Leirvik fyller 75 år!

Industrivernet på Leirvik Sveis anno 1995: John Arild Gravdal (t.v.) Wenke Skudal, Per Aamodt, Øyvind Olsen, Andre Skjønberg, K. Kristiansen, Kjell Aasheim, Harald Bore, Hans Jakob Haraldseid, Åge Aadland, Reidar Olsen, Odd Winge og Nora A. Didriksen.
1996

Eigen bedriftslege

Leirvik Sveis hadde store forventningar då dei i 1986 melde seg inn i Stord/Fitjar bedriftshelseteneste.  Dei tre tilsette der vart omtalt som banebrytarar.  Dei var pionerar innan sitt felt på Stord.

Det skulle ikkje gå mange år før Leirvik Sveis vart misnøgde med det tilbodet Stord/Fitjar Bedriftshelsetenesta gav dei.  Spesielt på golvet var misnøya sterk.  Operatørane ville inn til sin årlege helsesjekk.  Og sjølv om bedriftslegen fekk bruka mykje spalteplass i det interne informasjonsbladet «LS bulletin» til å forklara at BHT først og fremst skal hjelpa bedriftene med å førebyggja sjukdom, skadar og plager som har med arbeidet å gjera; bistå med internkontroll av arbeidsmiljøet; læra opp dei tilsette til å ta betre vare på kvarandre og miljøet, så hjelpte det ikkje.  Leirvik Sveis var ikkje moden for den moderne bedriftshelsetenesta.

Klubbformann Willy Arntsen gjekk i november 1992 ut og kritiserte bedriftshelsetenesta for manglande kontakt med den einskilde tilsette på Leirvik Sveis.
«Er vi fornøyd med dagens BHT?  Det er i alle fall ikke noen mening i at Leirvik Sveis skal betale ca. 1.400 kroner pr. ansatt pr. år for en teneste vi ikke ser noen hensikt i».

Det var spesielt det høge sjukefråværet og belastnigslidingane til sveisarane Arntsen var oppteken av.  Kritikken mot BHT slo gjennom.  Resultatet vart at Leirvik Sveis melde seg ut fra Stord/Fitjar Bedriftshelseteneste frå årsskiftet 1992/93 – med eitt års oppseiing.  Samstundes sette leiinga i gang arbeidet med å oppretta ei eiga bedriftshelseteneste for Leirvik Sveis, slik at den kunne stå klar til å overta på nyåret 1994 når Sveisen gjekk ut av fellesordninga.

Det skulle visa seg å vera såpass mange skjer i sjøen for nyordninga at den framdriftsplanen sprakk med eit halvt år. 

Men frå juni 1994 vart tidlegare kommunelege I på Stord, Odd Winge, tilsett i ei deltidsstilling som bedriftslege ved Leirvik Sveis.  40 prosent av stillinga si brukte han på Sveisen, dei siste 60 dreiv han privat praksis på same stad.

Nora Alvsåker Didriksen vart samstundes tilsett som bedriftssjukepleiar i full stilling.  I 1995 vart fysioterapeut Åshild Matre hyrt inn ein dag i veka. Ho skulle først og fremst driva med førebyggjande tiltak.  Eitt av dei var «ryggskulen» for alle operatørar, formenn og lærlingar som ho sette i gang hausten 1996.  I grupper på 10 skulle alle som jobba i produksjonen får læra meir – både om kroppen sin – og om rette arbeidsstillingar.

Aktiv sjukemelding

Ein av pådrivarane for å få oppretta eit eige trimrom på Leirvik Sveis, var John Arild Gravdal.  Våren 1995 sto rommet klart til bruk – med masse treningsutstyr.

«For første gong kunne me setja rehabilitering i system her på bruket, sa John Arild Gravdal – « ein av instruktørane på dette treningsrommet for fysisk fostring.  Eit trimrom som dei ivrigaste brukte utruleg mykje også på fritida.  Willy Wilhelmsen som vart kåra til årets trimmar våren 1996 hadde t.d. trent 279 timar på treningsrommet det første året.  Det tilsvarte godt og vel sju arbeidsveker!

I 1994 vart «aktiv sjukemelding» innført.  Ei ordning som gav langtidssjukemelde med ryggplager, muskel– og skjelettskader høve til å trena seg opp att i betalt arbeidstid. «Eigentleg er dei sjukemelde og kunne ha lege heime.  Mange av dei første som fylgde dette programmet hadde vore heime i eitt til to år.  Gjennom trening prøver me å få elastisitet i muskulaturen deira igjen.  Det betyr utruleg mykje for slike langtidssjuke å få koma tilbake til miljøet.  Tanken er at me også skal byggja opp spesielle arbeidsplassar for desse.  Dei trener ein til to gonger om dagen – og går så ut i aktivt arbeid igjen i lag med arbeidskompisane sine.   Håpet er å få dei raskare tilbake i arbeid gjennom dette spesielle treningsprogrammet.  Totalt sett håpar me at sjukefråværet skal gå ned på gunn av dette – også for dei tyngste risikogruppene (J.A. Gravdal).

Helse, miljø og sikkerheit

På nyåret 1992 vart forskrift om internkontroll innført – først og fremst for å fremja helse, miljø og sikkerheit.  Jan Helge Nesse, Terje Næss og Åge Aadland fekk ansvaret for å etablera og samordna internkontrollsystem på Leirvik Sveis.

Sanitetsleiar Harald Bore gjev sine ordrar til mannskapet.

Det skulle ikkje gå lang tid før dei fekk ein heilt konkret og høgst ubehageleg sak å jobba med.  Då dei tok til å riva ned veggene i bustadmodulen på riggen «Treasure Prospect» våren 1992, fann dei asbest i isolasjonen som vart brukt i eit av dusjromma.  Arbeidstilsynet stoppa alt arbeidet og kravde at spesialfirmaet Teknisk Isolering tok resten av rivejobben om bord.

Både bedriftslege og sjukepleiar i BHT var med i leiinga av Leirvik Sveis sin beredskap.  Ved akutte situasjonar, rykte begge to ut med noko meir avansert utstyr enn bedrifta sitt.  Leirvik Sveis satsa på at nokre hadde meir spisskompetanse enn dei andre 25 som var knytta til beredskapen.  Likevel var det viktig å oppdatere resten av personellet. 

På initiativ frå Arbeidsmiljøutvalet sette Leirvik Sveis hausten 1992 i gang ei ny omfattande kartlegging av arbeidsmiljøet i Aslaksvikjo.  Med den som utgangspunkt skulle det skapast ein sunn og trygg bedriftskultur på Leirvik Sveis.  Dei tilsette fekk høve til å argumentera for kva som måtte til for at Leirvik Sveis skulle bli best både når det gjaldt kvalitet, sikkert, helse og miljø.  Dei aller fleste kommentarane gjekk på arbeidsmiljø, utstyr, planlegging og informasjon.   Ved juletider same året vart Leirvik Sveis som den første Stord-verksemda sertifisert i samsvar med ISO-9001 – den høgste og mest omfattande kvalitetsstandarden i det norske sertifiseringssystem (NCS).

Vaktteneste

Heilt til 1993 vart Leirvik Sveis eit ope verkstadanlegg.  Vaktteneste var eit ukjent ord.  Men etter at Storhaug vart utbygt og det vart meir ungar i området, innsåg leiinga at det måtte gjerast noko for å sikra både ungane og anlegget.  Dessutan tok kundane til å stilla krav om at verkstadområdet vart sikra og låst.  Sommaren 1993 vart det sette  opp eit tilbygg til administrasjonsbygget.  Eit tilbygg som skulle gje plass for resepsjon og vakt.  Frå 2. august same året innførte Leirvik Sveis døgnvakt på anlegget. I 1996 var Leirvik Sveis så godt som lukka anlegg. 

Brannmannskapet gjer seg klar til innsats, våren 1991. Frå venstre: Hans Jakob Haraldseid, Kjell Bjarne Eide og Per Aamodt.
Sveisarane får ikkje alltid ideell arbeidsstillingar. Å liggja slik å sveisa er slitsamt.