I dag har me eit breitt ingeniørmiljø som utviklar teknologi og løysingar som vert nytta for å byggja og vedlikehalda bustadhotell, både på eige verft på Stord og offshore. Ein unik kompetanse som me no også tar med oss inn i nye områder; akvakultur, infrastruktur og havvind.
Spennande innblikk og saker frå historia vår vil bli lagt inn på denne sida i tida som kjem. Dei første 50 åra er historiane basert på utdrag frå jubileumsboka frå 1996, med forfattar Alf Terje Myklebust – følg med!