Leirvik fyller 75 år!

Stord Verft hadde sin Goliat, Leirvik Sveis sin David. Her er Birger Eldøy & Co i ferd med å montera den tyske kranen i Aslaksvik.
1980-talet

Utviding

Anlegget som Leirvik Sveis eigentleg planla for skipsbygging og brukte til produksjon av seksjonar for supertankarar i fem år, vart rett og slett for lite for det nye spesialproduktet:  Bustadkvarter.

Stord kommune hadde planar om å bruka Straumen og resten av det flate området mellom Valevågen og Melkevikjo til industriføremål (60-70 mål).  Den planen vart ikkje sett ut i livet.  Kor mykje pengar Stord kommune hadde brukt til planlegging av industrifelta i dette verneverdige området, er det ingen som har rekna ut.  Men det var ikkje reint lite. 

Først når det offentlege hadde resignert, når politikarane innsåg at det aldri ville koma industri i Straumen og Valevåg, kom Leirvik Sveis på banen.  Med oljealderen og ein stadig aukande produksjon av bustadmodular måtte Sveisen ha større areal, meir plass.  10 år tidlegare hadde det ikkje vore noko problem.  Då hadde kommunen og industrien hatt felles interesser.  No hadde dei ikkje det lenger.  Rett nok fekk Leirvik Sveis utvida industritomta si,  men dei ville helst hatt meir.  Sveisen presenterte sitt eige utkast til reguleringsplan for eit utvida industriområdet i Aslaksvikjo.  Heile vestsida av Valevågen der kommunen i alle år hadde vore hissig på å byggja veg fram til Straumen, ville Leirvik Sveis ha regulert til industriføremål.  Leiinga meinte det var heilt i samsvar med dei intensjonane kommunen hadde hatt då dei kjøpte arealet i 1962.

«Den grøne bylgja som slo inn over oss i 1970-åra har lagt etter seg heile Hystadmarka som ein grøn flekk på generalplankartet,» skreiv Per O Bjelland til kommunen.

«Men utviklinga går vidare.  Det er i dag også spørsmål om arbeidsplassar, bustader og service-anlegg som båthamner og liknande.  Alt dette kan best utviklast som ei forlenging av det som alt eksisterer.  Dersom Leirvik Sveis skal halda fram si verksemd over noko tid, ser vi det slik at vi må vera sikra for ekspansjon – kanskje på kort varsel.»

Sveisen hadde på denne tida eit planert industriområdet på 30 mål – pluss sju mål bratt, kupert fjellareal.  Ved å regulera heile vestsida av Valevågen til industriføremål, kunne dei meir enn dobla arealet sitt.

«Forminne i det regulerte området skal så langt ikkje utsprengjast eller raserast utan etter særskilt løyve frå dei rette styresmaktene,» heitte det i Sveisen sitt planutkast som var laga av Johannes Tufteland.  Tanken var at det skulle liggja att urørte område mellom dei ulike industribygga.  Men bygningsrådet ville ikkje ha industrien så langt inn i vågen.  60 meter var alt rådet var villig til å ofra.  Seinare vart grensa flytte 170 meter innover i Valevågen.

Alt i 1975 sprengde dei bort 4.000 kubikkmeter fjell nord for den gamle platehallen for å få areal nok til Statfjord A-modulane.  Året etter investerte Leirvik Sveis i ein brukt, svensk krane, ny knekkepresse og bygde på produksjonshallen. 

«Det gjekk med ei gravrøys.  Javel.  Og det var strid om kor langt inni vågen me skulle få lov til å sprengja ned.  Eg meiner framleis at det hadde vore ein stor fordel for alle partar om me hadde fått høve til å fylla i den inste, grunne delen av Valevågen.  Eg kan ikkje sjå nokon fordel med det «holet».  Det samlar seg berre rusk og rask der inne likevel.  Men naturverninteressene ba så fint dei kunne for å verna om Straumen.  Me tilbaud oss å leggja ned store røyr i steinfyllinga, slik at sjøvatnet kunne gå like langt inn som før, men fekk ikkje gjennomslag for det.  Leirvik Sveis kunne med relativt små fyllmassar fått planert eit stort industriareal der inne.

Å utvida området mot Valevågen lenger ute var ikkje like enkelt.  Der er det store lausmassar (leire) på botnen.  Steinmassane forsvinn berre ned i djupet.  Heller ikkje var det kommunal vilje til å ofra Husøya.  Me søkte om å få spengja den ned og laga oss ein djupvannskai på innsida – mot Leirvik, men fekk nei.  Det einaste me fekk lov til, var å lengja steinfyllinga vår 25 meter i Husøy-sundet».  (Per O. Bjelland)

I 1977 vart det bestemt å byggja nytt administrasjonsbygg på 1.100 kvm. Og ny utsprenging.  Denne gongen vart 35.000 kbm fjell sprengt ut og fylt i sjøen.  1978 vart lageret utvida, matsalen pussa opp og sandblåsingshallen utvida. 

Siste i 70-året var det først og fremst maskiner Sveisen investerte i:  Forvarmingsutstyr, NDE og utstyr som sette dei i stand til å måla kor mange hundre tonn dei store seksjonane vog.  Det var viktig for produsenten å fylgja med i kor tung kvar eining var.

Arbeidsstokken ved Leirvik Sveis låg lenge på 60-70 tilsette.  Men utover i 70-åra måtte dei tilsetja stadig fleire nye.  Mange av dei var tilflyttarar som Leirvik Sveis måtte skaffa husvære.  Nokre av dei kom heilt frå Nord-Noreg så Sveisen måtte sy saman ein heil «pakke» til dei – med jobb og hybel/husvære.  Mange av dei som melde seg til teneste kom med to tomme hender – utan fagbrev.  Det var bakarar, fiskarar, drosjesjåførar og andre som gjerne ville vera med på oljeeventyret.

Opplæringa ved Leirvik Sveis var ikkje sett i system på den tida.  Nykomarane vart sende rett ut i produksjonen og fekk si opplæring der som hjelpearbeidar.  Ikkje nokon ideell situasjon – korkje for arbeidsgjevar eller arbeidstakar.  Men mange av dei greidde overgangen forbausande bra.  Andre greidde den ikkje i det heile.

Ute på produksjonsområdet kom to nye Rubb-hallar opp, og frå Tyskland kom den store portalkranen som straks vart døypt «David».  Stord Verft hadde jo lenge hatt «Goliat».

«Det var heilt tilfeldig at me såg denne portalkranen avertert i eit teknisk blad.  Rett nok hadde me vore på jakt etter ein slik kran i lengre tid, men ikkje funne noko som høvde.  Me tok kontakt med eigaren som fortalde at «David» hadde vore brukt til montering av gravemaskiner for kolindustrien.  Eg drog til Tyskland for å handla.  Gav halvannan million kroner for sjølve kranen.  Transporten kosta like mykje.  Me fekk den frakta til Noreg med ein båt.

Monteringa gjorde me sjølve.  Rett nok var me lova ein tyskar som rådgjevar, men han kom aldri.  Kranen heiste seg opp sjølv ved hjelp av sitt eige maskineri.  Eg har aldri hatt så vondt i magen som den dagen me løfta den opp.  I alt seks mann var med opp.  Veret var ikkje det beste heller.  Me bruke ein heil dag før kranen var på plass.  Dei måtte løfta oss ned att i ei korg «  (Birger J. Eldøy)

Med den ny 80-tonns kranen på plass kunne Leirvik Sveis byggja saman seksjonane til bustadmodulane raskare og meir effektivt enn før.  Dei trong ikkje lenger stoppa alt arbeidet for å få løfta på plass ei ny høgd.

I 1982 fekk Leirvik Sveis kjøpt eit tilleggsareal på 18,6 mål frå Stord kommune, men det var ikkje nok.  Tre år seinare måtte dei ha meir tilleggsareal for å greia å ta på seg fleire store modul-kontraktar samstundes.  Til slutt kom altså Leirvik Sveis heilt inn i botnen av Valevågen.  Men dei fekk ikkje fylla att vågen, og dei fekk heller ikkje f ylla att sundet til Husøya og laga seg djupvannskai der.

Også administrasjonen vaks

Med utsyn til byggeplassen. Frå venstre: Harald Haga (konstruksjon), Terje Skaare (planleggjar), Magnar Jordal (planleggjar) og Peer O. Tuner (prosjektleiar).

Også administrasjonen måtte styrkast.  Kundane, dei store oljeselskapa, var rett og slett ikkje nøgd med at Leirvik Sveis hadde så liten administrasjon.  For liten, meinte dei.  Kundane pressa heile tida på for at Leirvik Sveis skulle utvida og styrkja sin eigen administrasjon.  Fleire av sluttforhandlingane om nye kontraktar omhandla nett det.

«Kunden pressa rett og slett stillingar inn i vårt system.  Stillingar me meinte var unødvendige.  Av og til fekk me betalt for dei, men berre i prosjektperioden.  Papirveldet var med på å forsterka denne trenden».  (Harald Karlsson)

Den neste store utsprenginga vart bestemt i 1981:  40.000 kubikkmeter fjell skulle flyttast og sliskebanen for modular styrkjast med nye betongsøyler.  Modulane vart nemleg større og større, oppdraga kom tettare og tettare.  Talet på tilsette vaks og vaks. Leirvik Sveis valde å rekruttera nøkkelpersonale utanfrå.  Dei fleste av desse kom frå Aker Stord.  Sveisen tok steget frå å vera ei lita til å bli ei mellomstor bedrift.

Hausten 1982 vart det bestemt å byggja ei tredje høgd på administrasjonsbygget.  Huset var blitt for lite.

Administrasjonen vaks frå 17 i 1980 til 29 i 1982.  Talet på formenn og operatørar vaks frå 88 i 1980 til 138 i 1982.  I tillegg hadde dei leigd inn 60 operatørar og åtte ingeniørar/kvalitetskontrollørar.