Leirvik fyller 75 år!

Den same silorekka (som vist under) sett ovanfrå. Montørane til Leivik Sveis måtte klatra både gøgt og lågt for å setja saman sluttproduktet på staden.
1968

Industriproduksjon

Leirvik Sveis har heilt sidan starten teke diverse småoppdrag i tillegg til hovudaktiviteten som var bygging av stålbåtar.  Mykje av verktøyet dei trong laga dei sjølve. 

Litt etter litt vaks det fram ein heil industriproduksjon på Leirvik Sveis.  Dei produserte branndørar, hydrofonpumper (og verktøy for å serieprodusere pumpene), Mac Gregor lukedeksel,  for å nemne noko.  Ein av dei som skulle bli ein stor kunde hos Leirvik Sveis var Stord Bartz Industri.

I førstninga var det mindre komponentar, men etter kvart vart det spesialisering på transportskruar og mjølsiloar, begge produkta ein vesentleg faktor i fiskemjølsilo-fabrikkane.

Kontakten med Stord Bartz Industri skulle etter kvart koma til å føra Leirvik Sveis til utlandet.  Og det var produkt til sildemjølindustrien som gav dei billetten ut.  Det var transportskruar som skulle bli Leirvik Sveis sin spesialitet mot Bartz’en.   Kor mange mil slike skruer dei laga på Sveisen, hadde ikkje verksmeister Birger Eldøy oversyn over den gong.  Men det var ikkje få.  Det første oppdraget for Bartz’en kom tidleg i 60-åra.

«Me hadde hatt kontakt med dei tidlegare også men no kom dei og spurde om me kunne tenkja oss å produsera transportskruer for dei.  Det takka me sjølvsagt ja til.  Lenge var Leirvik Sveis «hoffleverandør» av transportskruer til Bartz-Johannesen.  Det meste vart laga på bestilling og i den første tida gjekk industriproduksjonen og skipsbygginga i Aslaksvik om ein annan.  Seinare vart dei to aktivitetane skilde i kvar sine hallar» 

ref. Birger J. Eldøy

Store stålsiloar

I midten av 60-åra gjekk sildemjølfabrikkane over til å lagra mjølet sitt i store siloar i staden for i den tradisjonelle emballasjen.  Denne bulklagringa og -skipinga med å lagra mjølet sitt i store siloar i staden for i den tradisjonelle emballasjen, opna også for nye produkt for Leirvik Sveis.  Dei sette i gang med prefabrikkering av store mjølsiloar i stål.  Stord Bartz skaffa dei oppdraga, men det var Leirvik Sveis sine folk som monterte dei delvis prefabrikkerte siloane på fabrikkane.  På få år leverte Stord Bartz meir enn 10 slike siloanlegg.  Lagringskapasiteten varierte frå 1.000 til 6.000 tonn sildemjøl. Men alle vart levert med komplett mekanisk og elektrisk utstyr for transport, rullering, instrumentering og fjernstyring. 

Leirvik Sveis produserte og monterte denne silorekka til Egerø Sildoljefabrikk i 1968.

Eit av dei første anlegga Leirvik Sveis bygd mjølsiloar til, var Egerø Sildoljefabrikk i 1968.  Dei skulle i utgangspunktet ha 12 celler, men auka leveransen til 14.  I tillegg til siloanlegget leverte dei også innmatings-, utmatings- og tverrskruer.  Kontrakten var verd 550.000 kroner, men då skulle Leirvik Sveis også levera siloane ferdig monterte i Egersund.  Selskapet fekk 25.000 ekstra kroner til reise og opphald der sør.  Anlegget sto ferdig hausten 1968. 

Året etter fekk dei leveransar til Haugesunds-kanten.  Det var ikkje berre sildemjølfabrikkar innanlands som etterspurte dei store mjølsiolane i stål.  Også i utlandet selde Bartz-Johannessen dette produktet.  Sommaren 1973 tinga Västkust Fisk A/B på Ängholmen seks 18,9 meter høge siloar med ein diameter på sju meter.  Diverse tilleggsutstyr skulle dei også ha, m.a. transportskruar.  Med ekstraarbeid for 144.000 kr vart kontraken til slutt verd 1.050.000 kr for Leirvik Sveis.  Men nettofortenesta på jobben vart ikkje større enn 15.500 kroner.

Leirvik Sveis drog også vestover med siloane sine.  Hebridene, Fraserburgh i Skottland og Aberdeen.