Leirvik fyller 75 år!

Frå venstre: Hans H. Johannessen, Harald Sætrevik og Rolf Johannessen.
1948

Ein halv båt var opptakten

I ein kortare periode var det samarbeid mellom Leirvik Sveis og Åsheim & Valvatne’s Treskipsbyggeri i Sagvåg.  Det vart i denne perioden stort sett laga casinger, lukekarmar og nedgangskapper.  Dessutan vart det utført ein del reperasjonar på stålskip.  Samarbeidet vart av kort varigheit, fordi Leirvik Sveis fekk anledning til å leige ein nedlagt hermetikkfabrikk i «Evjo», innerst i bukta ved Leirvik kai.  I dag, kalla Sjøhuset.  Her rigga Odd P. Bjelland seg til med eit kontor borti ei krå i Sjøhuset. Skrivebordet var ei gamal dør med hengsler på.  Den fekk gjera nytta inntil vidare.

Frå venstre: Birger J. Eldøy, Kjell Røyrvik, Konrad Bekkenes

Den aller fyrste oppgåva var vel den merkelegaste som eit nystarta skipsbyggeri nokon gong har tatt fatt på.  M/T Bianco som hadde sunke ved Berlevåg, og som var kjøpt usett av reiaren Thv. Johan Kyvik, skulle bli reparert ved Leirvik Sveis.  Ein antok berre at roret var øydelagt, men det viste seg  midlertidig at halve skipet, delt på langs, var vekke.  Av dette skulle ein så prøve å få «båt» igjen.  Nystarta og  lita som denne verkstaden var, og med berre 7 tilsette, var dette ei kjempeoppgåve.  

Det mangla heller ikkje på advarslar.  I Stord Heradstyre vart det uttalt at ein burde stoppa denne galskapen.  Men nei, Odd P Bjelland var fast i si tru på at oppgåva både kunne og skulle bli løyst.  Og han fekk rett.  Når det lukkast til sist å få M/T Banco ferdig,  er nok årsaka den at kvar einaste av dei 7 viste ein slik innsatsvilje og uthaldenheit  at dette hadde gitt resultat.

Sjølvsagt kosta det slit, både på grunn av bedrifta sin  kapitalmangel og fordi det den gong var alminneleg knappheit på nesten alt som var nødvendig.  For eksempel;  av løfteutstyr fantes berre ein gammal kran med 2 tonns løftevekt, overtatt frå den kommunale damskipskai.  Altså måtte mykje  av arbeidt uførast med handkraft.  Utan den samarbeidsånda og innsatsvilja som herska, vil vel bedrifta aldri ha greidd seg gjennom denne vanskelege perioden.

Arbeidet med Banco vart verkeleg ein stor jobb.  Då båten nesten var ferdig og leiarane  endeleg kunne «pusta letta ut» fann dei plutseleg ein morgon Banco på botnen av sjøen, berre  forstavnen stakk opp.  Leirvik Brannvesen vart mobilisert og fekk lensa skroget.  Så var det å begynne forfra igjen… 

Trass i alle problema vart  M/T Banco levert i 1948, og den vart då omdøypt til M/T Paust.

M/T Banco – M/T Paus