Leirvik fyller 75 år!

Birger Eldøy (til høgre) med ei store stålrøyra han måtte sveisa saman for Sunnhordland Kraftlag langt inne i Blådals-tunnelen.
1974

Industriproduksjon vidare

På ski til Blådalen

Lervik Sveis fekk også eit lite, men spesielt oppdrag for Sunnhordland Kraftlag.  Inst inne der Blådalsvatnet kjem ned, sveiste verksmeister Birger Eldøy og ein Halsnøy-bu saman stålrøyra vatnet skulle fylgja fram til turbinane.  Stålrøyra var rett og slett for lange og tunge til å transportera gjennom terrenget.  Difor vart dei kutta opp og køyrd inn på beltebilar vinterstid.

«Eg gjekk på ski frå vatnet ved den gamle kraftstasjonen og inn.  SKL trong ein sertifisert sveisar til å setja røyrbitane saman.  Det var der eg kom inn i bildet.  Men flust med utstyr var det ikkje der inne, så me var nøydde til å improvisera.  Eg fekk tak i eit par gamle steintraller som eg jekka røyrseksjonane opp på.  I første omgang heldt me delane saman ved hjelp av ei wire-talje.  Etter at delane var hefta saman, var det å fylla sveisfugene.  Eg sat overskrevs på røyra mens eg gjorde den ytre sveisen, men måtte krabba inn i røyra på alle fire for å sveisa dei frå innsida.

Eg fekk vondt i hovudet på grunn av all gassen som samla seg inne i tunellen.  Anleggsarbeidarane jobba natt og dag der inne.  Salvene vart som regel avfyrt tidleg om morgonen og etter kvart som lyset i tunnelen vart gulare og gulare, fekk eg meir og meir vondt i hovudet.  Rett nok pumpa dei luft inn der folk jobba, men det tok si tid å få gassen/røyken bytt ut med frist luft.» 

(Birger Eldøy)

Roterande pullert

Tidleg i 70 åra utvikla Birger Eldøy ein roterande pullert og søkte også patent på den i 1973.  Dei to aller første fekk han plassert ombord i supplybåten «Rigg Sailor» som Voldnes skipsverft i Fosnavåg bygde for reiarlaget K/S Sandøy Supply & Co i Ålesund.

Desse pullertane vart brukt spesielt i samband med forhaling og fortøying, men også ved flytting og surring av dekkslast.  Håpet var å koma i gang med serieproduksjon av nyskapningen på nyåret 1974 – etter å ha testa dei eit halv år ute på feltet. 

Birger fekk ein stor supplybåt frå Ankona i Italia til å testa ut to andre.  Tilbakemeldingane var positive – både frå Møre og Italia. 

Men patent fekk han ikkje.  Det var hevda at ein brite hadde laga noko liknande tidlegare.