Leirvik fyller 75 år!

Tjerand Lunde, John Kvarme og Frode Hope.
90-åra

Dei vanskelege 90-åra

Kvardagen vart annleis også for Leirvik Sveis utover i 90-åra.

Konkurransen hardna til.  Det kom fleire aktørar på banen på deira spesialområde.  Dei største olje- og gassfelta i Nordsjøen var utbygt.  Det som stod att var mindre felt som ikkje hadde økonomi til «Rolls Royce»- plattformer.  Den låge oljeprisen pressa oljeselskapa til å tenkja nytt når dei skulle velje plattformløysing for dei nye felta.  Faste installasjonar vart for dyre.  Flytande produksjonsanlegg tok over marknaden. Dels fordi dei vart rimelegare.  Dels fordi mange av olje- og gassfunna låg på så store havdjup at dei teknisk var vanskeleg å bruke konstruksjonar som stod på botnen.

Samstundes med desse omleggingane endra oljeselskapa kontraktsforma.  Trenden gjekk mot total-kontraktar.  Oljeselskapa sette bort heile plattforma til ein og same byggjeverkstad.  Då var det ikkje så mange att i Noreg som kunne ta på seg slike utfordringar.  Hovudaktørane var Aker, Kværner og Umoe Haugesund.  Dermed måtte Leirvik Sveis tilbake til rolla som underleverandør for ein av dei – eller alle.  Leirvik Sveis etablerte gode kontaktar både med Aker Stord og Umoe Haugesund og Kværner.  Dette viste seg å bli ein stor fordel i framtida. 

Leirvik Sveis fekk stadig arbeidsoppdrag frå Umoe Haugsund.  Offshore-verkstaden som i 1995 sikra seg ein tre milliardars kontrakt på Visund.  Bustadkvarteret til Njord-plattforma var ein underleveranse til Aker Stord, og dersom Aker hadde vunne Visund-kontrakten, hadde Sveisen også fått byggja bustadkvarteret for dei.  No vart det Umoe Haugesund, og Lervik Sveis fekk høve til å gå nye rundar med dei etter at Aker tapte kontrakten.

Ingen over

Nelson LQ på lekter ved Leirvik Sveis.

Ingen andre norske offshore-verft har bygt så mange bustadkvarter som Leirvik Sveis.  Det har vore vår spesialitet i alle år. Det var vår styrke, men også vår veikskap.  Det var fleire år sidan Sveisen i sin strategiplan flytta bustadkvarter ned på andreplass.  Dei ynske først og fremst å byggja andre modultypar, gjerne prosessmodular.  Men først måtte dei prekvalifisera seg for å få gje tilbod – deretter greia å vinna ein kontrakt i ein stadig hardare konkurranse.

Tanken om å satsa på eit vidare produktspekter var ikkje nytt.  Midt i gullalderen (1985) då Statoil pressa på for å forsera utbygginga av Gullfaks C, reiste Per O. Bjelland spørsmålet om ikkje sveisen burde bli meir allsidig.  Han såg ein sjanse til auka fleksibilitet med den store, 30 millionars modulbyggehallen som dei planla inne i Valevågen.

Dette er en investering som vi kan ha stor nytte av seinere, da vi nå får et mer fleksibelt anlegg og vi vil i den forbindelse forsøke å komme oss inn på andre produktområder enn boligkvarter, f.eks. andre typer moduler slik at vi får flere ben å stå på i fremtiden, skreiv sjefen i førsteutgava av bedriftsbladet «Sveiseglimt».

Men Gullfaks C vart ikkje forsert.  Modulhallen vart aldri bygt.  Og Leirvik Sveis heldt fram med å produsera bustadmodular.

Nokre mindre andre oppdrag hadde dei sikra seg i denne omleggingsfasen, men dei store oppdraga i første halvdel av 90-åra var framleis bustadkvarter.  Sleipner A, Nelson, Troll olje og Njord .  I tillegg var dei med på å konkurrera om bustadmodulane til British Petroleum si plattform på Andrew-feltet, Conoco/Chevron si plattform til Britannia og Cormorant A utan å nå opp.

I 1993 leverer dei tilbod på bygging av eit lite, integrert dekk til brønnhodeplattforma på Sleipner Vest.  Året eter prøvde dei å få arbeid på eit landbasert anlegg – og å levera lugar-modular til skip – utan at det resulterte i nye kontraktar.

Beryl A og Nelson

Internasjonaliseringa hadde også gått tregt.  Rett nok stod Beryl A-plattforma nokre meter inn på britisk sektor, og det var den første Leirvik Sveis bygde bustadkvarter for.  Men det skulle gå 20 år før dei neste gong vann ein kontrakt til britisk sektor.

Med Don Wills som døropnar hos dei britiske oljeselskapa i 1989, greidde Leirvik Sveis å koma på tilbydarlista når det gjaldt bygging av bustadmodular til fleire britiske plattformer.  Don Wills hadde tidlegare vore tilsett i Blom + Voss AG, det tyske selskapet Leirvik samarbeidde med om O.M.R.  Han vart engasjert i eit år for å jobba for LS på den britiske marknaden.  Noko enkel oppgåve hadde han ikkje.  Den britiske oljeindustrien hadde vore rimeleg sterkt proteksjonistisk.  Men etter å ha jobba ei stund, hadde han fått såpass kontaktar at han kunne ta leiinga ved Leirvik Sveis med på ein rask introduksjonsrunde til sentrale aktørar på den britiske sokkelen som Agip, British Petroleum, Chevron og Marathon Oil.  Framleis gjekk dei aller fleste oppdrag til britiske verkstader.  Men Leirvik Sveis oppdaga at dei stadig vekk greidde å henga med heilt til sluttrunden.  Det gav håp om at dei også kunne vinna ein gong.

Sjansen kom på Nelson plattforma som Shell UK fekk bygt.  På eit tidspunkt der dei britiske offshore-verfta hadde plenty å gjera, greidde både Leirvik Sveis og Aker Stord å vinna britiske kontraktar.  Leirvik Sveis slo gjennom med spesialiteten sin, Aker Stord fekk byggja boremodulen til Nelson.

I ettertid er det lett å sjå at me fekk den jobben fordi me var billegast og best – og fordi britane ikkje hadde ledig kapasitet.  Det siste var ikkje minst viktig.  Nelson vart eit referanse-prosjekt for oss.  Kunden Shell UK var veldig nøgd med produktet dei fekk.  Leirvik Sveis har ikkje hatt problem med å kvalifisera seg for nye bustadmodul-tilbod på britisk sektor – men etter lange evalueringar har britiske verft fått oppdraga.  Me har fått mange «sølvmedaljar» der borte, men slikt kan me ikkje leva av.  Skal me lukkast på britisk sektor, må det skje i ein periode då deira eigen verkstadkapasitet er oppbrukt.  Sik er det berre.  Difor har me etablert kontakt med «lyttepostar» som fylgjer godt med i markanden der borte.  (Harald Karlsson)

Tjerand Lunde tek seg ein velfortent pause.