Leirvik fyller 75 år!

2009

«Sveiseglimt» og «LS Bulletin»

Det var i 1985, då talet på tilsette i Leirvik Sveis passerte 150, at administrasjonen bestemte seg for å gje ut eit internt informasjonsblad.  Det hadde lenge vore diskutert om dei ikkje burde få til ein betre interninformasjon.  Problemet var å finna nokon som ville ta på seg arbeidet med informasjonsbladet.  I utgangspunktet skulle det berre koma ut tre gonger i året.  Harald Karlsson tok på seg å vera ansvarleg redaktør og fekk med seg Åge Aadland, Arvid Larsen, Jørn Larssen og Birger Larsen i redaksjonskomiteen.  Det første «Sveiseglimt’et» kom oppunder jul 1985 – og skulle dekka både Leirvik Sveis og Seglenset.  Målet var at bladet skulle vera til felles nytte for alle tilsette – og deira familiar. 

«Sveiseglimt» skulle presentera både nyheiter og bakgrunnsstoff frå dei to selskapa.  Klubbformann Willy Arntsen var ein av dei mange som helsa tiltaket velkomen.  Han oppmoda alle medlemmene sine om å koma med innlegg i det nye bladet – og tok på seg å formidla kontakt mellom dei og redaksjonen.

Det var Stord Trykk som trykte «Sveiseglimt».  I første omgang var formatet A-5 – frå og med julenummeret 1987 valde redaksjonen å dobla formatet (til A4), men reduserte talet på utgåver til kun eit julenummer året etter.  Men så i 1989 kom «Sveiseglimt» med tre nummer i det nye stor-formatet.  No skulle det ikkje berre dekka Leirvik Sveis og Seglneset, men det som ei stund vart omtala som Leirvik Sveis-gruppen.  Året etter kom berre julenummeret av informasjonsbladet – og så var det jamt slutt.

Noko av det første sunnmøringen Kjell Molvær tok tak i då han vart tilsett som personalsjef 1. april 1992, var å dra i gang eit nytt internt informasjonsblad:  «LS-Bulletin».  Eit lite nyhetsbrev som frå og med april 1992 vart redigert og utgjeve av personalkontoret.  Utgjeve «etter behov og i erkjennelse av at informasjon er viktig å få ut».  Bulletinen kom jamt og trutt ut, og vart distribuert til alle dei tilsette, pensjonistar, styremedlemer, eigarar, underleverandørar og til lokale og regionale media.  Med om lag 20 utgåver i året, fungerte LS Bulletin rimeleg godt som informasjonskanal mellom leiiinga og dei tilsette.  Dette var heilt nødvendig for ei bedrift som i denne perioden hadde mellom 320 og 370 tilsette. 

Det siste LS-Bulletin vart distribuert i 2009.