Leirvik fyller 75 år!

Dei nye eigarane gjorde om på verkstadanlegget på Seglneset straks etter at dei hadde kjøpt det i 1965. Ny verkstadhall måtte til.
1965

Seglneset

Den første som starta med båtbygging i Sagvågen på Vervatåno var Andreas Arnesen Kjærevik frå Varaldsøy.  Båtane som vart bygde var klinka jekter på 24 til 60 fot.  Andreas tok nokre lokale gutar i lære som skipstømmermenn, og ein av dei var Otte Ottesen, som seinare grunnla Ottesen Skipsbyggeri i 1825.

Elektrosveis vart starta i 1951 av Gustav Alsaker og Trygve Ottesen.

Elektrosveis hadde mange arbeidsopppdrag, mest ombygging og vøling i starten, seinare nybygg. Den første var Radek, ein 72 fots fiskebåt til brørne Torgersen i Stavanger.  Den største kontrakten vart skriven i 1960 på fire stk. 122 fots fiskebåtar til reiarar frå Færøyane. Då det tredje nybygget var klart til levering, heldt verksemda båten tilbake grunna manglande betaling.  Men det lukkast ein av medeigarane til båten å stikka ut frå Sagvågen og sette kursen mot Færøyane. Tapet vart for stor bør for Elektrosveis, som vart slått konkurs.

Selde til Leirvik Sveis

Leirvik Sveis bygde fleire skrog for Elektrosveis.  Mellom anna til rutebåten «Akerø» og den færøyske fiskebåten «Eirik Hjallur».  Dette var skrog som Elektrosveis utrusta og leverte til reiarane.  Då verksemda gjekk konkurs, sto det ein halvferdig 120 fots fiskebåt på beddingen.  Ikkje før eit par år seinare vart skroget gjort ferdig – av Leirvik Sveis. 

Sunnhordlandsbanken var ikkje interessert i å bli sitjande som eigar av eit skipsverft ut og ut og prøvde å selja det.  Både OMA Baatbyggeri og Leirvik Sveis vart kontakta.  Ville dei overta båtbyggeriet på Seglneset?

«Plutseleg fann eg på å kjøpa det. Bjørn (Karlsson) tok kontakt med banken og kjøpte Seglneset for 175.000 kroner», fortalde Birger Eldøy den gong.

«Kven som hjelpte kven i den situasjonen, kan diskuterast. Me var glade for å bli kvitt Seglneset og gav Leirvik Sveis kjøpesummen som kreditt med minimal rente over lengre tid.  Dei løyste eit problem for oss. Me var ikkje interessert i å driva skipsbyggeri», fortalte den tidlegare sjefen i Sunnhordlandsbanken, Gunnar Steinshamn.

Januar 1965 selde Sunnhordlandsbanken eigedommen til Leirvik Sveis, som trong plass for å utrusta skroga som vart bygde på Aslaksvik.  I Sagvåg fekk dei ei lun hamn og eit billeg utrustningsverkstad. 

Etter 1965 vart alle båtane som vart bygde på Leirvik Sveis utrusta på Seglneset. Aksjekapitalen på 30.000 kroner vart fordelt på 60 aksjar, kvar på 500 kroner.  Odd P. Bjelland, Birger J. Eldøy, Bjørn Karlsson, Per O. Bjelland og Kjell Bjelland skaut inn 6.000 kroner kvar i det nye selskapet.  Odd P. vart selskapet sin første styreformann.

«Det første året etter overtakinga jobba me for det meste ute – under open himmel.  Det vart laga ein provisorisk kai som shelterdekkarane kunne liggja innåt.  For å koma ut på dei, måtte me balansera på gangvegar.  Sjølv om det ikkje var så mange tunge løft i utrustningsfasen, måtte me ha ein kran.  Det vart den gamle stimkranen på verftet som gjorde nytta den første tida.  Eg prefabrikkerte mastene til lastebåtane Sveisen bygde.  Av ein eller annan grunn var det alltid vadlasletta og snø når me skulle montera staga.  Det slo ikkje feil.  Å rigga shelterdekkarane var ein kald jobb.»

ref. John Dybvik
Slik såg det ut på Seglneset den gong Elektrosveid dreiv der.