhodeplattformer etter godt-nok-prinsippet.  Dette markedet er ikkje så stort på norsk sektor (kanskje ei brønnhodeplattform i året), mens det er stort både på britisk sektor og i Mexico-gulfen. Me har alt hatt kontakt med norske operatørselskap som er interesserte i konseptet. Meininga er at Leirvik Sveis skal vera penneførande kontraktor i Norge og byggja dekket og den einaste store modulen som trengst.  SOP har ansvaret for hovuddesignen, byggjer stålunderstellet og tek seg av samankoplinga i havet.  Dei har sjølv nødvendig løftekapasitet.

SLP har også eit konsept for produksjonsskip (FPSO).  Enten nyttar dei eit ombygt skipsskrog – eller får bygt nytt ved eit verft.  SLP skal sjølv produsera dekksmodulane og seksjonane til prosessanlegget, mens samanstillinga av skrog og seksjonar skjer på Stord – hos Leirvik Sveis.  På same måte som Aker Stord gjer med Norne- og Åsgard skipa for Statoil. (Harald Karlsson)

I  jubileumsåret 1996, hadde Leirvik Sveis vore kjent som Nordsjøens hotellbyggar framfor nokon i 25 år.  Spesialist på bustadmodular.  Det var både ein fordel og ei ulempe å ha det stempelet.

Av og til har det vore som ein kvernstein om halsen på oss.  I ettertid er det lett å sjå at me alt i dei gode 80-åra burde ha orientert oss mot andre deler av modul-marknaden.  Konkurrert om å få byggja andre modular.  Me har utarbeidd ein ny strategi for å bli såkalla «foretrukket leverandør» både hos Aker, Kværner og Umoe.  Ikkje berre når det gjeld bustadmodular – men også utstyrs- og produksjonsmodular   Derimot kjem me ikkje til å gå for boremodular. 

Både 1994 og 1995 var vanskelege år for Leirvik Sveis økonomisk.  Dels måtte me leiga ut folk til låge rater, dels måtte me ta på oss å byggja seksjonar for andre.  Det er uråd å tena pengar på slikt for ein verkstad som har totalleveranse som sin strategi.

Gjennombrot med Visund

Gjennombrotet kom med Visund-kontrakten for Umoe Haugesund i 1996.  I tillegg til bustadkvarteret skal me byggja ein tredjepart av dekksramma – inkludert ustyrsmodulen til Visund-plattforma.  Det ser me på som eit gjennombrot for oss når det gjeld å utvida produktspekteret.  Målet er no å konsolidera stillinga på nye prosjekt som Troll C og Åsgard B, slik at me frå nyttår |1996/97 har eit klart markedsstempel som leverandør av dekksmodular (ikkje berre bustadkvarter).  (Harald Karlsson)

Jubileumsåret 1996 vart det laga tre tunge plandokument som skulle bidra til å gjennomføra denne strategien.  Det eine var ei grundig analyse av marknaden.  Det andre skildra korleis anlegget skulle utviklast og fornyast for å auka produktiviteten.  Det tredje tok for seg dei menneskelege ressursane:  Korleis skulle Leirvik Sveis skaffa nødvendig kompetanse til å møta morgondagens krav i marknaden?

Når det gjeld levering av dekksmodular skal me betjena dei tre store ut frå eit eksklusivt samarbeid på prosjektbasis – som «foretrukket» leverandør».  Det betyr at me i forkant må gjera ei grundig marknadsanalyse – og bestemma oss for å bli med EIN av dei tre på kvart einskild prosjekt,.  Meir som med- enn som underleverandør.  Me ynskjer å bli tekne med tidleg i tilbodsfasen.  Då må me også gå 100 prosent for den eine.  Dette er ei strategispissing me har gjort i 1996.  Det set naturlegvis store krav til at «lytteaparatet» vårt fungerer.  Trør me feil, kan me risikera å sitja att med berre andreplassar.  Håpet er at me ofte nok skal velja rett vinnar.  (Harald Karlsson)

Kompetanseallianse

For å skaffa den kompetansen som måtte til for å gjennomføra sin nye strategi, måtte Leirvik Sveis først og fremst velje å satse på å utvikla den arbeidsstokken dei hadde då.  Men i tillegg måtte dei skaffa nødvendig tilleggskompetanse utanfrå.  Enten ved å tilsetja nye folk – eller ved å alliera seg til slik kompetansen.

Utviklingsplanen vil frigjera mange årsverk på operatørnivå.  Årsverk som kan disponerast annleis enn før.  Målet er å gjera ein stadig større del av arbeidsstokken fleirfagleg.  Også mellomleiararar vart tilført kompetanse via skulering og rotasjonsordningar – og det vart tilsett nye ingeniørar for å kunna handtera stadig fleire prosjekt samstundes.  Prosjekteringsavdelinga skulle setjast saman på ein ny og annleis måte enn før.  Leirvik Sveis trong arkitektar, eigne folk på elektro/telecom, mekanisk, røyr osb.  Det måtte til fleire lag når prosjekta kom «oppå kvarandre».  Leirvik Sveis hadde hatt ein del gjennomtrekk av ingeniørar.  Mange unge brukte bedrifta som eit springbrett til ei vidare karriere i offshorebransjen.  Ingeniørar med produksjonserfaring var etterspurde.  Heilt enkelt å få dyktige sivilingeniørar til å etablera seg på Stord var det ikkje lenger.  Dei slo seg gjerne ned i større byar.  Difor vurderte Leirvik Sveis å inngå alliansar med ingeniørselskap i Stavanger og Oslo for å skaffa nødvendig prosjekteringskompetanse i studiefasen av nye feltutbyggingar.  Adm. dir. Harald Karlsson såg ikkje bort frå at det også kunne bli aktuelt å gå inn med aktivt eigarskap i desse ingeniørselskapa.

Slik markande har utvikla seg, er det uhyre viktig å koma inn i nye prosjekt på eit tidleg tidspunkt – helst alt i studiefasen.  Det er det vanskeleg å gjera frå Stord.  Dei fleste studiane vert gjort i Oslo eller Stavanger.  Dessutan innser me at det er vanskeleg å rekruttera sivilingeniørar og arkitektar til Stord.  Me fekk t.d. berre ein søkjar til ei utlyst arkitektstilling – trass i at det går mange arbeidslause arkitektar i Noreg.  Ved å alliera oss med ingeniørselskap i Oslo og Stavanger reknar me med å få tak i mange nok og dyktige nok folk.  Ein god del av kontrakten mellom byggeverkstaden og ingeniørane i denne tidlegfasen, vil gå via moderne telekommunikasjonar. (Harald Karlsson)