Leirvik fyller 75 år!

Aslaksvik, 1957.
1955-1956

Bygging i Aslaksvik

Ein av dei tomtene som Odd P. Bjelland synfor og forkasta i 1946, var eit 25 mål stort området i Aslaksvik.  I 1946 var det altfor stort.  Seks – sju år seinare var tomta nett passeleg.  I tillegg til eit planert område på om lag fire mål, 240 meter strandline og ei rimeleg lun hamn, var det ein 26 meter lang kai murt i naturstein på tomta.  På området sto det også grunnmurar etter tidlegare bygningar. 

Stord Skibsbyggeri, 1915.

Den første som dreiv skipsbygging i Aslaksvik var Mons Isaksen frå Stavanger.  Han kom til Stord med kone og born i den beste jobbetida under første verdskrig.  Målsettinga var klar.  Han skulle starta eit treskipsbyggeri på skogrike Stord.  Her fekk han satt opp ein stor verkstad med eige sagbruk og alt som trongst.  Stord Skipsbyggeri var ein realitet.  Her bygde dei fleire båtar før dei gjekk konkurs…

Kjøpekontrakt på Aslaksvika.

Etter å ha jobba nokre år med spørsmålet om å få ein ny stad, lukkast det Leirvik Sveis å få kjøpt arealet i Aslaksvik i 1955. Den einaste vansken var å få fram veg og vatn.  Men etter ein del ordskifte i Stord Heradstyre vart det vedtatt å setta i gong.  Dermed var alt klart i Aslaksvik for Leirvik Sveis i 1956. 

Noko av det første dei tre karane fekk på plass, var den gamle dampkranen «Tøffe» som, langs eit vel 100 meter langt jernbanespor, kunne løfta inntil 10 tonn frå den 27 meter lange steinkaien og opp til beddingen.  Dampkranen var innkjøpt frå Norzink i Odda.  Hos Leirvik Sveis skulle den koma til å gjera teneste både i Aslaksvik og seinare på Seglneset.  Etter flyttinga til Sagvåg bytte Malvin Straume, i -70 åra, dampmaskina ut med ei dieseldreven maskin. 

Dampkranen «Tøffe». Her viser Bjørn Karlsson gjester rundt på anlegget.

Til slutt vart «Tøffe» vraka. 

«Me fekk så mykje reservedelar med kranen frå Odda, at me kunne ha drifta «Tøffe» i 100 år, fortalte Birger Eldøy den gong.

Aslaksvik, 1905