Leirvik fyller 75 år!

Avisutklipp av Bjørn Karlsson – med overskrifta: «Brasiliansk» på Leirvik Sveis.
1970-åra

Til Sør-Amerika

Vestlandske Fartybyggjarlag jobba lenge og intenst for å skaffa norske småskipsverft ein ny marknad i U-landa.  Leirvik Sveis var eitt av verfta som gjerne ville inn på denne marknaden, men det vart nokre enkelte spreidde forsøk.  Nokre doryar og ein lettbåt til Indiahjelpa, ein stor dory til prøvefiske etter hai på Afrika-kysten og ein 33 fots reketrålar til Norwegian India Foundation hadde dei alt levert i perioden 1955-58.

Per O. Bjelland var innom mange ulike posisjonar på Stord Verft.  Han starta karrieren på Kjøtteinen på avslagningsloftet, seinare var han ei tid på teiknekontoret, så planleggingskontoret, og då han slutta i 1964 var han assistent for Evald Kleppe som leia utbygginga av verftsanlegget. 

To gonger hadde han permisjon frå jobben på Stord Veft for å dra til Chile der norske sildoljeprodusentar fann ein marknad.  Ein av dei var Gjertsen & Co i Bergen som etablerte seg nord i Ekike – mot grensa til Peru.

«Dei hadde ein stor snurpar som dei tok med seg til Chile, «Senior».  Før den drog, teikna eg to 36 fots spesialdoryar som me bygde ved Leirvik Sveis.  Dei var heilt spesielle på fasong og vart utstyrte med kraftblokk.  Båtane skulle brukast i «ancheta»-fisket utanfor Peru.

Båtane fungerte veldig fint – ei stund.  Men så ein dag «Senior» var på veg til feltet, vart dei to doryane liggjande ved sida av kvarandre bak den.  Det gjekk ikkje betre enn at dei gjekk mot kvarandre, velta og sokk.  «Senior» var utan doryar.  Ikkje lenge etter kom det ein telefon til far min.  Om me kunne senda nokon over for å byggja to nye doryar?  På den tida jobba eg ved teiknekontoret til Stord Verft.  Eg fekk tre månaders permisjon og reiste til Chile. 

Dei to nye doryane bygde me på fabrikken til Gjertsen & Co.  Eg drog rundt på pampasen for å få tak i stål. Men det var lite verktøy å hjelpa seg med.  Likevel greidde me å byggja to komplette doryar på to månader.  Chilenarane kunne ikkje norsk.  Eg kunne ikkje spansk.  Dermed måtte eg gjera alt to gonger.  Først visa chilenarane korleis dei skulle halda platene – og så gjera jobben sjølv.

Nest gong eg drog til Chile, vart eg tilsett som driftsingeniør og hadde ansvaret for fiskebåtane til fabrikken.  Dei hadde fleire snurpebåtar utstyr med kraftblokk.  I så måte låg dei litt føre Noreg.»

(Per. O Bjelland)

Du må koma heim og teikna ein båt

Mot slutten av 60-åra sto det brått ein brasilianar i Aslaksvik.

«Det kom dinglande inn ein brasilianar ein dag», fortalte kontorsjef Bjørn Karlssontil  avisa  – og eit par dagar etterpå vart det skreve kontrakt på ein 90 fots hekktrålar i stål.  Ikkje veit eg korleis han fann fram til oss, men han enda vertfall her etter ei tid på måfå i Oslo og seinare nokre dagar i Bergen.  Sidan har me hatt besøk av ytterlegare to søramerikanske delegasjonar, utan at det i det siste tilfellet føreligg noko konkret om ordre.  Men det er då ei ganske pussig utvikling, som me videre ser med en viss spenning.»

«Eg var i Haugesund den dagen.  Far fekk tak i meg på Bjoa.  Eg måtte koma heim snarast mulig for å laga ei teikning til dagen etter.  Det var starten på «Iemanja» (Sjøløva).   Ein innvikla avansert båt med tankar for å føra levande fisk.  Den vart utstyrt med isolerte tankar med kjøleelement.  Der sirkulerte kaldt vatn, slik at fisken kunne fraktast levande i land etter dagsturar på feltet.

Om den fungerte?
Tilbakemeldingane gjekk ut på at ingen ting fungerte.

Brasilianarane fekk problem med teknikken.  Ein bergensar som var over eit par gonger var med dei ut på feltet.  Då hadde dei gode fangstar kvar gong.  Det var ikkje noko gale med båten.  Fiskarane kunne berre ikkje bruka utstyret om bord.»

(Per. O Bjelland)

Den første båten han teikna for Leirvik Sveis, var fiskebåten Broegg, levert i 1966.  deretter teikna han sju båtar til;  Malmen (fiskebåt), Langsund (fiskebåt) Sterke Nils (slepebåt) Sjøhesten (taretrålar) Svedrupson (Linebåt) Iemanja (Hekktråler) og Frøyaren (linebåt).

Trålaren “Broegg” (bnr. 25)
Sterke Nils – den einaste «store» slepebåten frå Leirvik Sveis (bnr. 33)
Frøyaren – siste fiskebåten Leirvik Sveis bygde (1970)

Ei fantastisk læretid

«Eg jobba på Leirvik Sveis frå 1969 til 1979 og hadde eit fantastisk tiår der.  Det eg kan, har eg lært der» – fortalte Karl Sandvik, ein av gründerane av skipskonsulentane Vik & Sandvik i Fitjar.

«Per O. Bjelland var veldig flink til å læra frå seg.  Me var berre to på teknisk kontor på Leirvik Sveis den tida.  Han og eg.  Og Per gav meg stadig nye utfordringar.  Eg vil seia det så sterkt at det aldri hadde vorte noko firma Vik & Sandvik i Fitjar utan Per O. Bjelland.

Han teikna ikkje berre båtar for Leirvik Sveis.  Etter at Sveisen slutta med båtbygging, teikna han båtar for Eidsvik Skipsbyggeri A/S i Uskedalen.  Og då Th. Hellesøy Skipsbyggeri A/S på Løfallstrand la om frå tre- til stålbåtar i midten av 70-åra, teikna han også for dei – på kveldstid.  Eg var  med på det, men fordi Per på den tida fekk stadig meir å gjera med bustadmodular, fall meir og meir av båtteikninga på meg.  Eigentleg var det starten på verksemda Vik & Sandvik som vart etablert på Fitjar.»

(ref. Karl Sandvik)