Leirvik fyller 75 år!

Leirvik Sveis har fått industri-nabier på Aslaksnes. Oma Baatbyggeri og Engevik Bygg. Den store traverskranen er på plass på Leirvik Sveis, men bygginga av stålseksjonar for Stord Verft foregår under open himmel tidleg på 70-talet.
1973

Utbygging av anlegget

«Samstundes med seksjonsbygginga fekk me bygt ut anlegget vårt.  Ei utbygging Stord Verft var premissleverandør for.  Det gjaldt både den nye verkstadhallen – og kranbanen som gjekk heilt ut i sjøen. Anlegget vart bygt ut litt etter kvart.  Verftet forskotterte deler av det.  Me fekk gode betalingsvilkår for å kunna greia det,» fortalde Harald Karlsson.

Den store traverskranen kunne løfta i alt 50 tonn, hadde ei løftehøgd på 16 meter og ei spennvidde på 33 meter.  Tanken var å laga ein ny bedding under denne kranen og byggja ein hall på 2.000 kvm. Over den.  Ny 60 meter lang kai med 10 tonns kran var også planlagt.  Berre kaien ville kosta ein halv million kroner.  Kranbanen sto ferdig etter sommarferien 1970.

I 1973, det året Stord Verft planerte Eldøyane for å kunna byggja mammut-tankskip på inntil 500.000 t.dw., måtte også Leirvik Sveis utvida sitt anlegg.  For å kunna produsera seksjonar til neste generasjon tankskip på Kjøtteinen:  370.000 tonnarane, vedtok Sveisen å utvida krankapasiteten.  Kranbanen skulle lengjast med 40 meter til 105 meter og det skulle kjøpast ein ny 50 tonns traverskran.  Den lengste traverskranen skulle dessutan byggjast inn i ein stor, 28 meter høg sveisehall på 1.200 kvm.  Dermed kunne seksjonane byggjast innomhus.

Utbygginga ville krevje utsprenging av 7.000 – 8.000 kubikkmeter fjell og kosta mellom halvannan og to millionar kroner.  Omstridd, men nødvendig om Sveisen skulle henga med i konkurransen.

Tysnes Verk

Samstundes såg Lervik Sveis seg om etter andre måtar å auka produksjonskapasiteten på.  Stord Verft var jo «altetande» disse fem første i 70-åra.  Sveisen trong 20 mann i tillegg til dei 65 dei alt hadde i arbeid i Aslaksvik.  Kvifor ikkje henta denne ekstra arbeidskrafta frå Tysnes?

Seinhaustes 1973 jobba Leirvik Sveis for å oppretta ei direkte snøggbåtrute mellom Flatråker og Aslaksvik.  Med 35 minuttars reisetid kunne det vera råd for tysnesingane å dagpendla til Leirvik Sveis.  Men planane om denne arbeidsruta fall i fisk.  Den 15. januar 1974 skreiv Bjørn Karlsson til Tysnes kommune og lanserte eit nytt forslag.  Om tysnesingane ikkje kunne koma til Leirvik Sveis, så fekk Leirvik Sveis koma til Tysnes.  Bjørn Karlsson meinte det kunne vera grunnlag for ei ny stålbedrift med mellom 15 og 50 tilsette på Tysnes – om kommunen var interessert.

Nedrevåge på austsida av Tysnes var ein aktuell stad for denne nye verksemda:  Tysnes Verk.

Leirvik Sveis kunne tenkja seg å satsa trekvart million på eit nytt industribygg og ein halv million på maskinar og utstyr.  Ordførar Leif Andersland svara alt neste dag.  Tysnes var svært interessert – og ville ha eit møte med leiinga på Leirvik Sveis.  Diverre for Tysnes forsvann planane med kanselleringane på Stord Verft kort tid etterpå.  Der Leirvik Sveis hadde tenkt å produsera stålseksjonar på Tysnes, vart det planlagt ein større feriekoloni for betalingssterke tyskarar.  Området skulle byggjast ut med 60 sommarhus for utleige.  Alt frå rorbuer til luksushusvære.

Trass i relativt stor omsetning, vart det små driftsresultat dei fem åra Leirvik Sveis bygde seksjonar for Stord Verft. Men gjennom stadige investeringar, fekk dei utvikla anlegget sitt.