Leirvik fyller 75 år!

Birger Eldøy og Bjørn Karlsson.
1946–1953

Leirvik Sveis går vidare

Som sagt vart M/T Paust ein suksess, og eit nytt oppdrag til Leirvik Sveis følgde umiddelbart etterpå.

Thjorvald Johan Kyvik hadde ein fraktebåt i lag med kaptein Hilmar Hauge frå Fjellberg.  Denne vart seld, og pengane plasserte dei i eit brukt skip, ein engelsk eskortetrålar på ca 700 t. dw.  Dei hadde klippetru på Leirvik Sveis etter oppbygginga av «Paust» og ba Odd P. Bjelland & Co om å byggja om eskortetrålaren til fraktebåt. Denne oppgåva var for så vidt like omfattande som M/T Paust ex. Banco, men likevel enklare.  Dette oppdraget vart også løyst på ein måte som alle partar vart nøgd med.

Neste oppgåve var ein tidlegare tysk trålar som skulle ombyggast til fraktebåt, eit fartøy på ca. 800 t. dw.  Arbeidet med båten gjekk fint, men kort tid etter at den vart levert vart den rent i senk utanfor Rotterdam, og berre ein av det norske mannskapet på seks vart berga.

Det 4. oppdraget, etter dei 3 lastebåtane, gjaldt eit firskefartøy.  Fartøyet vart levert i 1951 til brødrene Gravdal.  Hittil hadde ein berre føretatt reparasjonar og ombyggingar av båtar; no skulle ein ta fatt på det første nybygget.  Det vart ein fiskebåt på 63 fot, og dette fartøyet hausta mange lovord. 

Sjølv om Bjelland hadde sine bestemte meiningar og kunne både vera steil og urokkeleg når det gjaldt å drive igjennom, innan det han meinte var den beste løysninga, så hadde han som prinsipp at dyktige folk må få frie hender.  Dette vart også verkeleg praktisert ved Leirvik Sveis, og her finn ein nok grunnen til det tidlege og gode «team-worket» som utvikla seg innan bedrifta. Frå 1. januar 1953 vart Eldøy og Karlsson opptatt som medeigarar i bedrifta, men likevel slik at Odd P. Bjelland beheldt den største eigarandelen.