Leirvik fyller 75 år!

Gunnar Stenersen foran Forsmo bru som vert heist på plass på brukarane bak han. Det er lagt inn sensorar i brukonstruksjonen. Dei neste tre åra skulle dei registrera kva strekk og andre påkjenningar aluminiumsbrua vart utsett for. Interessa for brua har vore stor. Eit tysk tidskrift sende ein av sine reporterar først til Hydro Aluminium Karmøy Fabrikker - deretter til Forsmo bru ved Mosjøen for å studera nykonstruksjonen.
80-talet

Bruer av stål- og aluminium

Seint på 80-talet etablerte Leirvik Sveis seg som brubyggjar.  I rask rekkefylgje leverte offshore-verkstaden fire stålbruer til Statens Vegvesen.  Til den første av dei bygde dei også bru-kar i stål.  Bukkholmstraumen bru i Austrheim (Nordhordland) vart prefabrikkert på Leirvik Sveis i 1988.  Det same vart dei fire 12 meter høge stålsøylene som skulle bera den.  Etter at kara var monterte, vart den 118,5 meter lange og tre meter breie stålbrua løfta forsiktig på plass den 26. november 1988.  Kort tid etterpå var stålbrua med «knekk» bruksklar, til glede for øybuarane der nord.

Sveisen hadde fått ein fot innanfor ei ny, lita nisje.  Same året fekk dei kontrakt på to nye stålbruer.  Den eine av dei skulle gå over Toskasundet i Nordhordland og knyta øya Toska til Radøy.  56 meter stålbru var alt som skilte dei 50 øybuarane frå hovudøya.  Det var norske flagg og skulefri på Toska den 28. februar 1989.  Då kom flytekranen sigande med den 67 tonn tunge stålbrua og gav oppsitjarane ein heilt ny kvardag.

Den andre og lengste var Kassosen bru på Brandasund-vegen.  Denne 125 meter lange stålbrua knyter Goddo til Furuholmen der fylkesmannen Håkon Randal hadde sitt sommarhus.  Men det var ikkje difor brua vart bygt.  Den var med på å gje dei 150 oppsitjarane i Brandasund fast samband til Bømlo.  Og eit bidrag til at denne ytste delen av Fitjar kommune vart overført til nabokommunen i vest.  Det same gjeld for så vidt den fjerde stålbrua frå Leirvik Sveis.  Den er om lag like lang som Kassosen bru og går over Djupasundet mellom Ylvesøy og Lambholmen i Brandasund.  Frå holmen går vegen vidare til steinfylling til Vikøy.

Det skulle gå fem år før Statens Vegvesen kom tilbake som kunde hos Leirvik Sveis.  Denne gongen gjaldt eit heilt nytt produkt:

Aluminiumsbruer

I to år jobba Leirvik Sveis i lag med SINTEF, Veglaboratoriet, konsulentfirmaet A.R. Reinertsen, Norsk Hydro, Karmøy og Vik Verk for å få vegkontora til å vurdera aluminiumsbruer på line med stål- og betongbruer.

Det skulle bli Nordland Vegkontor som kom først på banen – hausten 1994.  Men ordren vart ikkje plassert før i februar 1995:  Forsmo bru skulle byggjast i aluminium.  Eit pionerprosjekt for norsk vegvesen.

Leirvik Sveis vann priskonkurransen og kunne starta prefabrikasjonen av brua i mai.  Fire månader seinare vart den 39 meter lange, 7,6 meter breidde og 30 tonn tunge aluminiumsbrua sende med båt til Holandsvika i Vefsn kommune, Nordland.  Dei siste fire kilometrane fram til brufesta gjekk på trailer.  Heilt enkelt var det likevel ikkje å få den sju meter breie brukonstruksjonen fram til målet.  Mellom anna måtte transporten passera ein fin bjørkeallé.  På førehand hadde vegvesenet sjekka at avstanden mellom trerekkene var akkurat stor nok.  Men dei hadde ikkje rekna med at løfteøyro stakk utanfor langsida av brua.  Dermed måtte dei bena bjørkene klar løfteøyro mens traileren snigla seg fram gjennom alléen.  Vel framme tok det berre to-tre timar å løfta den nye Forsmo bru på plass. Og etter at riksvegen hadde vore stengt i fem døgn, kunne bilane køyra over aluminiumsbrua.  Fem millionar kroner kosta nyskapningen.

«Tenkjer ein framtidige innsparingar på vedlikehald, og innsparingar i vekt i dei tilfella det er viktig, ser det ut for at det er mogleg å konkurrera med stål.- og betongbruer for bruspenn i visse område», skreiv Gunnar Stenersen i bedriftsbladet «LS Bulletin» etterpå.

«Leirvik Sveis vil fylja utviklinga i markedet nøye og vera med og konkurrera om eventuelt nye konkrete prosjekt skulle dukka opp»….

Det var plass til sjølve brua mellom bjørkene i allèen, men løfteøyro stakk så langt ut at bjørkene måtte bendast unna ei for ei for å gje plass nok til at brutransporten kunne passera.
26. november 1988 vart den første stålbrua frå Leirvik Sveis løfta på plass over Bukkholmstraumen i Austrheim. Brua var 118,5 meter lang.