Leirvik fyller 75 år!

Evjo 1946.
1946

Slik begynte det!

Kanskje var det berre eit samantreff av tilfeldigheiter som gjorde at ein fekk bedrifta Leirvik Sveis? 

Odd P. Bjelland

Odd P. Bjelland, som var verksmeister på AS Stord Verft, var på utkikk etter moglegheiter for å begynne med noko for seg sjølv.  Hans ønske om å starte ein bedrift vart realisert den 13. september 1946.  Då vart bedrifta Leirvik Sveis registrert, og alt same dag begynte verksemda.

Det var altså Odd P. Bjelland som starta Leirvik Sveis innan den mekaniske industrien, men det var  viktig at han fekk med seg sterke og dyktige medarbeidarar.

Slik var det at Bjørn Karlsson og Birger J. Eldøy kom inn i bildet. 

Bjørn Karlsson var den gong tilsett på verkstadkontoret ved A/S Stordø Kisgruber, men sa seg straks villig til å vera med i opprettinga av Leirvik Sveis.  Hans oppgåve skulle vera å ta seg av bedriftens korrespondanse og rekneskap, men når det vart påkrevd, trakk også han på seg kjeledress og var med i det praktiske arbeidet.

Den neste som kom med var, som sagt, Birger J. Eldøy.  Bjelland hadde hatt han som læregut på Stord Verft, og hadde lagt merke til han som ein dyktig og allsidig interessert ungdom.

Begge disse første medarbeidarane kom altså ikkje tilfeldig inn i bildet, men vart handplukka av Bjelland sjølv.

I tillegg til disse 3 var også fylgjande personar på lønningslista frå dag ein:
Knut Haraldseid, Konrad Bekkenes, Leonard Eikeland og Hans M. Johannesen

1946 var i grunn ei vanskeleg tid å starte ein slik bedrift, rett etter krigen.  Det var stor mangel og streng rasjonering på materialar av alle slag.  Dessutan var det ganske nytt å bygge småskip av stål, då furu og eik var langt meir vanlege materialar for fiskebåtar og andre mindre fartøy.
Noko som òg gjorde det vanskeleg, var at dei gamle velrenommerte skipsbyggjarane i Sagvåg, Rosendal og Sunde, kun bygde båtar av tre. 
Altså vart Leirvik Sveis, kan ein kanskje sei, ein av pionerane når det gjaldt å byggja stålbåtar, og frå 1952 begynte denne forma for båtbygging for alvor.

Når det gjaldt det finansielle spørsmålet ved opprettelse av bedrifta, var det Sunnhordlands Privatbank som hjalp til.