Leirvik fyller 75 år!

Harald Karlsson – tilsett på Leirvik Sveis i tidsrommet 1973–2011. Adm. dir. frå november 1994 til 1. januar 2011
1994

Harald Karlsson

Harald tok over som administrerande direktør i Leivik Sveis, november 1994. 

Allereie som 10-12 åring starta han si kommersielle «karriere» med salg av husforsikring til husbyggjarane på Heio, som var nabolaget hans i oppveksten.  Denne jobben hadde han for Storebrand på 50/50 basis i lag med faren, Bjørn.  Skuleferiane var han travelt opptatt med arbeid på Shellstasjonen i Evjo, som faren var deleigar av den gong. 

Han hadde fast sommarjobb på Sveisen så lenge han var under utdanning, men valde å søkja seg jobb utanfor familieverksemda etter at han var uteksaminert frå handelsgymnaset i Haugesund. 

Harald drog til Florø og tok seg jobb som yrkesskulelærar i handelsfag.  Etter ynskje frå far sin, kom Harald tilbake til Stord sommaren 1973 og tok jobb på Leirvik Sveis.
I samband med at verksemda gjekk over til å bli aksjeselskap (1973) vart Bjørn Karlsson økonomisjef, og Harald vart tilsett som bokhaldar.  Då faren døydde eitt år seinare, fekk Harald tilsetting som økonomisjef.   No gjekk det raskt oppover i gradene, der han seinare fekk tittelen merkantilsjef, med ansvar for økonomi, personal, marknad og innkjøp. 

I 1994 gjekk han over til stillinga som administrerande direktør, etter at Per O. Bjelland valte å bli arbeidande styreformann. 

På same måte som Per O. Bjelland, har Harald Karlsson vore med gjennom heile Leirvik Sveis sin offshore-periode.  Og han fekk gradvis større og større ansvar for den økonomiske delen av drifta. 

Som adm. dir. hadde Harald ulike oppgåver/verv:

  • Konserndirektør i Apply Gruppen, i tillegg til jobben som adm. dir. på Stord
  • I periodar var han styreleiar i Leirvik Sveis sine dotterselskap, både i Sverige, Nigeria og Houston
  • Nestleiar i Hordaland Industriforening
  • Styreleiar i TBL Offshore og styremedlem i TBL (Norsk Industri i dag)
  • Medlem i diverse offentlege utval som Ekspertutvalet for Olje- og Energiminister (4 forskjellige statsrådar), NORSOK osv.
  • Styremedlem i SKL AS som Stord kommune sin representant

Utanom Leirvik Sveis har Harald Karlsson markert seg – både som idrettsadministrator, og som ein sentral «idrettspolitikar» i Stord. 

Foreiningsarbeid har alltid vore i hans interesse, og han hadde mange lokale, regionale og nasjonale verv, som bl.a.:

  • Frå og med 1978 hadde Harald Karlsson eitt eller anna tillitsverv i Stord Turn- & Idrettslag.  Frå 1986 til og med 1994 som leiar av hovudstyret i ST&I. 
  • Stordhuset, helsesportløypa i Prestegardsskogen, idrettsskulen, den nye store idrettshallen på Vikahaugane, trimløypa i Landåsen, lysløypa ved Fjellstova:  Alt dette har han vore med på å få realisert dei åtte åra han sat som leiar av ST&I.
  • Lokal formann i Stord Junior Chamber, derav 2 periodar som medlem av landsstyret med deltaking på verdskongressar i Johannesburg, Sydney og Berlin.
  • President i Stord/Fitjar Lions

Harald jobba som administrerande direktør til han gjekk av som pensjonist, 01.01.2011.

Han har sjølvsagt ikkje gitt seg heilt når det gjeld verv;  blant anna er han styreleiar i Stord Hotell.