Leirvik fyller 75 år!

Slik såg det ut – det første «stålhuset» Leirvik Sveis bygde for offshore-industrien. Det var Mobil North Sea Ltd. i Storbritannia som tinga bustadkvarteret til Beryl A-plattforma – hos Stord Verft.
1974

Frå stålhus til luksushotell

Mens Leirvik Sveis produsert skipsseksjonar på harde livet, fekk Vestlandske Fartybyggjarlag i 1973 spørsmål om medlemsbedriftene kunne levera seksjonar til Phillips Petroleum sine plattformar på Tor- og Codfelta.  Eigentleg var det Kværner Engineering som var konsulent for Phillips, og dei hadde m.a. kontakta BMV i Aker-gruppa.

Det vart arrangert eit offshore-seminar der VF drøfta om dei skulle engasjera seg i oljeindustrien.  Aker-gruppa var på det tidspunktet veldig positiv til eit samarbeid med VF.  Signala frå styresmaktene var eintydig positive.  Det var også spørsmål om VF-medlemer kunne byggja seksjonar ti Aker sine H-3 riggar.  De skulle gå eitt år til for Leirvik Sveis hamna i det som skulle bli deira spesialfelt i mange år seinare:  Bygging av bustadmodular.

Akrobatikk! HMS og stillasbygging hadde ikkje dei same krava som i dag.

Inngangsbilletten kom via Stord Verft våren 1974.  Mobil Exploration fekk bygt den aller første Condeep-plattforma for Nordsjøen, og Stord Verft vart spurt om å byggja bustadkvarteret.  Men på Kjøtteinen var dei mest opptekne av supertankarar på den tida og hadde meir enn nok med å halda produksjonsprogrammet til Hilmar Reksten & Co.  Ville Lervik Sveis byggja Beryl A-hotellet – som underleverandør til Stord Verft?

«Det var eit ganske omfattande oppdrag.  Me hadde eigentleg korkje plass eller folk til å ta på oss eit slikt oppdrag me heller.  Og ingen utskipingsplass for den styrekonstruksjonen.  Men me tykte dette var så interessant at med sa: Ja, dette skulle me ta på oss.  Så var det til å sprengja ut fjellmassar, fylla dei i sjøen, og laga til sliskebane og prøva å gjera det beste ut av det.  Bustadmodul var forresten ikkje noko innarbeidd uttrykk på den tida.

Konstruksjonen vart omtala som eit stålhus.  Det skulle sjå ut som om lag som eit stort skipsoverbygg, men krava til utstyr i det var heilt annleis.

Me kunne ikkje byggja dei i produksjonshallen vår.  Den var full av seksjonar til Stord Verft.  Difor laga me til eit spesielt arrangement på utsida.  Noko heimelaga greier.  Der bygde me seksjonar på same måten som no.  Me laga eit sveiseplan, sette opp to bukkar ved sida av det, kledde inn heile greia og bygde seksjonane der. 

Først la me ut dekket, deretter laga me alle skotta.  Problemet var å snu seksjonane.  Krankapasitet hadde me ikkje.  Dermed måtte me bruke det gamle dory-prinsippet med to bukkar.  Me snudde glatt seksjonar på 50-60 tonn på denne måten.  Enkelt og greitt, men det virka.  Og me leverte Beryl A til rett tid.  (Per O. Bjelland).

Det spesielle med denne første kontrakten, var at Leirvik Sveis fekk vera med på å gjera bustadkvarteret heilt ferdig på plattformdekket i Stavanger.

Jaga på dør

«Under bygging av Beryl A plattforma for Mobile som underleverandør til Stord Verft, blei me pålagt å ha vakt på området under bygginga.

På den tida jobba Bekkenes’en som brennar i brenneskuret, ofte på kveldstid når noko hasta.

Ein kveld kom den amerikanske toppleiinga frå  Mobile (då verdas største oljeselskap) og toppleiinga  frå Stord Verft på uanmeldt besøk i  Aslaksvik for å besiktiga bustadmodulane.

Dei køyrde den gong heilt ned på området med fleire bilar, og dette oppdaga Bekkenes.

Han sprang etter dei  og jaga heile følget på »dør», for han visste jo ikkje kven disse folka var, og forstod ikkje eit «kvekk» engelsk.

Etterpå fekk Per Bjelland – dåverande toppsjef- eit brev frå Mobil der dei skrytte Leirvik Sveis AS «opp i skyene» for det gode vaktholdet!! « (ref. Harald Karlsson)