Leirvik fyller 75 år!

Kristoffer Djuve var tilsett på Seglneset i ein menneskealder. Den siste perioden var han Leirvik Sveis sin avdelingslear i Sagvåg. Djuve gjekk av på vårparten 1989.
1970-åra

Seglneset vidare

Spesielt blant fiskebåtreiarane vart Seglneset populært  Det vart ein stad der dei kunne få utført små og store reparasjonar og utbetringar av båtane sine raskt og effektivt.  Det var ikkje reint få kraftblokkbåtar som var innom der for å få montert sildeskott i lasteromma sine.  Andre vart liggjande i lengre tid for omfattande ombygging og modernisering. 

Då tankbåtmarknaden svikta, vart det meir utrusting, men det kom og ein og annan båt for utbetring. Seglneset har utført mange ulike oppdrag som bygging av Nutec testtårn for livbåtar, merdanlegg til oppdrettsnæringa og kanalar til Hydro Karmøy, for å nevna noko.

Mens Seglneset dei første fem åra hadde mest å gjera for Leirvik Sveis, endra dette seg utover i 70 åra.  Når Sveisen slutta å byggja båtar, vart det heller ingen skrog å utrusta på Seglneset.  Dei laga rekkverk og hundrevis av meter med leiderar til tankane i dei kjempestore tankskipa.  Tidvis utgjorde underleveransane til verftet 70-80 prosent av arbeidsmengda.  I 1976 selde Seglneset i alt 90.000 arbeidstimar.  Hele 70.000 av dei gjaldt underleveransar til Stord Verft (Statfjord A)  Berre 3.000 timar vart utført for Leirvik Sveis.

Etter at Leirvik Sveis kom inn som hovudleverandør av bustadmodular, vart  produksjonen på Seglneset seksjonsdeler til bustadane og utrustning. 

Talet på tilsette vaks gradvis, og i 1977 hadde den «vesle» verksemda 49 tilsette.  Drifta gjekk så bra at Seglneset investerte nær ein million i ein ny Liebherr-kran og utvida sveisehallen med 400 kvm.  Tre år seinare investerte dei i ny sandblåsings- og malingshall og ein sveisekran for automatsveising. 

Oppdragsmengda varierte noko desse åra.  Ombygging av fiskebåtar vart igjen eit viktig supplement.  Mange av dei store snurparane kom innom for å få montert fryseanlegg.

Etter kvart som Leirvik Sveis svinga seg opp som Nordsjøens viktigaste hotellbyggar, vart det også mykje prefabrikasjon til bustadmodulane på Seglneset.  Trappesjakter, ventilasjon, sluk.  Alt som hadde med valsing og profilar å gjera, vart utført i Sagvåg.  Alt stålarbeidet som det skulle vera fasong på vart sendt forbi Kjøtteinen til Seglneset, som alltid har hatt bra med plateustyr samanlikna med Sveisen.  I 1979 fekk Seglneset utarbeidd ein reguleringsplan for den delen av Sagvåg der verksemda låg.  Dei heldt på å verta innebygt av bustader og ville gjennom reguleringsplanen sikra seg høve til framtidige utvidingar. 

Særleg omfattande modulproduksjon i stål vart det aldri på Seglneset.  Men tidleg i 80-åra hadde dei store oppdrag innan offshore-industrien.  Først og fremst gjennom Leirvik Sveis.