Leirvik fyller 75 år!

Sveisekameratane fotografert etter å ha vunne bedriftscupen på Eldøyane. Bakerste rekke frå vensre: Kjetil Djuve, Roar Dahle, Johnny Haga, Terje Ness, John Arild Gravdal, Frode Låstad og John Gundersen. Foran: Ole Erik Eriksen, Kurt Hevrøy, Sabri Akbal og Johnny Westvik.
1995

For dei tilsette

Oppi Dalen

Då malerfirmaet Birger Michelsen AS gjekk konkurs i 1987, kjøpte Leirvik Sveis i alt 13 mål tomteland i Dalen av bustyret.  Handelen omfatta også «Reimershuset» med uthus og ei tre mål stor tomt.  Denne eigedomen valde Sveisen å behalda.  Huset var nett blitt rehabilitert og kunne brukast som hybelhus.  I alt var det plass til ni personar der.  Mellom dei som hadde folk buande i «Reimershuset» var Solheimsviken Montasje A/S og Leirvik Sveis sjølv.

Dei resterande 10 måla «makebytte» Sveisen med ein kommunal eigedom lenger oppe i dalen.  Eit område som deretter vart regulert til bustadføremål.  Her vart det planlagt både hybelhus, små rekkehus og familiehusvære.  Utbygginga ville kosta mellom 10 og 12 millionar kroner.

Etter mykje att og fram, vart det ikkje noko av utbygginga i LS-regi.  Heile tomteområdet vart selt til Idealhus på førjulsvinteren 1992.  Sveisen fekk att om lag det dei betalte for tomtelandet – og sat att med «Reimershuset» som vel eitt år seinare vart ominnreia og tatt i bruk som barnehage for LS-tilsette.

Ein sveisen barnehage

Tanken om å etablera ein rein bedriftsbarnehage vart reist ved fleire høve utover i 80-åra, men fart i arbeidet vart det først i 1992.  Då vart behovet kartlagt og kommunen kopla inn.  Mellom 30 og 40 foreldre sa seg interesserte i å ha borna sine i den kommunale barnehagen i Sæverhagen – der Leirvik Sveis kunne få kjøpa eller subsidiera plassar.  Prosjektet vart stoppa fordi politikarane ikkje ville gje tilsette ved Sveisen særfordelar.  Barnehageplanane vart lagt på is – inntil vidare.  Til dess tanken om å bruka det såkalla «Reimershuset» i Dalen til føremålet vart bestemt.

Alle fagforeiningane på Leirvik Sveis gjekk saman om prosjektet, og fekk tak i folk med nødvendig ekspertise og kalkulerte kva det ville kosta å setja huset i stand.  Deretter søkte me styret for Leirvik Sveis om eit direkte tilskot på 250.000 kroner – og fekk det.  På eit møte for barnehageinteresserte vart det kort etter etablert eit interimsstyre som m.a. skulle organisera dugnaden (ref. Bjarne Halleraker).

På nyåret 1994 var arbeidet kome så langt at barnehageprosjektet var formelt godkjent av alle instansar.  Dugnaden kunne starta.  Målet var at Sveisen Barnehage skulle stå driftsklar 1. august 1994.  Dugnadsinnsatsen ville vera med på å avgjera kven av dei tilsette som skulle få plass til borna sine der.  Etter 1.350 registrerte dugnadstimar sto Reimershuset endeleg klar til innflytting.  Styrar Ann-Ingebjørg Nyhammer og hennar medarbeidarar opna porten for 30 spente ungar som var klare til å utforska både bygningane, terrenget rundt dei  – og innhaldet i leikekassane og -hyllene inne.

Barnehagen har fungert heilt etter intensjonane.  Fordelen for oss småbarnsforeldre på Leirvik Sveis er at opningstidene til barnehagen fylgjer arbeidstida på Sveisen (06:45 – 16:00).  Den er stengt når me har Gro-dag – og i fellesferien – og har ikkje barnefrie planleggingsdagar som dei kommunale barnehagane.  Tilsiget av nye brukararar av Sveisen Barnehage har vore jamt  og godt sidan opninga.  Tilsette på Leirvik Sveis og i barnehagen har forrett ved inntak av nye born (ref. Bjarne Halleraker).

Mange velferdstiltak

Det er først og fremst idretten som vart prioritert av velferdstiltaka ved Leirvik Sveis.  Brorparten av dei 250.000 velferdskronene bedrifta hadde på budsjettet i den tida, gjekk til ulike idrettsaktivitetar.

Sveisekameratene hevda seg brukbart i bedriftsfotballen.  Herrehandballaget gjorde det bra.  Dei vann serien to år på rad.


Friidrettsgruppa hadde først og fremst hevda seg i parløp og stafettar.  Det store målet var å bli beste bedriftslag frå Stord i vårens vakraste eventyr:  Holmenkollstafetten.  Det greidde LS-laget både i 1994 og 1995.  Leirvik Sveis-damene deltok også i konkurransar austanfor.  Mellom anna hadde Sveisen hatt eigne kvinnedelegasjonar med i Grethe Waitz-løpet, fleire år på rad.  Tiltaka var med på å skapa eit godt samarbeidsklima på jobben.

Sidan 1985 har det eksistert ein eigen velferdskomité i Aslaksvikjo.  Dei fekk disponera den gamle matsalen til ulike fritidsaktivitetar og drog i gong miljøkveldar for LS-tilsette, kundar, underleverandørar og leigefolk.  Der var det høve til å kjøpa seg ein pizza med noko attåt.  Bøker, musikkanlegg, biljardbord, dart og andre spel vart innkjøpt og flittig brukt.  Det var stadig biljard- og dartturneringar på gang.  Turneringar som gjekk over fleire fredagskveldar med attraktive premiar.  Også dette utvikla seg til å bli ein skikkeleg miljøskapar.  Ein sosial møteplass for fastbuande og tilreisande som hadde ein felles arbeidsplass på Sveisen.

Til fjells eller fjords?

Funksjonærklubben ba i 1984 om at Leirvik Sveis-styret kjøpte inn to hytter og stilte dei til rådvelde for dei tilsette.  Søknaden vart avslegen, men styret tilbaud i staden ein gunstig leigeavtale på Hovdestøylen. 

Dei tilsette kunne bu gratis i hyttene i dette vintereldoradoet når dei ville.  Vilkåret var at dei åt for 100 kroner på hotellet kvar dag.  Ordninga var veldig populær blant dei tilsette dei første åra, og det var mange stordabuarar som drog på vinterferie til Hovdestøylen.  Likevel vart leigeavtalen avvikla i 1989.  Året etter prøvde dei med eit vintertilbod på Voss, men interessa for det var ikkje like stor.  Voss var liksom litt for langt borte frå Stord.

Oppunder jul 1990 løyvde Leirvik Sveis-styret 300.000 kroner til Velferdsklubben.  Pengane skulle investerast i ei hytte.  Det vart sett ned eit eige utval til å vurdera lokalisering og kjøp av ein høvande eigedom i Sunnhordlands øyrike.  Valet fall på Ryfylke.  Der vart pengane investert i ei fjordhytte på Aubø.  Det var berre det at stordabuane, som er omgjevne av sjø heile året, heller ville til fjells enn til fjords når dei skulle på hytta.  Dermed vart det også leigt ei hytte i Seljestadområdet i tillegg til fjord-hytta i Ryfylke.  Etter fire-fem års drift, valde Stiftelsen Aubø å selja fjord hytta i Ryfylke i 1995.   Salssummen vart sett inn på konto inntil vidare.

Trimrom

I 1994 vart det bestemt å innreisa eit trimrom i tilknyting til garderobebygget.  Først og fremst skulle det brukast av tilsette som hadde trong for spesielt tilrettelagt trening.  Men også  alle andre LS-tilsette som ynskte å halda seg i form skulle ha høve til å bruka treningsutstyret i trimrommet.

Fagforeiningane var med på å finansiera tiltaket.  Dei ba om at pengane som tradisjonelt vart brukt til julepresangar heller skulle gå til innkjøp av treningsutstyr i 1994. Rundt påsketider i 1995 sto dette senteret for fysisk fostring klart til bruk.  For å unngå feil bruk av dei mange nye treningsapparata, stilte instruktørane opp den første tida for å rettleia og gje trimmarane gode råd. Som stimulansepremie vart det sett opp ei svart T-skjorte med logo som trimmarane fekk etter 14 treningstimar på senteret.

Då Norsk Hydro tok med seg bustadmodulen til Troll oljeplattforma og forlet Leirvik Sveis våren 1995, takka Joar Bergset & Co for godt samarbeid og ein hyggeleg tone på fylgjande måte:Vi har notert oss at det er etablert et senter for fysisk trening på Sveisen.  Dette er et positivt tiltak som vi vil støtte med 20.000 kroner.  Det er en forutsetning at dette beløpet brukes til innkjøp av en datastyrt ergometersykkel.

Både born og vaksne jubla då Sveisen Barnehage opna i «Reimershuset» sommaren 1994.
Konstruktørane Ørjan Østerhus (bak t.v.) Joacim Skålnes, Håkon Gulliksen og Jim Tore Gjerde har bygd inne Simon Gundegjerde i eit klosse-hus.
Juletrefestane til Leirvik Sveis er svært populært blant dei aller minste. Chicklets v/Per Øystein Kannelønning og Torleiv Agdestein har spela og underholdt sidan begynnelsen av 90-talet.
Damene klare for Grethe Waitz-løp – bak frå venstre: Lise H. Myklebust, Gerd Valvatne, Gunn Bjelland, Unni Frøyland og «trenar» Sigurd Kalleklev. Framme frå venstre: Mary-Ann M. Gundegjerde, Merete Nesbø og Turid H. Lunde.