Leirvik fyller 75 år!

Bilde av plattformmoduler
Modulane L20 og L30 til Snorre-plattforma.
1988

Snorre LQ

Det neste gjennombrotet for aluminium som byggemateriale kom med den flytande strekkstagplattforma Saga Petroleum fekk bygt for Snorre-feltet.

«Eigentleg stritta me sterkt i mot då Saga kom og ville ha eit bustadkvarter i aluminium.  Avviste tanken.  Trudde Norsk Hydro sto bak og at Hydro Aluminium Structures hadde fått Saga med seg på ideen.  Var redde me alt var ute av bildet.  Men på juni-møtet i Ullensvang 1988 bestemte me oss likevel for å satsa på Snorre.  Tilbodspakken kom i juli og før oktober var ute sat me med ein fastpriskontrakt på 300 millionar kroner på verdas første bustadkvarter i aluminium og hadde ikkje eit menneske som kunne dette metallet.  Samstundes hadde me teke på oss å gjera all engineeringa på Snorre-kvarteret sjølve – utan å ha eiga ingeniøravdeling!» (ref. Jarle Myklebust)

Leirvik Sveis valde å leggja ned Seglneset som stålbedrift.  Den skulle spesialisera seg på aluminium.  Prefabrikasjon av røyr vart lagt til Delindustri i Grunnavågen.  I alt investerte Leirvik Sveis mellom 40 og 45 millionar i utstyr og opplæring av dei tilsette på Seglneset.  Samtlege fekk eit fire vekers kurs i aluminiumssveising ved Stord AMO-senter – pluss tilleggskurs seinare. 

I Aslaksvikjo vart det reist ein eigen hall der aluminiumsmodulane skulle samanstillast.  For stål og aluminium gjekk dårleg i lag, og det nytta ikkje å sveisa aluminium utandørs.

Klubbformann John Arild Gravdal hadde god kontakt innover i Arbeiderpartiet og fagrørsla og fekk møta både Industrikomiteen og Olje- og energikomiteen for å drøfta omstillingstiltak.  Han var også i Kommunaldepartementet og forklarte korleis situasjonen på Stord og i Sunnhordland kunne bli.  Leirvik Sveis hadde alt permitteringar.  Situasjonen kunne fort bli verre.  Her var det grunnlag for å søkja det offentlege om midlar til omstilling av Leirvik Sveis.

Kommunaldepartementet vart invitert over – og etter eit grundig førebudd og godt gjennomført møte med leiinga på Leirvik Sveis, ytte staten både opplæringstilskot til dei som vart omskulert til aluminium – og tilskot til portane i den nye hallen.

«Seinare kom det på førstesida i Dagens Næringsliv at overskotsverksemda Leirvik Sveis hadde fått offentleg tilskot til omstillinga.  Det var eit slag i ansiktet.  Men me hadde mange gode argument på vår hand.  Ikkje minst dei store investeringane Leirvik Sveis sjølv hadde teke i omstillinga.

Me fekk omskulert mange av våre folk frå stål- til aluminiumsarbeidarar.  På kort tid fekk me fram ein aluminiumskompetanse som ingen andre verksemder i Noreg eller verda elles hadde.  Me bygde nytt verktøy, og utvikla nye metodar for å jobba med aluminium.  Leirvik Sveis fekk fram ein kompetanse som svært mange andre brukar i dag.  I 90-åra er det t.d. bygt fleire store, raske aluminiumsferjer.  Framleis brukar dei materialtypar og verktøy som me var med på å utvikla til Snorre.  Dei omstillingsmidlane Staten gav oss, var også samfunnsøkonomisk ei god investering.»  (Ref. John Arild Gravdal)

Men Leirvik Sveis sat med ein EPC-kontrakt utan å ha eigen engineeringskompetanse.  Den bygde dei delvis opp ettersom underleverandørane tok sin del av engineeringa.  Raufoss AS vart innleigd på aluminium.  Dei hadde vore med heilt frå konseptet vart utvikla og tilførte Leirvik Sveis verdfull know-how om lettmetallet.

Hindra av snøggtoget

Det første problemet var å få tak i materialar.  Aluminiumslandet Noreg kunne ikkje levera så store profilar som det Leirvik Sveis trong til dei berande konstruksjonane på Snorre.  Pressverka her kunne levera 300 mm breie profilar.  Sveisen trong dobbelt så breie.

Men nede på kontinentet var aluminiumsverka opptekne av å levera materialar til det nye, felles togprogrammet for Tyskland og Frankrike.  Dei bygde lyntog av aluminium.  Alle dei store pressverka gjekk for fullt på tog-ordrar.  Dermed kom Leirvik Sveis langt bak i køen.  Leveringstida på dei grovt dimensjonerte profilane var 26 veker!

Etter å ha finkjemma heile Europa, satsa Leirvik Sveis på dei to tyske pressverka Alusingen i Singen ved Bodense og Vereinte Aluminium Worke (VAW) i Bonn.

Leirvik Sveis teikna bjelkeprofilane i lag med Raufoss.  Så overtok dei tyske pressverka og laga både detaljteikningar og verktøy.  Å laga eit slik tok fire veker.  Det første prøvepresset såg ikkje ut (Ikkje uvanleg).  Verktøyet var ikkje fininnstilt.  Men verktøymakarane såg kvar feilen var, fila og finjusterte verktøyet til det var godt nok.  Så kunne dei køyra presset.

Offshore var ein ny bransje for tyskarane, og som mange andre fekk dei problem med kvalitetskrava.  Dei første profilane var ikkje sterke nok i tverretningen.  Utruleg mange av dei vart vraka.  For dei vanskelegaste typane vraka Sveisne opp til 50 prosent.  Tyskarane vart heller urolege av den høge vrakprosenten, men tok seg godt inn att.  Takka vera god oppfølging, vart alt dette oppdaga på pressverka, før profilane vart sende til Stord.  Det enda med at Leirvik Sveis måtte gjennom ei omfattande studie i lag med Saga Petroleum for å verifisera at profilane var gode nok.  Det greidde dei.

Alle dei tyske aluminiumsprofilane vart testa mekanisk før dei vart sende til Stord.  I ettertid fann dei ut at ved å kontrollera parametrane sin – og utforma profilane til Snorre enklare, kunne ein ha unngått desse problema.  Men korkje Leirvik Sveis, Saga, Raufoss eller Norsk Hydro hadde kunnskap nok om aluminium til å oppdaga dette.

Men alt gjekk bra til slutt.  Leirvik Sveis fekk profilane dei trong.  Sjølve produksjonen av Snorre-kvarteret gjekk veldig greitt.  Tilbakemeldingane frå Saga Petroleum etter fem års drift i Nordsjøen var gode.  Den største aluminiumskonstruksjonen som nokon gong har vore bygt, fungerte slik den skulle.

«And the decision is  ……..ALUMINIUM»

Me visste jo at Saga hadde forespurt på Snorre A LQ alternativ i aluminium, men trudde jo ikkje at dette vart valt, så overraskinga var stor då meldinga kom.

Vår erfaring var kun frå prefabrikasjon av trapper, gangveier, rekkverk samt enkel utrustning. Alt sekundære konstruksjonar der lastene ofte vart førte til ståldekk eller via bolting til stålkonstruksjoner. Ein del enkel kilsveis med a-mål 4, samt nokre fullt gjennombrente sveisar på platetykkelser 4 til 6 mm, hadde me jo fått laga og fått godkjente sveiseprosedyrer på. Aluminiumslegeringane her var godt sveisbare, men likevel utfordrande for oss, og sjokket på Seglneset var stort då det gjekk opp for oss kva me skulle i gang med.

Saga hadde gjort eit godt forarbeid og knytta til seg topp kompetanse både hos Raufoss Aluminium og Hydro Aluminium på Karmøy.

Me skaffa oss den tidas fabrikasjonsbibel «Der Taschenhandbuch fur Aluminium», ein del annan anbefalt faglitteratur samt BS standardane for aluminiumfabrikasjon viste til i kravspesifikasjon frå Saga.

Når me i tillegg las om legeringane som Saga beskreiv, kom nok eit sjokk. I «bibelen» fann me at dei grove platemateriala (med platetjukkelsar opp til 120 mm), som alle bærande element skulle byggjast av, hadde legeringar  og herdetilstander som ikkje var anbefalt sveiste.

Metallurgane til Raufoss og Hydro overbeviste oss om at det ikkje var enkelt å sveisa desse materiala, men med rett prosedyre og tilsatsmaterial gjekk det nok.  Me forstod at her var ikkje noko  veg utanom, enn å gå i gang og prøva (og feila for så å komma oss vidare).  Mange på avdelinga ville slutta – dei kunne så mykje om aluminium at dette heilt sikkert kom til å gå «åt skogen».

Når alvoret no hadde sige inn, starte me å realitetsorientera oss.  Her var mykje som skulle vera klart før produksjonsstart – slik om:

  • Val av verktøy for platebearbeiding
  • Val av sveiseutstyr
  • Val av verneutstyr
  • Design og framstilling av produksjonsjiggar
  • Installasjon av varme og pusteluft i hallane
  • Utarbeiding og oppsveising av prosedyrar
  • Tilrettelegging av stasjonar for prefabrikasjon
  • Tilrettelegging av samanstillings-stasjonar
  • Takla problematikken med sveisekrymp

Bidragsytarar her var leverandørar av sveiseutstyr, platebearbeidings-utstyr, verneutstyr mm.

Me fekk no ein hektisk periode der mykje skulle vera klart til fabrikasjonsstart. Diskusjonane om val var mange og einigheita ikkje alltid samstemt, men for å nå oppstartsdato måtte beslutningane tas –  det var tidspress den gongen som det nok også er i dag. I det store og heile gjekk forberedelsane greitt, men det kunne også vera fleire syn på korleis visse oppgåver skulle løysast.

Huskar ein diskusjon der eg vart fortalt at;  skulle eg vera så sta kunne eg berre komma meg heim, og eg kunne gå over sjøisen  (dette var rundt St Hans).

PS! – dei som trua med å slutta ombestemte seg heldigvis og vart viktige bidragsytarar i prosessen før produksjonstart og seinare under bygginga av aluminium LQ’en til Snorre A, som til då var verdas største sjølvberande konstruksjon i aluminium.  Seinare såg desse skeptikarane «svart» på stålproduksjon, men dette passa me oss for å konfrontera dei med…

Prosjektet vart gjennomført som «the best LQ ever» – på samme måte som Lillehammer OL var «the best wintergames ever».  (ref:  Gunnar Stenersen, ansvarleg  (litt skeptisk i starten) for produksjonsomlegginga til aluminium på Seglneset.

Mann som kutter med kuttemaskin
Erling Gangdal kuttar hjørnesøyler til Snorre-modulane.
Deler til plattform
Delproduksjon av Snorre-skott på Seglneset.