Leirvik fyller 75 år!

1990

Stål-skulptur

Ved den øvre parkeringsplassen står det ein stålskulptur malt i sterke fargar. 

Opphavsmannen var Odd Sande som arbeidde ved Høgskulen Stord/Haugesund.  Eigentleg  laga han den i samband med Sunnhordlandsutstillinga 1990 i Stord Kulturhus.

Odd Sande oppfatta den hellelagde plassen foran Kulturhuset som så kjedeleg og grå at han ville gjera noko med det.  Utkastet til skulpturen laga han rimeleg raskt i målestokk 1:10. Men så var det å få nokon til å laga den i full målestokk.

Odd Sande spurde Oma Baatbyggeri og Aker Stord, men fekk negative tilbakemeldingar frå dei begge.  Som ein siste utveg vende han seg til Leirvik Sveis for å høyra om dei kanskje kunne tenkja seg å laga skulpturen.  Og fekk ja med ein gong!

Det gjekk berre eit par veker, så var jobben gjort.

Utgangspunktet for Sande sin skulptur var ein stevn og eit par keipar.  Men det var mange som oppfatta skulpturen som segl.  Det hadde ikkje kunstnaren det minste imot.  Dei store tre-keipane stålstevnen står på, forma han ut sjølv. Skulpturen vart ståande ved Kulturhuset lenge etter at Sunnhordlandsutstillinga var avslutta.  Til slutt henta Leirvik Sveis kunstverket «Mot ei framand strand» og plasserte det i kanten av den øvre parkeringsplassen.  Alle som kjem på besøk legg merke til den fargeglade skulpturen.