Leirvik fyller 75 år!

I heile fem år pendla slepebåten med den gamle lekteren mellom Kjøtteinen og Aslaksvik. På innturen hadde dei med seg ferdigbrende stålplater – heim att tok dei ferdige seksjonar som vart montert saman med andre til supertankarar på 220.00 og 285.000 tonn.
1970-åra

Seksjonsbygging for Stord Verft

Mens Stord Verft hadde meir enn full sysselsetting med bygging av supertankarar mot slutten av 60-åra, sleit  Leirvik Sveis med å få nye oppdrag.  Dansk fiasko skulle bli Leirvik Sveis-suksess. 

Aker hadde i 1968 sett bort arbeidet med å byggja seks store tankseksjonar til det danske verftet Burmeister & Wein for å stetta reiarane sine ynskje og krav om stadig fleire (og større) tankskip.  Men danskane greidde slett ikkje å halda dei strenge tidsfristane.  Etter to år med stadig forseinkingar og forskyvingar i produksjonsprogrammet, kutta Stord Verft ut det danske verftet.  Tangen Verft og BMV måtte overta dei oppdraga danskane skulle ha gjort.

Heilt enkelt var det ikkje å rekruttera nye folk på den tida heller.  Det var kort sagt mangel på fagfolk over alt.

Adm. Dir. Hans A. Isaksen ved Stord Verft valde å satsa tungt på fleire lokale underleverandørar for å auka verftet sin eigen kapasitet.  Han inngjekk ein samarbeidsavtale med bl.a. Leirvik Sveis og Gravdal Skipsbyggeri på Sunde.

«Eigentleg hadde me bestemt oss for å halda fram med å byggja skip – opp til 2.000 tonn.  Det var difor me i 1969 sette i gong med å planera eit større areal i Aslaksvikjo.  Traverskranen vart innkjøpt og montert på søyler delvis ute i sjøen.  Ny bedding skulle me også laga.  Men før me kom så langt, tok Isaksen kontakt.  Verftet hadde kolossale problem med å halda leveringstida for supertankarane.  Det vart til at me teikna kontrakten på bygging av tankskips-seksjonar for Stord Verft i 1970.  I fem å skulle me koma til å bruka all vår kapasitet på dette.  Det høvde godt for begge partar.  Kontrakten gjaldt for eit år om gongen, men Stord Verft hadde ein veldig lang horisont for sin tankskipsproduksjon.  Me var lova arbeid «i all evighet».  Evigheten tok slutt i 1975.  Då leverte me den siste seksjonen til Stord Verft.

I heile fem år pendla slepebåten med den gamle lekteren mellom Kjøtteinen og Aslaksvik. På innturen hadde dei med seg ferdigbrende stålplater – heim att tok dei ferdige seksjonar som vart montert saman med andre til supertankarar på 220.00 og 285.000 tonn.

Det var kun stålarbeid me gjorde for verftet.  Den gamle lekteren, Stord Verft sitt første byggenummer, pendla att og fram mellom Kjøtteinen og Aslaksvik desse fem travle åra. Frå verftet var den lasta med ferdig tilskorne og valsa stålplater til oss.  Profilane kutta me sjølve og sveiste det heile saman til seksjonar.  I retur tok lekteren ferdige seksjonar. 

På det meste leverte me ein 50 tonns seksjon til dagen!  Seinare bygde me også 90 tonns seksjonar.  Kranen vår vart for liten.  Me måtte investera i ein ny 50 tonns kran for å kunna løfte seksjonane ombord på lekteren.

Stålgjennomgangen vår var oppe i mellom 10.000 og 12.000 tonn i året!

I desse åra hadde me ein arbeidsstyrke på 50 stålarbeidarar ute.  Sjølv om verftet leverte ferdig kutta og valsa plater, var det hektiske dagar for folka våre.  Noko av sveisinga vart gjort automatisk, men det var framleis mykje handsveis.  På den tida var det ikkje snakk om sveiseprosedyrar.  Det var om å gjera å bruke ein tjukk elektrode for å fylla mest mogleg av sveisefugen.» (Per O. Bjelland)

Det var først og fremst botn- og dekksseksjonar Leirvik Sveis bygde for Kjøtteinen.  Først til 220.000-tonnarane.  I tillegg laga Seglneset gangvegar, trapper, rekkverk og ymse anna stålutrustning for dei same skipa.  Rekordåret leverte dei 10.500 tonn seksjonar og 1.500 tonn utrustning til tankskipa. Både Stord Verft og Leirvik Sveis tente pengar på dette.  Alle var nøgde.