Leirvik fyller 75 år!

Etter kvar sjøsetting inviterte Leirvik Sveis til mat i andre høgda på administrasjonsbygget. Som regel var det konene til eigarane som sto for matlaging og servering. Her er Solveig Eldøy, kona til Birger Eldøy (t.v.) Helga Karlsson, kona til Bjørn Karlsson, Marie (Molla) Bjelland, kona til Kjell Bjelland, Liv Bjelland, kona til Per O. Bjelland og Anna Bjelland, kona til Odd P. Bjelland, samla på trappeavsatsen etter endt dyst.
Slutten av 60-talet

Vaks ut or reiret

Dei fem siste åra på 60-talet var hektiske og travle for Leirvik AS.   Talet på tilsette låg stort sett på 60-70.  Administrasjonen var framleis rimeleg liten, men effektiv.  Produksjonen gjekk greitt.  Skipa vart gjort ferdige til avtalt tid.

Leirvik Sveis heldt igjen på å veksa ut or reiret…..

Beddingen var i minste laget, det same var platehallen.  Problemet var:  Kor stort skulle dei dimensjonera neste byggesteg?  Kva marknad skulle dei retta seg mot?  På denne tida (1967) bygde Aker Stord tankskip på 100.000 tonn dødvekt.  Kor store skip skulle Leirvik Sveis våga seg på?  Shelterdekkarane var berre på 550 t.dw.

I 1966 laga Leirvik Sveis teikningar/spesifikasjonar til ein 144 fots fiskebåt som dei prøvde å marknadsføra som sitt produkt.  Båten ville kosta 3,275 millionar.

Teikningsgrunnlaget kom eigentleg frå Søviksnes Verft via Karmsund Verft, men Sveisen gjorde visse modifikasjonar på dei.  Tala viste at Leirvik Sveis var konkurransedyktige i pris.  Brødrene Lothe i Haugesund skulle ha 3,3 millionar for å byggja den same båten.  Karmsund Verft 3,35 millionar.  Likevel fekk Sveisen aldri nokon kontrakt på så store fiskebåtar.  To år seinare rekna dei på ein bilbåt for Vestlandske Fartybyggjarlag.  Igjen var det ingeniørfirmaet Lund, Moh og Giæver-Enger i Bergen som ba om pris på ein 199 brutto registertonns lastebåt.  Leirvik Sveis prisa den til 3,1 mill., levert i oktober 1969, men fekk ikkje oppdraget.

Med Bjørn Karlsson i styret satsa Vestlandske Fartybyggjarlag (VF) i 60-åra på å differensiera medlemsverfta.  Ikkje alle kunne satsa på det same segmentet av marknaden:  Fiskebåtar.  Ei systematisk omlegging til større skip og til andre skipstypar vart sett i verk.  Verfta måtte spesialisera seg. VF organiserte i denne perioden også eit samarbeid mellom medlemsverfta med tanke på utbygging av anlegga.  Her vart det formidla informasjon og utveksla besøk.  Når eitt av medlemsverfta gjekk med planar om modernisering eller utviding, tok dei kontakt med VF-sekretariatet.  Både med tanke på finansiering, og for å få høve til å utveksla praktiske røynsler med andre verft. Også når det gjaldt produktutvikling og tilbodsarbeid vart VF etter kvart eit stadig viktigare samordningsorgan.  Samarbeidet resulterte m.a. i seriekontraheringar og betre økonomiske resultat for dei einskilde verfta. 

Kostnadsutviklinga i Noreg mot slutten av 60 åra vart ein kompliserande faktor i dette bildet.  Norsk småskipsbygging var i ferd med å prisa seg ut av marknaden. 

Leirvik Sveis snuste lenge på ei vidareutvikling av lastebåt-serien.  Det var utruleg mange førespurnader på skip av same typen, og dobbelt så store som Rugg. Felles for dei alle, var at ingen av dei vart bygde på Leirvik Sveis.  I mellomtida bygde Sveisen fiskebåtar.

«Leirvik Sveis oppdaga mot slutten av 60-åra at konkurransen innan skipsbygging var blitt utruleg hard – og at lønnsnivået i Stord-regionen var noko høgare enn hos mange av konkurrentane.  At dei i staden for å satsa på nybygg gjekk over til å byggja seksjonar for Stord Verft, viste seg å vera eit strategisk rett val.  Den røynsla Leirvik Sveis fekk gjennom denne avtalen, vart også innleiinga til den spesialiseringa verftet seinare valde innan offshore-næringa,» hevda Jan Ryvær i Norsk Skipsverft, framhaldet av Vestlandske Fartybyggjarlag.