Leirvik fyller 75 år!

Statfjord B klar for utlasting ved Leirvik Sveis.
1980

Statfjord B

Mens Stord Verft tapte kampen om dekke til Statfjord B-plattforma til Rosenberg Verft i Stavanger, greidde Leirvik Sveis å vinna kontrakten på bustadkvarteret til den same plattforma.

«Me måtte jobba ganske lenge for å overtyda kunden Mobil om at Leirvik Sveis var i stand til å ta på seg ein slik kontrakt.  Den første EPC-kontrakten her i landet.  Byggeverkstaden ville få ansvar for heile prosjektet – frå engineering, via innkjøp til produksjon.  Eg trur faktisk me forhandla med dei i 6-8 veker.

Forhandlingsteknisk var me urøynde.  At alle forhandlingane gjekk på engelsk, var uvant for oss.  Me forstod knapt alt me forhandla om.  I alle fall ikkje forsikringsvilkåra.  Heldigvis fekk me god hjelp av Jan Ryvær i Vestlandske Fartybyggjarlag.  Han var med oss heile vegen både på denne og seinare forhandlingar, og fekk provisjon for kvar offshore-kontrakt me vann – til langt inn i 80-åra.» (Harald Karlsson)

Så lenge Leirvik Sveis bygde skip, var spesifikasjonane frå kunden samla på fire-fem A4-sider.  I offshore-bransjen møtte det tidlegare båtbyggjeriet ein annan kvardag.  Spesifikasjonane på bustadkvarteret til Statfjord B vog 70 kilo og tilbodet frå Leirvik Sveis vog heile 75 kilo!

Mens Per O. Bjelland sat att i Oslo for å signera alle spesifikasjonane og teikningane etter at kontrakten var vunne, drog Harald Karlsson heim til Stord.  Der vart han invitert til formannskapsmøte i Bestastova på Grand Hotell.  Stemninga blant lokal-politikarane var dyster.  Stord Veft hadde tapt Statfjord B-kontrakten.  Rosenberg Verft i Stavanger skulle byggja dekket til B-plattforma på Statfjord-feltet.  Karlsson kunne trøysta dei med at i alle fall noko Statfjord B-arbeid kom til Stord.  Men politikarane var mest opptekne av kor mange Leirvik Sveis kunne engasjera frå verftet.

På Kjøtteinen var 300 langtidspermitterte, vel 700 gjekk i ei rotasjonsordning med to vekes arbeid og to vekes permittering i månaden.  Sveisen skaffa arbeid til mellom 50 og 70 frå verftet i denne vanskelege tida.  Stålplatene vart brente på Kjøtteinen og så fordelt til Seglneset og Aslaksvik. Dessutan fekk verftet byggja helikopterdekket til B-plattforma på Statfjord-feltet.  Nytt på denne plattforma i høve til den første, var at det også skulle lagast ein hangar for helikopteret, ikkje berre ei plattform til å landa på.

Ingeniørtenestane kjøpte Leirvik Sveis i startfasen hos Norconsult i Oslo.  Dei hadde 30-35 tilsette som berre jobba med Statfjord B-kvarteret.  Det var det tyske verftet Blom + Voss A.G. i Hamburg som var Leirvik Sveis sin argaste konkurrent i kampen om Statfjord B-kontrakten.  Eit firma som to år seinare skulle bli samarbeidspartnar med Leirvik Sveis i dotterselskapet Offshore Maintenance + Repair (O.M.R) Stålleverandøren var Thüssen i Tysland.  Eit firma som også skulle bli samarbeidspartnar for Leirvik Sveis i 80-åra.

Innlasting av Statfjord B ved Rosenberg verft i Stavanger.

Underleverandørar

Leirvik Sveis hadde ein heilt klar filosofi når det gjaldt arbeidsfordelinga.  Dei skulle gjera det dei kunne best:  Stålarbeidet.  Så fekk lokale underleverandørar gjera det dei var spesialistar på.

«Me var med på å byggja opp både Sunnhordland Elektro og VVS Stord.  Sistnemnde firma hadde ikkje meir enn 8-10 tilsette då dei kom hit.  Halland Innredning og Norsk Viftefabrikk var også to av dei «faste» underleverandørane våre.  Birger Michelsen og Teknisk Isolering to andre.  Me kjente dei og dei kjente oss.  Me vart som eitt team.

Underleverandørane fekk etablera seg med kontor nær byggjeplassen på vårt anlegg.  Dei disiplinane underleverandørane dekka, bygde me ikkje opp i det heile i vår eigen organisasjon.  Arbeidet sette me bort til faste prisar.  På den tida var prisnivået såpass at alle tente rimeleg bra.  Timetalet på prosjekta vaks alltid.  Det vart forandringar og ekstraarbeid.  Når kundane krov det, måtte han også betala for ekstrajobben.  Men oljeprisen var høg.  Oljeselskapa tente pengar og var ikkje interessert i at små verkstader som vår skulle tapa pengar heller.»  (Per O. Bjelland)

«Dei lokale underleverandørane me har med oss har me vore med på å byggja opp frå botnen av – heilt bevisst.  Utan at me har kravd eigardel eller styrerepresentasjon.  Det er ikkje vår stil.  Me har hatt nok med å byggja oss opp sjølve.  Det var ein lur strategi.  Dei fleste underleverandørane våre er nøgde – og me er det.  Eller var det.

Konkurransen hardna til utover i 90-åra.  Det gamle underleverandørsystemet hadde sine klare ulemper.  Me fekk inn konkurransemomentet og innovasjonsvilja hos underleverandørane.  Det vart til at dei køyrde i kjente spor.  Først i 1995 fekk me underleverandørane til å skjøna at om dei framleis skal vera leverandørar for oss, må dei utvikla seg i takt med Leirvik Sveis.  Vera innovative.  Tenkja nytt.» (Harald Karlsson)