Leirvik fyller 75 år!

Stordfest2013: Tur med Statsraad Lehmkuhl.
2000–2018

Smekkfull ordrebok

Året 2001 skiftar driftsselskapet ut det tradisjonsrike Leirvik Sveis-namnet med det meir internasjonalt klingande Leirvik Module Technology (Leirvik MT).

Om nybygginga på norsk sokkel gjekk trått dei fem første åra av 2000-talet, byr siste halvdelen på fleire moglegheiter. Og Leirvik MT sikrar seg fleire kontraktar. I oktober 2005 trassar Aker Kværner Stord spådomane om at «Kristin» som gjekk frå Stord i påsken same år, var den siste store plattforma som nokon gong ville bli bygt på Stord. Då vinn verftet oppdraget med å samanstilla dei to H6-riggane som Aker Drilling vil ha klar til 2008. Leirvik MT får jobben med å levera bustadkvartera til det som skal bli verdas mest avanserte djupvassboreriggar.
Det blir starten på nokre travle år, der selskapet i tillegg til H6-hotella også bygger utvidingsmodul med 46 ekstralugarar og kontrollrom, samt ein kontor- og verkstadmodul til Snorre A. Parallelt tikkar det inn kontrakt på bustadkvarteret til Gjøa-plattforma, tett følgt av ordren på storutviding av bustadkvarteret på Troll A. Ordreboka er no så full at Leirvik MT-representantane som deltek på den store offshoremessa i Houston i 2007 spøker om på henga opp eit stort banner med teksten «Sold out!» tvers over hele messestanden.
Satsar innan vedlikehald og modifikasjonar
Etter mange vellukka vedlikehalds- og oppgraderingsoppdrag, bestemmer Leirvik MT seg i 2009 for å satsa meir på dette forretningsområdet med oppkjøp av Reanco Team. Haugesundsselskapet blir slått saman med vedlikehaldsavdelinga i Leirvik MT til det nye selskapet Leirvik Reanco, seinare heitande Apply LQ Partner. Men som i dag er innfusjonert i Leirvik som eige forretningsområde Vedlikehald og Modifikasjon.

Nye eigarar

I desember 2005 kjem Sørco Gruppen i Stavanger inn som ny eigar av Leirvik MT. Hovudintensjonen er å sikre seg ein fabrikasjonspartnar med verkstad som kan bygga modular til Stavanger-verksemda sine vedlikehalds- og modifikasjonsoppdrag for olje- og gassindustrien. Men kort tid etter oppkjøpet, er ordrebøkene til Leirvik MT fulle, og kapasiteten til å fabrikkera for andre er minimal. Dermed vert det i stor grad «business as usual» for Leirvik MT også dei komande åra.
I 2009 går eigarane av Sørco Gruppen og Apply AS saman om å danna ein sterk aktør innan vedlikehald, modifikasjonar og EPCi-prosjekt på norsk sokkel. Den nye konstellasjonen får namnet Apply Group, og Leirvik MT skiftar no namn til Apply Leirvik. Med nytt namn blir verksemda dei komande åra Apply Group sin spydspiss for forretningsområdet bustadkvarter og helidekk.

Lars Solberg – ny direktør

Lars Solberg – direktør i tidsrommet januar 2011–desember 2016.

Adm. dir. Harald Karlsson ønsker å trappe ned i utgangen av desember 2010. Lars Solberg vert tilsett som ny direktør, og han overtek direktørstolen etter Harald, januar 2011. Lars Solberg hadde si utdanning som sivilingeniør frå NTH i Trondheim. Lars hadde mange års erfaring med ulike mellom og toppleiarstillingar i olje- og gassindustrien, deriblant erfaring som direktør på Aker Stord frå 1998 – 2003. Etter det leia han arbeidet med å byggja opp internasjonal feltutbyggings-virksomheit i Aker Solutions, sist med områdeansvar for Russland og Kaspihavet. Med denne sterke industribakgrunnen var han den rette mannen til å overta stillinga som adm. dir. på Apply Leirvik.
Då Lars Solberg starta var det kun Gudrun i ordrebøkene. Fram til 2015 rann bustadkvarterkontraktane inn. Gudrun og Hebron i 2010, Eldfisk og Edvard Grieg i 2012, Ivar Aasen, Gina Krog og Martin Linge med tre månaders mellomrom i 2013. Saman med Johan Sverdrup, som vart tildelt i 2015, betydde kontraktsrushet at Apply Leirvik i perioden 2013 – 2018 i praksis var utselt nok ein gong! Verftet hadde så mykje å gjera at Martin Linge vart fullt og heilt satt ut som EPC kontrakt til Apply Emtunga i Sverige. Det var ikkje kapasitet nok på Stord.

Omstilling for auka konkurransekraft

For å bli endå meir konkurransedyktige og etter tapet av Valemon LQ, ser Apply Leirvik i arbeidet med Gudrun-hotellet i 2012 at noko må gjerast med effektiviteten i prosjekta. Apply Emtunga leverer på denne tida 15 timar engineering per kvadratmeter bustadkvarter. Leirvik ligg an til å bruka 42 timar per kvadratmeter på Gudrun. Dermed blir omstillingsprosjektet 42-15 fødd, ut frå målsettinga om å effektivisera engineeringa ned på Emtunga sitt nivå. I prosjektet blir alle arbeidsprosessar gjennomgått, forenkla og straumlinjeforma. Resultatet blir etableringa av ein fast gjennomføringsmodell for engineering.
Innføringa av Lean-filosofien i 2013, ein produksjonsmetodikk utvikla av Toyota, blir vidareføringa av 42-15. Lean er ein kontinuerleg forbetringsprosess der ein søker å eliminera alle former for sløsing av tid og ressursar, for å skapa meirverdi med mindre innsats. I Apply Leirvik blir Lean innført på alle nivå i organisasjonen med namnet LQ One.

Canada-fararane

I partnarskap med Canadiske GJ Cahill Group vinn Apply Leirvik i 2012 òg kontrakten på bygginga av bustadkvarteret til ExxonMobils Hebron-plattform. Apply Leirvik bidrar med prosjektleiinga, engineering, innkjøp og byggeleiing, og for første gong utstasjonerer verksemda tilsette med partnarar og familiar i utlandet over ein lengre periode.
Asia-etablering
I 2012 og 2013 reknar Apply Leirvik på eit stort bustadkvarter som skal byggast til eit oljefelt i Australia. Kunden etterspør aluminium, og for å vera konkurransedyktige på pris leitar Leirvik etter ein asiatisk produksjonspartnar. Valet fell på Aluminium Offshore i Singapore, ein av dei mest anerkjente aluminiumskonstruktørane i Asia – særleg kjent for helidekka. Apply Leirvik kjøper halvparten av selskapet , og saman dannar dei to partnarane Apply Leirvik International (ALIP) – som skal selja og bygga bustadkvarter for den asiatiske og australske marknaden.
Det visar seg at satsinga i Asia blir meir utfordrande enn tenkt. Med full ordrebok heime i Aslaksvik, er det vanskeleg å ha det nødvendige fokuset for å slå gjennom i Asia – og suksessen uteblir. ALIP er framleis eit registrert selskap men har i dag ikkje noko aktivitet. Helidekk frå Aluminium Offshore har derimot funne vegen til ei rekke av bustadkvartera som er sette saman på Stord sidan 2013.
Designer og bygger verdas største
I 2015 ser Nordsjø-marknaden igjen litt tråare ut dei komande åra. Det er eitt nybyggingsprosjekt å kniva om, men det er til gjengjeld gigantisk: Offshorehotellet til Johan Sverdrup-feltet.
«Det beste som har skjedd oss nokonsinne!» Er gjennomgangstonen då samarbeidspartnaren Kværner & KBR (K2JV) gir jobben til Apply Leirvik og jubelen står i taket i Aslaksvik.
Dette er den aller største kontrakten verksemda har sikra seg gjennom tidene. Ingeniørane gyv sporenstreks laus på jobben. Oppdraget inkluderer engineering, innkjøp, konstruksjon og utrustning av eit sjuetasjers bustadkvarter på 14.500 kvadratmeter. Det skal innehalda 560 senger, rekreasjonsområde, garderobar, helikopterdekk, helikopterhangar og andre fasilitetar som krevst i drifta av hotellet.
Dei nest tre åra er rundt 450 tilsette i dei tre søsterverksemdene i full sving. I februar 2018 blir bustadkvarteret overlevert K2JV/Equinor – til rett tid, kvalitet og avtalt pris.
Johan Sverdrup-prosjektet står som ein bauta i Leirvik si historie, og er enn så lenge det største høgdepunktet i den 75 år lange tradisjonen med båtbygging og offshorekonstruksjon.

Apply Leirvik AS blir Leirvik AS

pply-konsernet gjennomfører i 2017 ei stor restrukturering, der konsernet blir delt i fire sjølvstendige og reindyrka selskap og Apply Leirvik skiftar namn til Leirvik AS.