Leirvik fyller 75 år!

Samarbeid må til for å få fenderlista på plass langs skipssida.
1960-åra

1960-åra

Etter fire-fem vanskelege år kunne styret på sitt julemøte i lag med revisor Markussen i 1962 slå fast at driftsresultatet ville bli tilfredsstillande.  Endeleg kunne dei satsa på å skaffa seg nye verktøymaskiner.  Revisoren meinte dei ville tåla ei investering på 40.00 kroner.  Halvparten av pengane vart satsa på ein ny Marte dreiebenk som Maskinhjørnet tinga frå Barcelona.  10.000 kroner betalte dei kontant ved levering av herlegheita,  resten på 18 månaders avbetaling.

Lastebåtar og store fiskebåtar

MS Rugg

Kontakten og kontrakten med Rolf Kjøde sommaren 1963, skulle visa seg å bli uhyre viktig for utviklinga av Leirvik Sveis, og skipsreiar Rolf Kjøde i Bergen vart ein stor og viktig kunde for Leirvik Sveis. Etter omfattande jobbing kunne Odd P. Bjelland, Bjørn Karlsson og Birger J. Eldøy den 12. juni 1963 signera kontrakten på bygging av den første i ein heil serie av shelterdekkarar.  Ein paragrafbåt på 199 brt. som Leirvik Sveis skulle byggja for reiarlaget Kjøde & Kjøde AS i Bergen. 

Rett nok var kontrakten på bygginga av den første shelterdekkaren «Rugg» berre på knapt ein halv million kroner.  Men dei fekk høve til å demonstrera at dei framleis kunne byggja båtar.  Reiaren leverte alt materialet til skipet.  Den halve millionen var kun til arbeidspengar, hjelpematerialar og sjøsetting.  Greidde dei å produsera sju kilo stål eller meir pr. time, ville Leirvik Sveis tena pengar på denne kontrakten.

I utgangspunktet var det berre skroget dei skulle byggja – og dei fekk berre sju månader på seg.  Tanken var at skroget til M/S «Rugg» skulle ha vore taua til Berntsen og Sønners Mek. Verkstad i Ny Hellesund for montering av motor og utrustning.  Men reiarane ombestemte seg og ba Leirvik Sveis om å setja inn motoren også.  Dermed kunne «Rugg» gå til Ny Hellesund og utrustning for eiga maskin litt seinare på sommaren. 

Alt frå starten signaliserte Rolf Kjøde at det kunne vera aktuelt å byggja fleire skip av same typen ganske snart.  Jo raskare «Rugg» var gjort ferdig, jo større var sjansane til nye kontraktar.  Kjøde hadde sjølv vore med på å konstruera båten i lag med ingeniørfirmaet Lund, Mohr & Giæver-Enger i Bergen (som også Stord Verft brukte) og leverte all material Leirvik Sveis trong til bygginga av denne første båten. 

Ute i Sagvåg vart det ståande att eit uferdig skrog då Elektrosveis gjekk konkurs.  Seinsommaren 1963 tok Leirvik Sveis på seg å gjera skroget så ferdig at fiskebåten kunne sjøsetjast.  Vilkåra var 13 kroner timen for fagarbeidarane og 15 kroner timen for formannen.  Oppdragsgjevar var Gerh. Voldnes A/S i Fosnavåg som hadde kjøpt det uferdige skroget på «rot» i Sagvåg.

Med Vestlandske Fartybyggjarlag som marknadsførar, vart det no skikkeleg fart i salsarbeidet.  Dei neste åra kapra Leirvik Sveis kontrakt etter kontrakt – og tente pengar på dei aller fleste av dei.