Leirvik fyller 75 år!

Dory frå 1952.
1952

Sjøsetting annakvar dag

Ei stund lurte Odd P. Bjelland på om han skulle produsera lystbåtar i lag med Oma Baatbyggeri.  Han ville laga stålskroga og Oma-karane skulle innreia dei.  Men trebåtbyggjarane var skeptiske til tanken.  «Kven skulle kjøpe lystbåtane»?  Marknaden var sterkt avgrensa.

Derimot var der eit stort forbruk av snurpedoryar.  Oppe i Tresfjord «spydde» dei ut tradisjonelle notbåtar (doryar) av tre.  Problemet var at båtane ikkje tolte all den julinga dei fekk ute på feltet.

Mens sildesnurparane låg under land, gjaldt det å reparera doryane til neste tur.  Slik var det også på Stord.  Når fiskebåtane lossa fangsten ved sildoljefabrikken på Kjøtteinen, nytta nokre av mannskapet høve til å stikka innom Døso på Leirvik med skadde doryar.  Der vart doryane dregne opp i stranda og mellombels reparerte.  Ofte var det berre tid til å spikre fjøler på utsida av den skadde trehuda.  Så måtte dei dra.  Reservedoryar fantes ikkje. 

Ferdige Doryer frå 1952.

Det første spanterisset til ein snurpedory i stål laga Trygve Oma så tidleg som juni 1946.  Men det skulle gå eit par år før prototypen vart bygt.  Det vart ein 30 fotar.  Og den som våga å testa ut nyskapningen på feltet, var Gustav Gravdal.  Det skjedde på vintersildfisket 1947/48.  Gustav vart snart omtala som «han med stålbåten».  Men sjølv konservative fiskarar vart forvitne på korleis ståldoryen fungerte.  Det same var konstruktøren.  Korleis hadde båten oppført seg på feltet?  Kva burde ha vore annleis?   «Den skulle ha vore litt større- gjerne 32 fot eller meir.  Og den kunne godt ha vore endå litt høgare på baugen», sa Gustav.  Og «Traust» vart gjort endå traustare.  Gustav fekk båten slik han helst ville ha den.

Sjøsetting annakvar dag

Trygve Oma laga ein ny modell.  Leirvik Sveis laga dory nummer to.  Den vart bygt med kjølen i veret.  Det var Odd sin ide.  Dei starta med rekka og spanta, la platene på og kunne dermed sveisa huda ståande

Vinteren 1949/50 var det berre fem ståldoryar i bruk på fiskefeltet.  Dei må tydelegvis ha marknadsført seg sjølv på ein framifrå måte, for i 1950 tok produksjonen av. 

Arbeidsstokken auka litt etter litt i denne perioden, som varte frå 1948/49 og til ca. 1955, med totalt ca. 40 mann i arbeid.  Doryproduksjonen gjorde at bedrifta gjennom desse åra hadde eit solid årsregnskap og det vart høve til å leggja seg opp noko kapital.

Doryane vart i starten mest levert til Møre og Romsdal, men sidan også delvis gjennom FAO og Indiahjelpen til Ceylon, India, Afrika og Island.  Til sammen ble det levert ca. 300 doryer frå Leirvik Sveis.