Leirvik fyller 75 år!

Peisestova – frå venstre: Birger R. Larsen, Kjersti Andersen, Nils Arne Ottesen, Mary-Ann M. Gundegjerde, Arne Helland, ukjend, Harald Karlsson og Tor Bjelland.
1988

Aluminium

Men så tok Sveisen til å tapa kontraktar.  Det kom nye utfordrarar på banen.  Konkurransen om byggeoppdraga hardna til.  I april 1988 gjekk 23 av 170 tilsette ut i permittering.  Andre fekk oppdrag med å byggja bustadmodulane til BP si Gydaplattform og Norsk Hydro si Oseberg B-plattform.

Storparten av dei som var att på Sveisen vart leigde ut – til Aker Stord, Stordbase og Aker Stord Industri.  Berre eit fåtal var att i Aslaksvikjo for å driva vedlikehald og forefallande arbeid.

Etter å ha tapt Oseberg B-kontrakten drog leiing ved Leirvik Sveis til Ullensvang for å analysera situasjonen.  Der bestemte dei seg bl.a. for å byggja opp si eiga ingeniøravdeling på 30-50 personar – og for å satsa på bustadkvarteret til Saga si strekkstag-plattform på Snorre-feltet.

Det var Norsk Hydro som for alvor introduserte lettmetallet aluminium som konstruksjonsmateriale i bustadkvartera.  På det heilt spesielle Oseberg-hotellet brukte Leirvik Sveis 600 tonn aluminium.  Alle utvendige trappetårn og helikoptermodulen var bygt i aluminium.

Men sjølv om Norsk Hydro sin prosjektleiar Lars Krefting fekk «The aluminium offshore prize 1986» av Hydro Alum. Offshore, bomma Hydro på sin spådom.  Dei trudde at pionerinnsatsen deira på  aluminium ville bli starten på ein ny epoke innan lettvekstteknolog for norske utbyggingsprosjekt offshore.

Alle nye prosjekt under planlegging vurderer nå seriøst bruken av aluminium som et sentralt element innan framtidig lettvekts-teknolog-med referanse til resultatene på Oseberg, sa direktør Åsmund Bruli i Hydro Alum. Offshore då han delte ut prisen. 

Men det skulle ta tid før aluminium vann fram som eit viktig konstruksjonsmateriale offshore.  Bustadkvarteret til Oseberg A vart banebrytande også på andre måtar.  Norsk Hydro valde nemleg å lysa ut ein design-konkurranse om utforminga av modulane.  Den aller første i norsk offshore-historie.  Seks firma deltok i konkurransen som Norconsult Offshore Engineering AS vann.  Utkastet frå arkitekt Stien Rosenvinge i NOE vart utvikla vidare av Norsk Hydro.

Samanlikna med tidlegare bustadkvarter, vart Oseberg A reine Rolls Roycen.  Dei avrunda utvendige hjørna var først og fremst valde for å redusera turbulensen ved helikopterdekket.  Dei gav samstundes eit estetisk mjukare inntrykk. 

Absolutt alle bruksromma om bord fekk dagslys og utsikt mot Nordsjøen.  Dei store fellesromma var alle av uvanleg høg standard.  «Peisestova» gjekk gjennom tre høgder og vart m.a. utstyr med ein dyr gasspeis og ei eksklusiv «taklysekrune» til ein million kroner. 

Gymnastikksalen gjekk også gjennom tre etasjar og hadde ei golvflate på 11×18 meter.  Ikkje alt var like gjennomtenkt av dette.  For driftspersonalet fekk liten glede av gasspeisen og lysekruna ute  i havet.  Gasspeisen kunne ikkje brukast fordi den utløyste røyk og brannalarmen.  Lysekruna fungerte så lenge pærene varde.  Men ingen hadde tenkt på korleis  ein skulle skifta dei mange lyspærene tre høgder over golvet.  Derimot vart gymnastikksalen eit aktivum operatørane på Oseberg feltsenter ikkje fekk rost nok.  Der kunne dei til og med spele volleyball.  Det var takhøgde nok til det.