Leirvik fyller 75 år!

1957–1958

Bygde utan løyve

I 1957 stod ein 40 m lang og 4,7 m brei bedding med ei 20 cm tjukk armert betongplate klar.  Oppunder berget reiste dei samstundes ein betongbygning i to høgder.  Her vart det plass for maskinverkstad og vaskerom i første høgda.  Oppe vart det innreia to kontor, matsal og garderobe.

Den andre bygningen som vart reist dette året, var kompressorhuset på 5,4×3 m.  Over kompressorrommet vart det innreia eit lite formannskontor i andre høgda.  Platehallen kom ikkje før året etter.  Då vart det reist ein 22×11 m lang hall med bølgjeblekk-veggar og eternittak.  Den berande konstruksjonen  av stål, sperrene av tre.

Tilhøvet mellom Stord kommune og Leirvik Sveis var ikkje alltid det beste.  Etableringa av det nye skipsbyggeriet i Aslaksvik skjedde nemleg ikkje heilt etter boka.  Dei tre utolmodige kompanjongane sette i gang med utbygginga lenge før dei hadde fått formalitetane i orden.  Hausten 1956 søkte rett nok arkitekt Knut Eide på vegne av dei tre om løyve til å setja opp ein plateverkstad i Aslaksvik.  Dei ville gjerne koma i gang med bygginga i februar 1957, slik at dei kunne ha verkstaden klar på haustparten same året. 

Men sjølv om Finn Haga i den kommunale byggjenemnda var positiv, var ikkje den nytilsette kommuneingeniøren Fleten det.  Og då han på førjulsvinteren oppdaga at kompressorhuset var bygd utan løyve, vart han arg.  Byggeaktiviteten til Leirvik Sveis var slett ikkje i samsvar med reguleringsplanen.  Både maskinverkstaden og kompressorhuset kolliderte med planane om veg til Valeodden!

Hausten 1957 sat bygningsrådet framleis og venta på planar for utbygginga i Aslaksvik. Etter det Fleten kjende til , vart det bygt opp både det eine og det andre utan godkjenning.  Dette kunne ikkje bygningsrådet gå med på.  Dessutan skulle planane ha vore godkjente av Arbeidsdirektoratet. 

Først på forsommaren 1958 la Leirvik Sveis fram teikningar for ein plateverkstad på 210 kvm.  Men bygningsrådet nekta å godkjenne den. Denne verkstaden ville og koma i konflikt med  vegen til Valeodden.  Dessutan peika rådet på at Sveisen hadde bygt eit kompressorhus som heller ikkje var godkjent av dei. 

Etter synfaring hausten 1958 oppdaga bygningsrådet at Leirvik Sveis hadde trassa dei nok ein gong.  Hallen var bygt – med innvendig kranbane og alt som skulle til.  Det resulterte i krav om bøtelegging av den ansvarlege byggeleiaren.  Saka vart meldt til politiet – og teken opp i formannskapet.

«Me søkte Fleten om lov til å byggja Hall1, men fekk nei i neven fordi denne hersens vegen til Valeodden skulle gå nett der.  Ja, han ville byggja veg tvers over industriområdet vårt.  Du veit me gav blaffen i han og bygde likevel.  Det var ikkje anna råd med det.  Så melde han oss til politiet i Bergen.  Dei var her og forhøyrde meg.  Me fullførte hallen likevel, me.  Fleten fylgde nøye med på kva me gjorde.  Han var ute på haugen her kvar einaste dag.  Kan hugsa at eg vinka til han.  Eg vørde han ikkje fordi han nekta oss byggjeløyve.

Til slutt måtte me få saka opp i heradstyret.  Heile heradstyret kom på synfaring her i lag med vegsjefen og fleire andre.  Eg hugsar at vegsjefen sa til Fleten:  – Kan skjøna du ikkje kan leggja vegen til Valeodden over industritomta dei har kjøpt.  Vegen må gå lenger inne.  Heile heradstyret sa seg samd med vegsjefen.» 

ref. Birger Eldøy

Alt bråket resulterte til slutt i at den omstridde vegen kommuneingeniøren absolutt ville ha bygt fram til Valeodden, vart fjerna frå reguleringsplanen.  Det høyrer med til historia at vegen aldri vart bygt.