Leirvik fyller 75 år!

Oddvar Bjelland på «catwalken» som dei kalla det.
2001

Stordbrua

Trekantsambandet kjenner me alle til.  Og sjølvsagt var Leirvik Sveis ein av bidragsytarane. 

Veganlegget Trekantsambandet består av følgande:  Stordbrua og Bømlabrua, som er blant dei største hengebruene i Noreg, lavbrua Spissøybrua og den 7,8 km lange undersjøiske tunnelen Bømlafjordtunnelen. Bømlafjordtunnelen med sitt lavaste punkt 260 muh er ein av dei djupaste vegtunnelane som er blitt laga.

Leirvik Sveis fekk førespurnad av det Hollandske firmaet  HSM Steel Structure som bygde Stordbrua, om å vera med å bidra med plate/sveis og malararbeid.  Dette var på slutten av nittitalet.

Arbeidet passa godt inn for Leirvik Sveis, då dei i denne tida hadde lite arbeid i Aslaksvikjo.

«Jobben var ganske krevjande for oss.  Var dei ikkje fornøyde, vart me sendt heim», fortel John Kvarme. 

Ein av jobbane var å montere hengestaga.  Då dei var ferdig montert, var det til å begynne med seksjonane som brua er sett saman av.  Den midterste seksjonen vart først montert.  Etterpå vart ein seksjon på kvar side vekselvis montert, til ein nådde land på kvar side.  Når sveisarane og platearbeidarane var ferdige, kom malarane.   Stillaset dei brukte hang under brua.  Dei berre skauv seg framover etter kvart som jobben var ferdig.

På eit av bileta ser me karane har sete seg godt til rette for å ta ein pust «på brua».

 «Sjefen» frå HSM  hadde kjøpt inn champagne til gjengen frå Sveisen.  Champagnen hadde han gøymt i buskane der Miljøtunnelen står i dag. 

Arbeidet varte og rakk den dagen, og varmt og godt var det.  Dette medførte at champagnen var blitt godt lunka då den vart servert.  Men som de ser så gjorde ikkje det noko.  Kven som var sjåfør den ettermiddagen er det ingen som vil fortelja😊…….. (ref. John Kvarme)

«Catwalken» vart brukt til å gå til og frå arbeid.  Garderoben låg ved Miljøtunnelen, så for å koma seg til Føyno, måtte ein anten gå denne vegen, eller ta båt.  Båten tok som oftast litt tid å vente på, så «Catwalken» vart flittig brukt.  Det var som å gå i ei myr»  (Ref. John Kvarme)

Gjett kven som var den første som fekk køyra over Stordbrua –  jo det var sjølvaste John Kvarme – men med truck 😊

Trekantsambandet vart offisielt opna av Kongen den 30. april 2001 – ei høgtideleg opning som trakk mange tilskodarar.

Ein pust på brua: Nr. 2 frå venstre framme: Ivar Molvik, Johnny Gravdal, Oddvar Bjelland og John Kvarme. Bak fråp høgre: Helge Hystrad og Ottar Flotve (bak Oddvar). Dei andre karane var frå HSM.
SSkål! – etter ein varm og hektisk dag. Frå venstre: Johnny Gravdal, Ivar Molvik, Ottar Flotve og Oddvar Bjelland.