Leirvik fyller 75 år!

«For stabil vannforsyning: Stord-pumpen. Selvsmørende - trenger ikke tilsyn. Stord-pumpen skaffer Dem rennende vann med godt trykk, minimalt strømforbruk og nesten uten støy. Stord-pumpen produseres og garanteres av Leirvik Sveis, Mek. Verksted - Tlf. 363 - Stord»
1961–1962

Ingen jobb var for liten

I dei  vanskelege åra etter akkorden var ingen oppdrag for små for Leirvik Sveis.  Samstundes som dei prøvde å få fram nye, eigne produkt som t.d. Stord-pumpa, tok dei tilfeldige strøjobbar for næringslivet på Leirvik. 

«Me produserte 30-40 Stord-pumper.  Ei pumpe som likna mykje på Bryne-pumpa.  Men salet tok aldri av», fortalde Birger Eldøy

Dei laga røykeomn til Stord Slaktarforretning, reparerte dampkjelen til Leirvik Dampbakeri, laga kumlokk til Stord kommune, vølte vaskemaskina til Olver Hystad, laga 12 gjerdepålar til kaptein Agdestein osb.

Skipsbygging var det smått med.  Rett nok slang det ein og annan småjobb også der, men det var langt mellom dei.  Sakte, men sikkert greidde dei tre kompanjongane å jobba seg inn att også i den marknaden.  Første som underleverandør.  Så også med direkte byggeoppdrag for reiarane.  I 1961 fekk dei oppdraget med å byggja eit 108 fots skrog som underleverandør for Elektrosveis i Sagvåg.  Kontraktssummen var på 228.000 kroner og Leirvik Sveis tente 21.800 kroner på jobben.  Same året sette Stord Verft bort bygginga av skroget til HSD-ferja «Huglo» til Leirvik Sveis for 225.000 kroner. 

Dei bygde også skroga til den 122 fot store linebåten «Erikur Hjallur» (Færøyane) og skøyta «Bergen Kreds».  Begge av skomværtypen.  Det vart også bygd eit skrog til ein 40 fots hamnebåt for Norsk Bjergningskompagni i Bergen, og ein 45 fots skrog til ein liknande båt for Trondheim havnevesen. 

Framleis tok dei utfyllingsarbeid på Sveisen.  Dei laga flaggstang til lærarskulen, støtputa som hydrofoilbåtane skulle leggja til på Leirvik hamn.  Dei laga også mykje utstyr for Stord Bartz Industri, Stord Verft, Ottesen Skipsbyggeri mfl.  Grunnlaget for ein omfattande industriproduksjon var lagt. 

Tanken om å gjera Leirvik Sveis om til eit aksjeselskap vart lansert første gongen på eit styremøte rett før jul i 1962 der revisor Markussen var med.  Markussen stressa med at dei tre kompanjongane i alle fall burde klarleggja korleis ein skulle gå fram dersom ein av dei skulle falla bort.  Eit spørsmål han rådde dei sterkt til å avklara snarast.

Det skulle gå ti år før Leirvik Sveis vart omdanna til aksjeselskap.  Det skjedde først i 1973.

I mellomtida jobba dei vidare med idear om nyskaping:  Kva kunne Leirvik Sveis tilby i samband med det nye aluminiumsverket som var under bygging på Husnes?  Skulle dei produsera kuplingar for Hameva Welding Tool Factory i Oslo?

Kvifor ikkje annonsera i Osloavisene at Leirvik Sveis var interessert i delproduksjon, platearbeid, dreiing osb.?  Skulle dei utvida verksemda med agentur og liknande?  Få fatt i utanlandske agentur for landbruksmaskiner?

Andre ting dei tre drøfta var kommisjons- eller agenturforretning for tremateriale og bygningsartiklar – t.d. for Stavanger Cementvarefabrikk.  Kunne Thoresen & Thorvaldsen A/S i Oslo vera interessert i å etablera eit stållager hos Leirvik Sveis?  Kva med å laga knekkepresser for Bauer Nilsen i Haugesund – eller vingepumper som NHV produserte?  Kunne Thorvaldsen A/S i Oslo vera interessert i å etablera eit stållager hos Leirvik Sveis?

Bjørn Karlsson kunne også tenkja seg fleire andre agentur for Leirvik Sveis, enten det no gjaldt motorar, Fiat-bilar, monteringsklare garasjar eller kjølediskar.  Kva med eit engroslager for maling og andre produkt, oljetankar for Shell, opphogging av bilar og/eller båtar, forsikring, produksjon av branndørarar? 

Vestlandske Fartybyggjarlag

Eit av problema for Leirvik Sveis dei første 15 åra var at dei ikkje hadde noko marknadsføringsapparat.  I 1961 vart kompanjongane samde om å teikna medlemskap i Vestlandske Fartybyggjarlag.  Det skulle visa seg å vera ei lur avgjerd.  For nett på denne tida utvikla fartybyggjarlaget eit felles salskontor for sine medlemmer.  Dei marknadsførte ikkje bere VF-verksemdene mot norske reiarar, men også utanlandske.
Bjørn Karlsson vart vald inn i styret i Vestlandske Fartybyggjarlag etter berre fem års medlemskap og sat som formann i perioden 1970-74. På relativt få år greidde han å skaffa seg eit solid omdøme i organisasjonen.«Bjørn Karlsson var ein framifrå formann som hadde mykje ugjort då han så altfor tidleg gjekk bort i 1974, sa Jan Ryver, dagleg leiar i Vestlandske Fartybyggjarlag og framhaldet Norske Skipsverft.