Leirvik fyller 75 år!

Okunola Odusote (Ola) og Harald Karlsson.
2000-talet

NIGERIA-perioden

Me vart oppfordra av Statoil til å etablere oss i Nigeria på slutten av 1990-tallet

Det vart ein interessant periode og eg besøkte landet saman med andre frå ledelsen fleire gonger i løpet av 5-6 år.

Me reiste med direktefly frå Frankfurt til Lagos, og blei alltid henta på flyplassen av Ola (Okunola Odusote) med privatsjåfør på dagtid.

Ein historie ved ankomst var at den eine køen forbi passkontrollen gjekk mykje raskare enn «vår» kø. Eg prøvde å studere dette nøye og fant fort ut at dei i den «raske» køen putta ein 10 dollar setel inni passet sitt for å komme raskt gjennom!

Heimturen starta alltid i bil frå Lagos sentrum til flyplassen på dagtid, for det var farleg å køyre i mørket då ingen vegar hadde lys, og det var lokale bandar som kunne stoppe bilen for å robbe oss.  Me måtte deretter vente på flyplassen til etter midnatt før flyet tok av, for flyselskapet var redd for å bli beskutt i dagslys.

På ein av våre turar traff me på ein amerikansk boreingeniør som var stasjonert på ein borerigg utanfor kysten av Nigeria.

Me kom i snakk og spurte han korleis han opplevde Nigeria etter fleire år på borerigg.  Han svara at han aldri ville sette sin fot på Nigeriansk landjord – han vart nemleg flydd inn med helikopter til og frå flyplassen, direkte til/frå riggen!

Nigeria og byen Lagos opplevede me som kaotisk.  Me kunne ikkje gå fritt omkring, men måtte transporterast m/privatsjåfør til alle døgnets tider, til møter mv.
Når vår faste sjåfør henta oss på hotellet om morgonen, som var inngjerda med høge murer og bevokta døgnet rundt, måtte me vente inne i resepsjonen til han kom og henta oss innanfor murane.

Det vart besøk på fleire verft i og omkring Lagos som me ville evaluere for eit mogleg, framtidig samarbeid, men det viste seg at ingen av desse var eigna for vårt formål.

Eit av desse verfta var lokalisert på SNAKE ISLAND (i innseglinga til Lagos) og me vart frakta ut dit med hurtigbåt. Heile hamnebassenget var fylt opp av søppel, og JA – øya var full av slangar!

Om kveldane når det vart bekmørkt, kunne me sjå grupper av menneske som var samla rundt eit tomt oljefat som var fyrt opp slik at dei kunne halde varmen.

Me beslutta at å produsere modular eller deler til desse slik dei lokale myndigheitene forlangte, ikkje var mogleg. Difor vart Dibi og Delta bygd for Chevron, på Stord.  Dette vart vårt einaste oppdrag for denne regionen.

Desse to bustadmodulane vart forøvrig ståande i over 10 år lagra på verftet vårt fordi det var uro i området dei skulle plasserast,  nemleg i Nigerdelta, tidlegare Biafra, sør i Nigeria,

Ref. Harald Karlsson

Dette stod å lesa i Bergens Tidende 9. mai 2006:

«To fiks ferdige bustadmodular til over 70 millionar kroner står parkert på Leirvik Module Technology (LMT) sitt industriområde på snart tredje året. Dei vil ifølgje kjøparen, Chevron Nigeria, bli ståande minst eitt år til.

Oljeselskapet Chevron avviser overfor Bergens Tidende at dei uavhenta Dibi— og Delta-modulane har med den utrygge situasjonen i Nigerdeltaet å gjera. Men både Chevron, Shell og Total/Fina/Elf har dei siste åra måtta redusera og utsetja deler av oljeproduksjonen grunna trugsmål mot og åtak på installasjonar og personell i området».

Dibi & Delta – bygd for Chevron, ved kai i Aslaksvik.