Leirvik fyller 75 år!

Leirvik Sveis i gang med å byggja bustadkvarteret til Statfjord A. To av modulane står ute på sliskebanen – den tredje er under bygging foran Hall 5.
1974

Statfjord A

Bustadkvarteret til Statfjord A var også ein viktig jobb for Leirvik Sveis.  For den kom  då seksjonsbygginga for Stord Verft tok slutt.

«Det er ikkje rett at me «datt» inn i offshore-bransjen.  Me snakka ofte om det.  Drøfta situasjonen på den tids «strategimøte» som stort sett fann stad på Per sitt hjørnekontor i lunsjpausane.  Eit kontor utstyrt med eit lite brunt salongbord, ein liten sofa og nokre stolar.  Eit rom der alle hadde faste plassar og faste koppar.  Over ein sterk kopp kaffi drøfta me kva me skulle gjera.  Me visste om Aker og milliontonnarane dei planla å byggja på Eldøyane.  Såg ei voldsom utfordring der.  Då krisa kom, hadde me framleis eit tett samarbeid ved Vestlandske Fartybyggjarlag.  Følte at me om nødvendig skulle greia å gå tilbake til skipsbygging, sjølv om anlegget vårt ikkje høvde spesielt godt til det.

Kanskje visste me ikkje heilt kva me gjorde då me sa ja til å byggja bustadkvarteret til Beryl A.  Men me organiserte oss kjapt, og fekk inn dei rette underleverandørane.  Slik sett gjorde me det bra.  Kanskje såg me ikkje heilt kva moglegheiter som låg i denne spesielle marknaden, og  resultatet frå Beryl A viste det.  Me var litt for vane med å produsera for storebror Stord Verft.  Fortenestemarginane var framleis små.  Men då me fekk Statfjord A, visste me kva me heldt på med» (Harald Karlsson)

«Det var eit veldig gunstig tidspunkt me kom inn i offshore-bransjen på.  Dei første åra var det nemleg ikkje snakk om slike dokumentasjonshaugar som det seinare vart reist krav om.  Når det gjeld sveiseprosedyrar, så krov vel kunden ein eller to.  Detaljspesifikasjonar var det veldig lite av.  Me fekk ein mjuk overgang til offshore-produksjonen.» (Per O. Bjelland)

Leirvik Sveis hadde fått foten innanfor.  Det første tiåret i oljebransjen vann dei alle dei kontraktane dei satsa alvorleg for å få.  Oppdraga sto i kø.  Men så var då også konkurransen relativt svak denne første tida.  Og prisen var bra.  Leirvik Sveis tente gode pengar.

Innlasting på Statfjord A i Digernessundet.

Dei bygde bustadkvartera til alle dei store, norske Condeep-plattformene for Nordsjøen.  Standarden vart høgare og høgare, sjølv om bustaddelen på Statfjord A vart  omtalt som den mest velutstyrte som til då var plassert på noko plattform i norsk del av Nordsjøen.  Alle dei 100 soveromma hadde køyplass for to personar og kvart rom var utstyrt med bad og toalett.  Bustadkvarteret inneheldt elles matrom, opphaldsrom, kontor og lagerrom.  Og var utstyrt med eige sjukestove.  På toppen vart det montert helikopterdekk med eige kontrolltårn – det første i Nordsjøen! Men Per O. Bjelland mintest med spesiell glede ein «liten» jobb som Leirvik Sveis gjorde for Mobil.  Dei mellombels bustadmodulane til Statfjord A-plattforma.

«Dei hadde me berre fire månader på å byggja.  To komplette blokker med sengeplass for 200 mann.  Pluss generator til å dekka kraftbehovet.  Jobben hadde vore ute på full tilbodsrunde og Mobil valde oss, sjølv om dei var veldig skeptiske til at me skulle greia å halda leveringstida deira på fire månader. 

Me la i veg med teikningane straks me hadde fått kontrakten.  Eg brukte berre nokre få dagar på å laga teikningane.  Produksjonen gjekk radig.  Me bygde modulane etter eit container-prinsipp – og kom i mål i tide.

Mobil hadde ikkje noko site-team her den gongen.  Dei var ikkje på besøk ein einaste gong i den korte byggeperioden heller.  Så då den avtalte leveringsdatoen nærma seg, måtte eg ringja dei og etterlysa lekteren som skulle henta dei to modulane på 400 og 610 tonn.  Då vakna dei der inne.  Dei hadde rett og slett ikkje trudd at me skulle greia å levera på avtalt tidspunkt! «(Per O. Bjelland)