Leirvik fyller 75 år!

Odd P. og kona Anna Bjelland
1969

Kansellering

Det var A/S Conservas Coquerio i Sao Bonzalo, Brasil, som kontraherte «Iemanja»- og mannen som så brått dukka opp hos Leirvik Sveis i august 1968 var direktør Heinz Zech.  Via Vestlandske Fartybyggjarlag vart dette brasilianske selskapet sjekka grundig.  Dei kom til at Conservas Coquerio var eit økonomisk solid selskap som først og fremst dreiv med fabrikasjon av og handel om konservert fisk.  Coquerio-produkta var av framifrå kvalitet.  Når det likevel tok tid før alle formalitetane var ordna, hang det saman med at den brasilianske regjeringa gjennom nasjonalbanken la ned importforbod mot utstyr som industrien i Brasil kunne produsera.  Difor måtte dei henta inn pris frå sju brasilianske verft på bygging av denne hekktrålaren.  Først etter to månader med forhandlingar fekk Coquerio importlisens for «Iljemanja», og Leirvik Sveis kunne starta bygginga.

Direktør Heinz Zech var forresten tilbake på Stord i samband med dåpen og betalte dei 1,9 millionane båten kosta kontant!

Fire nordmenn vart med nybygget til Brasil mot slutten av juli 1969.  Der vart den sett inn i sardin- og makrellfiske.  Gudmor for denne første og einaste Brasil-båten var forresten Anna Bjelland – kona til grunnleggjaren av Leirvik Sveis.

Eigentleg var det meininga at verftet i Aslaksvik skulle ha bygt fleire båtar for Brasil. 

Den 5. juni 1969 vart det nemleg inngått ein kontrakt mellom Cia De Pesca Do Espirito Santo, AV, Geuilio Vargas S/N, Victoria, Es, Brasil og Leirvik Sveis om bygging og levering av tre 72 fots kombinasjons-fiskebåtar.  Stykkprisen var avtalt til 980.000 kroner.  Så langt var prosjektet kome at Leirvik Sveis tildelte dei tre reketrålarane byggenr. 38, 39 og 40.  Båtane skulle leverast  i 1970. 

Denne gongen var det skipsmeklarfirmaet Harald M. Aagaard i Oslo som sto sentralt i kontraktsforhandlinga, men Vestlandske Fartybyggjarlag var også ein viktig medspelar for Leirvik Sveis.  Alt i alt skulle det byggjast sju slike fiskebåtar i Noreg.  Fire ved Langsten Slip & Båtbyggeri på Tomra i Romsdal, tre ved Leirvik Sveis.

Det kongelege handels- og skipsfartsdepartementet godkjente kontrakten.  Leirvik sveis-båtane skulle leverast i mars, mai og juli 1970.  20% av byggesummen på vel ein million skulle betalast ved kontrakttildeling, dei siste 80 % ved levering. Terminane skulle Eksportfinans i Oslo finansiera.  På brasiliansk side var det det statlege organet Super Intendencia de Cescenvolvimento de Pesca Rio de Janeiro som skulle stå som låntakar. Men heile prosjektet skar seg til slutt på grunn av manglande importlisens.  Kontrakten på dei tre reketrålarane vart kansellert og let etter seg eit digert hol i Leirvik Sveis sin serie av byggenummer.