Leirvik fyller 75 år!

Tor Bjelland, olje og energiminister Kåre Kristiansen, Jarle Myklebust, Harald Karlsson, Willy Arntsen og Per O. Bjelland med Sokkelprisen Leirvik Sveis vart tildelt i 1985. Prisen var eit relieff i tinnbasert materiale – laga av den norsk-færøyske kunstnaren Helgi Joensen. Det var Aftenposten, Noroil Publishing House LTD AS og Sunnhordland Forlag som oppretta prisen.
1986

Kjempehall ved Valevågen

Mens Leirvik Sveis jobba på spreng for å få ferdig det grensesprengjande bustadkvarteret til Oseberg feltsenter, kom ei urovekkjande melding:  Gullfaks C skulle forserast med eitt år.  Det ville bety at dekk og modular måtte byggjast i utlandet.  Få norske verft hadde ledig kapasitet til å byggja rekordplattforma.  Ordførar Werner Hagerup hadde med seg partikollega Svein Alsaker frå Stortinget på eit rutinebesøk til Leirvik Sveis.  Der lurte leiarane på kva i all verda Statoil dreiv på med?  Alsaker sat i industrikomiteen og visste ikkje noko om den forserte utbygginga.  Han vart svar skuldig.  Men han tok opp saka straks han kom tilbake til hovudstaden.

Trass i massive protestar frå norsk leverandørindustri, gjekk tilbodspapira ut.  Gullfaks C skulle forserast.

«Me vart kontakta av Kværner og spurt om me ville gå i allianse med dei og Fredrikstad Mekaniske Verkstad for å byggja bustadmodulane til Gullfaks C.  Etter det me kunne sjå var det den einaste sjansen me hadde til å bli med på modulane.  Me sa OK til at dei bygde to – med ein modul til Gullfaks C.  Tilbodet vart levert til Statoil innan fristen.  Me skulle byggja ein bustadmodul – Fredrikstad Mek. to, som underleverandør til oss.

Men Statoil var skeptisk til Fredrikstad Mek.  I kontraktsforhandlingane mellom Statoil og Leirvik Sveis forsvann Fredrikstad ut til venstre.  Statoil var overtydd om at Leirvik Sveis ville greia å byggja bustadkvarteret til Gullfaks C åleine.  Det kunne me ikkje utan å utvikla anlegget vidare.  For å ta på oss Gullfaks C-oppdraget, måtte me planera nytt areal innover i Valevågen og setja opp ein ny stor hall på den nedsprengte området.  Vedtaket om det måtte me gjera før me hadde fått kontrakt på jobben.  Me sat inne i Oslo og gjorde desse vurderingane.  Berre den nye modulbyggehallen ville kosta 30 millionar kroner.  I tillegg kom nedsprenginga.  Etter litt att og fram sa me ja til Statoil.  Frå Oslo ringde me til W. Engelsen Ettf. og ba dei førebu sprenging av fjellmassane langs Valevågen.  Visse vurderingar hadde me gjort på førehand, så me visste at det var nokolunde vetig å gjera dette.  Sprenginga vart sett i gang.  Den nye 40 meter høge stålhallen til 30 millionar kroner vart tinga hos finske OY FSE Marketing Ltd.  Platehall, brennehall og profilhall skulle prefabrikkerast i Finland og monterast på Leirvik Sveis på tre korte vårmånader i 1986.

Modulhallen skulle utstyrast med to traverskranar som i alt kunne løfta 160 tonn.  Hallporten ville bli på heile 40×33 meter.  Arbeidet kom så langt at fundamenta til den nye hallen vart støypt.

Men så slo dei inn, alle argumenta som talte mot å forsera Gullfaks C.  Statoil ombestemde seg.  Kostnadene med nedsprenginga på Leirvik Sveis dekka Statoil.  Dei tok også på seg noko av kanselleringsgebyret på hallen.  Den finske leverandøren gjekk forresten konkurs kort tid etterpå.  Hadde me visst det me veit i dag, burde me ha sett opp hallen.  Det hadde blitt ein rimeleg hall.  For 30 million kunne me ha fått ein gigantisk modulhall der det var råd å byggja to modular samstundes.»  (Jarle Myklebust)

Leirvik Sveis fekk Gullfaks C-jobben også – men ikkje før oppunder jul 1985.  Då sto oppgåvene i kø i Aslaksvikjo.  Aldri før, og kanskje aldri seinare, har det vore så hektisk byggjeverksemd på Sveisen.  Ordrereserven låg på 625 millionar kroner og omfatta:

  • Gullfaks B
  • Oseberg A
  • Gullfaks C

Og Leirvik Sveis greidde å levera etter planen – sjølv utan den etterlengta kjempehallen inne i Valevågen.

Sokkelprisen til Sveisen

I 1985 var Sveisen i vinden som aldri før.  Dei hadde plenty å gjera og dei vart tildelt den aller første Sokkelprisen av Aftenposten/Noroil/Sunnhordland Forlag.

Juryen konkluderte sine vurderinga med at Leirvik Sveis kunne vera eit føredøme for andre leverandørar av utstyr til verksemda på kontinentalsokkelen:

«Leirvik Sveis har i dag en helt enestående posisjon i norsk oljeindustri.  Kvalitet og presisjon er de egenskaper som oftest nevnes i forbindelse med utførelse, dokumentasjon og organisasjon ved oppdrag utført hos Leirvik Sveis.  Bedriftens forhold til og kontakt med oppdragsgiverne betegnes som mønstergyldig av de operatørene som har fått utført byggeoppdrag ved Leirvik Sveis.  Det er karakteristisk at bedriften var en av de første offshore-leverandører som uten vansker gikk over til bruk av norsk standard i sine konstruksjoner.

Kvaliteten på arbeidet som Leirvik Sveis har utført, bevises best av bedriftens referanseliste.  Leirvik Sveis mottok ved begynnelsen av 1985 sin 10. ordre på et hotellkompleks for Nordsjøen, nemlig hotellet til Oseberg A-plattformen.  Ti hoteller på ti år er stor sett summen av Leirvik Sveis’ engasjement i oljevirksomheten»