Leirvik fyller 75 år!

1974

Per O. Bjelland

Ein av Odd P. Bjelland sine søner, Per O.,  var berre ni år då faren stifta Leirvik Sveis.  Han vart fort tiltrekt av miljøet i Evjo.  Når han hadde skulefri, var han som regel å finna der blant stål og kjeledresskledde arbeidarar som bygde opp gamle og nye båtar.  Per var ikkje gamle karen (13) då han fekk sin første lønningspose.  21 blanke kroner var det i den – datert 7. september 1950.  Det var vekeløna for løperguten på Leirvik Sveis.  Den lønningsposen tok Per vare på heile livet.  Hadde den liggjande i skrivebordsskuffa i hjørnekontoret i Aslaksvik som eit minne.

Per O. Bjelland var fødd 29. oktober 1937 og vart læregut hos faren på 15-årsdagen.  Midtsommar 1955 var han utlært fagarbeider, og i januar 1957 fekk han fri for å utdanna seg til skipsingeniør ved Bergen Tekniske Skole.  Etter tre år på A/S Stord, med to chilenske pausar, vende han heim att til Leirvik Sveis som driftsingeniør i 1964.

Det vart starten på vel 30 arbeidsintensive år for familieverksemda i Aslaksvik.  Per O. Bjelland teikna mange av dei båtane Leirvik Sveis bygde i 60-åra.  Dei ti åra han var driftsingeniør bygde Sveisen store lastebåtane og ei rekkje fiskebåtar.  Seinare vart det fem år med serieproduksjon av tankbåtseksjonar for Stord Verft.  Då Bjørn Karlsson døydde i 1974, overtok Karl Sandvik som driftsingeniør både på Leirvik Sveis og Seglneset.  Per O. Bjelland vart utnemnd til disponent frå 20. februar 1974. 

Det gjekk ikkje lang tid før oljealderen melde seg på Leirvik Sveis i form av Beryl A-kontrakten.  Og det vart Per’en som skulle koma til å leia verksemda gjennom 21 hektiske år der Leirvik Sveis etablerte seg som den største leverandøren av bustadkvarter i heile Noreg.  I denne perioden utvikla sveisen seg frå eit lite skipsbyggeri med 50-60 tilsette til ei mellomstor bedrift med 370 personar på lønningslistene.  Berre nokre få månader før han døydde, overlèt Per O. Bjelland direktørstillinga på Leirvik Sveis til Harald Karlsson, son til Bjørn Karlsson.  Per gjekk inn som arbeidande styreformann i staden.  Men den 17. mars 1995 var det slutt.  Som faren Odd P. døydde Per O. som styreformann for Leirvik Sveis. 

På same måte som forgjengaren Bjørn Karlsson, engasjerte Per O. Bjelland seg i Vestlandske Fartybyggjarlag.  Der var han først varamedlem i tre år, så styremedlem frå 1977 til 1981 og på nytt varamedlem i fem år.  I 11 år var han medlem av Bransjerådet for Småskipsbyggeriene (1971-82), Teknisk Utvalg for Bruksbåter (1969-71) og Utval for Interne Samarbeidsformer (1981).  Per O. Bjelland var også med i styret for Sunnhordland Lufthavn A/S – og ein av forkjemparane for bygging av flyplassen i Sør-Stokken i lag med industrileiarar som Åsmund Myhre, Knut Kristiansen, Rolf Th. Waage og Jon Lund.