Leirvik fyller 75 år!

1962

Klar for sertifisering

Nabobedrifta vår, OMA Baatbyggeri, høyrde til i lokaler på Døso, på Hystad, før dei flytta til Aslaksvik. Livbåtar var noko dei produserte mange av, og disse måtte sertifiserast av Det Norske Veritas.

Sidan det ikkje var så mange ansatte hos OMA, måtte dei “låne” folk på Sveisen + «gutongar» til tilsette og ungar i nabolaget. 

Testen var enkel;  Dei fylte opp livbåten med folk, og Veritasinspektøren målte fribord med meterstokken, –  og livbåten vart godkjent!

Dette var i begynnelsen av 60 åra – ikkje heilt etter dagens HMS krav… Ingen redningsvest, små ungar… Gjekk heldigvis godt!

Leirvik Sveis bygde fleire skrog for Stord Verft.  På beddingen i bakgrunnen ligg MF Huglo.  Den hadde bnr. 20.  HSD overtok ferja midtsommar 1962 og hadde den heilt til 1980.  Då vart «Huglo» selt til Simon Møkster i Stavanger.

MF Huglo på beddingen i bakgrunnen.
Test av livbåtar på byrjinga av 60-talet.