Leirvik fyller 75 år!

«Tanja»
1957

Økonomiske vanskar

Sjølv om aktiviteten var høg og produksjonen stor i Evjo, tente ikkje Leirvik Sveis allverda med pengar.  Det å flytta verksemda frå Evjo til Aslaksvik kosta meir enn det smakte, sjølv om dei tre leiarane prøvde å setja tæring etter næring.  Beddingen og skipsbygginga var det dei først prøvde å få orden på etter flyttinga.  Dei flytta frå provisoriske lokale i Evjo til provisoriske lokale i Aslaksvik.  Det meste av aktivitetane gjekk framleis føre seg under open himmel.

Det første skipet som vart levert frå «nye verftet» var lastebåten «Tanja», som vart sjøsett oktober 1957.  Denne kontrakten gav ikkje den store lønsemda, i tillegg krevde arbeidet med oppbygging av verftet på eigen grunn for mykje av eigenkapitalen, og verftet kom opp i store økonomiske vanskar. 

Birger Eldøy gjorde eit «røvarkjøp» i Sauda.  Fekk overta dei berande stålkonstruksjonane til ein stålhall for 1.000 kroner tonnet av Sauda Monteringslag.  Stålet vog 80 tonn og skreiv seg frå ein av dei mange hallane som tyskarane fekk reist i Sauda under krigen.  Dei hadde store planar om å lage ein oksydfabrikk.  Hallen hadde høvd som hand i hanske for Leirvik Sveis.  Stålkonstruksjonane vart transporterte til Aslaksvik og låg klare til montering, men  dei akutte likviditetsvanskane med påfylgjande akkord hindra at hallen vart reist.  Den gjekk med i det økonomiske dragsuget.

Samstundes som dei utrusta «Tanja», bygde Leivik Sveis nok ein snurpebåt.  Denne gongen ein 100 fots havfiskebåt til storfiskarane Hjalmar Torrissen og Karl Hustad frå Meløy Kommune i Nordland.  «Langskjær» skulle gå sin gang, med sjøsetting november 1957. På mange måtar var det «Langskjær» som berga Leirvik Sveis frå konkurs.  Kontrakten vart reforhandla og betra, slik at dei tente pengar på den.  Men akkorden måtte dei gjennom, og «Langskjær» vart ikkje fullført før denne prosessen var gjennomført.
Oppdraget med fiskebåten «Langskjær»,  og seinare gode kontraktar, gjorde at bedrifta i løpet av nokre år hadde fått ei solid plattform å stå på.  I desse åra måtte ein også prøva å tenkja framover og nye investeringar var nødvendige for å hevda seg i konkurranse med andre verft.  Det vart såleis trong for betre kai, større platehall og ny kran for å kunna byggja båtane meir rasjonelt.


«Til Kjøtteinen

Ikkje alle vart sagt opp.  Me balte med å få den fiskebåten («Langskjær) ferdig.  Mange var redde for å missa arbeidet.  Dei søkte seg til Kjøtteinen – den eine etter den andre.  Eg tenkte faktisk på å gjera det same.  Så kom Bjørn Karlsson til meg ein dag og spurte om eg ikkje kunne lova å bli der og gjera båten ferdig.  Det gjorde eg.  Men då «Langskjær» for, vart det heilt dødt på Aslaksnes» 

Henning Haraldseid