Leirvik fyller 75 år!

Willy Arntsen (t.v.) var klubbformann i fleire periodar, 1979–1981, 1981–1984, 1985–1986 og 1990–1995. John Arild Gravdal (t.h.) var klubbformann i tidsrommet 1986–1991.
1995

Klubbarbeidet låg nede

Den første tida i Evjo eksisterte det ikkje nokon verkstadklubb på Leirvik Sveis.  Men utover i 50 åra var det fleire av dei tilsette som vart direkte medlemer i Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund si avdeling på Stord, avd. 118.  Etter initiativ frå Henry Aas vart det i 1952 etablert ein eigen liten klubb for Leirvik Sveis.  Første formann var Hallvard Sætrevik som fire år seinare var ein av dei som stifta Delindustri.  Særleg stor aktivitet var det aldri i den vesle klubben.  Lønnsnivået var ikkje imponerande høgt.  Timeløn låg rundt tre kroner. Mens Leirvik Sveis heldt på å flytta frå Evjo til Aslaksvik, sette Odd P. Bjelland fram ynskje om å gå over til verkstadavtalen igjen etter å ha brukt overeinskomsten for Vestlandske Fartybyggjarlag nokre år.  Men klubben ville ikkje det, og ettersom partane ikkje vart samde lokalt, vart Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund kopla inn i forhandlingane.

Den 18. juli 1956 kom forbundssekretær Skau i lag med I. Øpstad frå avdelinga 118, Odd P. Bjelland og Bjørn Karlsson saman for å drøfta konflikten.  Med var også  representantar frå Vestlandske Fartybyggjarlag som representantar for arbeidarane ved Leirvik Sveis.

Enden på visa vart at arbeidarane og Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund fekk det som dei ville.  I protokollen frå 18. juli 1956 står det at avtalen mellom forbundet og VF skal gjelda for Leirvik Sveis også i komande tariffperiode.  Men fagrørsla og tillitsvalgte sa seg villige til å diskutera overgang til verkstadavtalen i god tid før perioden gjekk ut, fordi Leirvik Sveis då ville ha flytta til ny stad og delvis ha utvikla produksjonen sin.

Problemet var at Sveisen gjekk på ein økonomisk smell og måtte gjennom akkord for å overleva.  I den prosessen måtte dei aller fleste tilsette slutta.  Klubben tørka rett og slett ut og vart ikkje teken opp att før eit stykke inn i 70-åra.  I mellomtida var mange av dei tilsette direkte medlemer i avd. 118.

Leirvik Sveis har feira mange jubileum. Den første jubileumsfesten i 1956 var det 110 gjester samla i Samfunnshuset.  Då var det A. Nysæter som sto fram på vegne av dei tilsette.  Han verka rimeleg nøgd med tingenes tilstand.  15 år seinare – 25 års jubileumet – same stad, denne gongen med Kåre Hemnes som like nøgd tillitsmann for arbeidarane. 

I mellomtida hadde alt klubbarbeidet på Leirvik Sveis lege nede.  Rett nok valde enkelte av arbeidarane å gå tilbake til den gamle ordninga med direkte medlemskap i Jern og Metall, men formelt vart ikkje klubbarbeidet ved Sveisen teke opp att før i 1974 – med ein forsiktig start.  Då var verksemda på full fart inn i oljealderen og klubben fekk ei rekkje nye problemstillingar å ta stilling til.  Krava til sveisarane vart skjerpa – dei måtte signera arbeidet sitt.  Alt vart kontrollert.

Bjørn Vikanes vart første formannen i den «nye» verkstadklubben i 1975.  Alt frå starten tok klubben opp ei rekkje tilhøve for å betra arbeidstilhøva for medlemene sine.  Noko lønskamp å snakka om var det aldri.  Det var på andre område «kampane» mellom klubben og leiinga kom til å stå.  Etter eit par korte periodar med Hans Aas og Knut Alsaker som formenn, kom den unge platearbeidaren Willy Arntsen på banen i 1979. 

Då Willy første gongen aksla formannstrøya, var det ikkje sett av tid til å driva klubbarbeid.  Det var noko han måtte halda på med i pausane og på fritida.  Etter kvart fekk dei forhandla seg til nokre timar i veka som dei kunne bruka til klubbarbeid.  Det gjekk nokre år før dei fekk klubbleiar på heiltid.

»  (Willy Arntsen)

«- Frå dag ein jobba eg for å betra arbeidsmiljøet.  Kjempa for å få det best mogleg.  Men Per’en var motstandar av fagforeiningsarbeid.  Det tok t.d. lang tid før me fekk gjennomslag for krava våre om betre garderobeanlegg.  Og inn i styret var det ikkje snakk om å sleppa oss.  Kanskje pressa me ikkje hardt nok, men saka låg aldri heilt død, sjølv om disponenten stadig avviste den.  Eg trur saka trong ei viss modning.  Me måtte stadig bearbeida leiinga, fremja kravet om styrepresentasjon om att og om att».  (Willy Arntsen)

Aktive eigarar

Leirvik Sveis hadde aktive eigarar.  Gründarane utgjorde styret – og dei var alle tilsette i sitt eige selskap.  Dei andre tilsette hadde ikkje like lett for å koma til orde.  Det tok ei tid før dei tre eigar-familiane gjekk med på å sleppa arbeidstakarane til i dei styrande organa. 

Leirvik Sveis vart omgjort til aksjeselskap i 1973.  Berre tre år seinare (1976) endra Stortinget aksjelova slik at dei tilsette i verksemder som dei siste tre åra i snitt hadde hatt meir enn 50 tilsette, hadde rett til å ha ein representant i styret.

Leirvik Sveis stetta dette kravet, men leiing sa nei.  Det skulle gå 10 år før Leirvik Sveis sine tilsette fekk plass i styret.  Willy Arntsen og Birger Larsen prøvde begge to som klubbleiarar utan å lukkast.  Først på generalforsamlinga i juni 1986 gav eigarane endeleg etter.  Willy Arntsen og John Arild Gravdal vart dei tilsette sine første styremedlemmer.  Det første styremøtet dei to tillitsmennene fekk delta på, vart avvikla 4. juli 1987.  Det sto berre ei sak på kartet:  Å seia nei takk til å gå inn i eit nytt selskap, Birger Michelsens Stord AS.

John Arild Gravdal hadde vore tillitsmann både på Stord Verft og i Nordsjøen då han kom til Leirvik Sveis hausen 1983.  Etter eit halvt år vart han nestleiar i klubben – i 1986 klubbformann.

«-Me jobba målretta for å endra leiinga sitt syn på oss.  Klubben ville ikkje lenger berre vera ein motpart i dei årlege lønnsforhandlingane.  Me ville engasjera oss i drifta, forbetra verksemda, for den betydde like mykje for oss som for eigarane.

Det er vår arbeidsplass.  Difor gjekk me inn og stilte krav til forbetringar.  Stilte krav til leiinga om at dei skulle gå i spissen for å rasjonalisera drifta.  Me krov også at dei skulle vera med på å utvikla dei tilsette.  Betra produksjonsløysingane.  Me ville ha eit betre anlegg.  Ville opp i 1. divisjon.  Heldigvis gjekk leiinga med på dette.  Det tok ikkje lang tid før me fekk til ein god dialog og eit bra samarbeidsklima».  (John Arild Gravdal)

Seglneset var organisert som eigen klubb, men samarbeidde med verkstadklubben på Leirvik Sveis på alle område – også i lønsforhandlingane.  Dei hadde lik løn.  Den same avtalen.  Stort sett var det LS-klubben som forhandla på vegne av begge.  Men dei to klubbstyra sette seg saman på førehand for å samordna krava og leggja strategien.  Seinare vart dei to klubbane slegne saman med eit felles styre.  Seglneset fekk sitt eige avdelingsstyre med tillitsvalde.

«Me har hatt ei oppegåande leiing på Leirvik Sveis.  Leiarar som har reagert kjapt.  Teke raske avgjerder.  Av og til følte me i styret at me hadde for dårleg grunnlag til å ta desse avgjerdene på.  Men me måtta godta det eigarane la fram – utan å ha høve til å kontrollera opplysningane eller få ein tredje part til å vurdere dei.»  (John Arild Gravdal)